Landskap, økologi og klima

Forskargruppa jobbar både med økologiske og samfunnsvitskaplege problemstillingar. Forskinga har stor relevans for viktige samfunnsutfordringar som til dømes nedbygging av natur og menneskeskapte klimaendringar.

Innan dei dei samfunnsvitskapelege temaa har vi spesielt fokus på naturforvalting og bærekraftig utvikling av byar og tettstadar.

Den økologiske forskinga spenner frå kulturlandskapsfeltet, vegetasjonsøkologi, landskapsøkologi, restaureringsøkologi, med spesielt fokus på vassdragsutbygging, til klimaforsking med fokus på vegetasjonsendringar, fenologi og pollineringsøkologi. Vi jobbar også med populasjonsbiologi, invasjon av framande arter, plante-dyr interaksjonar og viltforvaltning.

Forskinga vår har stor relevans for viktige samfunnsutfordringar som, til dømes, den kontinuerlege nedbygginga av natur og dei menneskeskapte klimaendringane. Difor utviklar vi kompetansen vår på klimatilpassing og økologiske problemstillingar innanfor klimaforskinga. Det neste tiåret har dessutan FN peikt ut til være tiåret for restaureringsøkologi. Dette fagområdet har lange forskingstradisjonar hjå oss.

Forskargruppa omfattar økologar, planleggarar og landskapsarkitektar. Vi har eit breitt fagleg nettverk, og vi samarbeider med forskarar frå universitet i hele Europa, Canada, USA, og New Zealand.

I tillegg til ein tverrfagleg master i Climate Change Management, har vi ein bachelorutdanning i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Vi tilbyr studentoppgåver i begge utdanningane innanfor tema vi forskar på. Fagmiljøet omfattar per dags dato to PhD-studentar. 

Forskingsprosjekt

Forskargruppeleiar

bilde av Knut Rydgren

Knut Rydgren

Professor