Førsteamanuensis

Inger Auestad

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er botanikar og økolog, og er glad i både ville og tamme planter. Derfor driv eg feltarbeid og forsking både i kulturlandskapet, i tettstader, i fjellet og i skogen.

Eg er oppteken av korleis menneskeleg aktivitet påverkar naturen, og vil gjerne bidra til berekraftig forvalting, restaurering og bevaring av biologisk mangfald. Nokre av prosjekta eg er med på er:

Tidlegare prosjekt:

  • Grøn infrastruktur i og rundt tettstader (Surround)
  • Restauerering av steintippar etter kraftutbygging i fjellet (Release)
  • Restaurering av kulturlandskap (Opplevingslandskap Kaupanger)
  • Invaderande framande artar - særleg sitkagran på Vestlandet (Sitka)

 

Elles skriv eg om stort og smått i naturen i vitskapsbloggen Vill vest.

Underviser i

Eg underviser på programma Bachelor i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og Master in climate change management

  • BI424 Grunnkurs i botanikk
  • BI434 Vegetasjonsøkologi
  • ME4-300 Scientific writing and theory of science
Forskar på
  • Restaurering av kulturmark, myr og alpin vegetasjon
  • Vegetasjonsøkologi, spesielt i kulturmark
  • Urban økologi og vegetasjon, spesielt vegkantar
  • Populasjonsbiologi
  • Frøbank
Forskargrupper