Arbeids- og kompetanseområde
Eg er økolog og underviser på bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, og er for tida også studieprogramansvarleg for denne utdanninga.
Eg syns det er spennande å studere samspelet mellom natur og kultur, og korleis vi menneske påverkar landskapet rundt oss. Eg forskar på landskapsendringar over tid, både i det tradisjonelle kulturlandskapet og i tettstadene våre, ved hjelp av historiske kart og flyfoto, med GIS som eit viktig verktøy. Eg jobbar primært med effekta av endringar på vegetasjon, på skala frå landskap til poulasjonar av artar. Eg har jobba mykje med tradisjonelt kulturlandskap, men også fjellvegetasjon og vegetasjon langs vegkantar.
Aktuelle prosjekt:
- Overvaking av artsrik slåttemark i Sogn og Fjordane
- Deltek i det internasjonale nettverket PLANTPOPNET, som studerer kva abiotiske og biotiske drivarar som bestemmer førekomst og overleving av arten smalkjempe (Plantago lanceolata) på globalt nivå.
Tidlegare prosjekt:
- SURROUND (Sustainable urbanisation requiremets of small and medium sized
urban settlements and their surroundings). Arbeidspakke 2: Grøn infrastruktur - korleis har fortetting av urbane område påverka arealbruk og økosystemtenester i tettstader og deira omgjevnadar (2018-2022)
- PL 461 Kuturlandskapsskjøtsel
- BI 435 Landskapsøkologi
- Landskapsendringar ved hjelp av GIS
- Vegetasjonsøkologi, primært kulturmark
- Populasjonsbiologi