Arbeids- og kompetanseområde
Eg er geograf og er veldig opptatt av korleis vi brukar og bestemmer over områda rundt oss.
Undervisninga mi føregår på masterprogrammet Climate change management og på bachelorprogramma Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, Fornybar energi og Geologi og geofare.
Eg vil gjerne inspirere studentar og andre til å interessere seg for kva som skjer på dei stadene vi bur og brukar, og at vi alle er med på å forme omverda vår på ulike måtar. Stader oppstår i samspel mellom omgjevnader og menneske; landskapet påverkar menneska og menneske påverkar landskapet. Eg håpar at studentane hos oss får lyst til å prøve å finne gode løysingar både for lokalsamfunn og med tanke på globale utfordringar.
Nokre av mine forskingstema:
- Planlegging og planutdanning for berekraft: Kva er gode metodar for å implementere FN sine berekraftsmål i lokal og regional planlegging, og kva er planutdanningar si rolle i dette arbeidet?
- Samproduksjon og bruk av kunnskap: Kva aktørar er involverte, på kva måtar, og korleis blir ulike typar kunnskap integrert i planlegging og forvaltning av areal og natur?
- Berekraftig tettstadutvikling: Korleis utviklar tettstader og småbyar seg, og kva effektar har dette for miljø og menneske?
- Medverking, deltaking og demokrati: Kva samanheng er det mellom metodar og målsetjingar i medverking, og korleis svarar dette til ulike demokratiideal?
- Arealplanlegging: På kva måte inneber arealplanlegging vekting mellom miljø- og landskapsomsyn (kva vi planlegg) og prosess (korleis vi planlegg)?
Sjå også forskarprofilen min på Cristin, ved å følge lenke i margen til høgre
- PL4-304 Climate adaptation in spatial planning (emneansvarleg, M.Sc)
- PL471 Kulturminneforvaltning (emneansvarleg, B.Sc)
- PL413 Miljø- og forvaltningsrett (B.Sc)
- PL416 Landskapsanalyse (B.Sc)
- PL417 Arealplanlegging (B.Sc)
- PL418 Reguleringsplanlegging (B.Sc)
- PL433 Innføring i arealplanlegging (B.Sc)
- Planlegging for berekraft
- Samproduksjon og bruk av kunnskap i planlegging og forvaltning
- Berekraftig tettstadsutvikling
- Medverking, deltaking og demokrati
- Arealplanlegging