Personleg trenar - Friluftsliv - Idrett, trening og helse

Før praksisstart må du lese informasjonen nedanfor inkludert aktuell emneplan og studieplan.

Før praksisstart

Tildeling av praksisplass

Du vil bli tildelt praksisplass av praksiskoordinator i samarbeid med faglærar. Høgskulen på Vestlandet inngår avtalar med den enkelte praksisstad. Informasjon om kor du skal gjennomføre praksis vert lagt ut i kullrommet i Canvas.

Førebuing til praksis og planlegging av undervisning

Faglærar og praksiskoordinator informerer om praksis i undervisningsøkt i god tid før praksis. Når du har fått tildelt praksisplass har du ansvar for å ta kontakt med praksisrettleiar for å avtale oppmøtetid og stad.

Praksis ved dei ulike utdanningane 2024-2025

Årsstudium personleg trenar - Sogndal

Personleg trenar-rolla (PT104):

Praksis på treningssenter veke 11-12 våren 2025. 

Studieplan PT

Årsstudium Idrett og trening - Sogndal

  • Praksis vil gjennomførast på ulike arenaer, til dømes innan idretten eller i opplæring-/oppvekstsektoren.
  • Punktpraksis aktivitetsleiing knytt til emnet idrett/trening og aktivitetslære (ca. 20 arbeidstimar totalt: 10 timar hausten 2024 og 10 timar våren 2025).
  • Kan gjennomførast i perioden veke 39-15.

Studieplan

Årsstudium Kroppsøving og idrettsfag - Stord

Du skal ha tilsaman 40 dagar praksis på årsstudium Kroppsøving og idrettsfag.

  • 30 dagar praksis i grunnskule: vert fordelt på 15 dagar på barnetrinn og 15 dagar på ungdomstrinn i haust og vårsemesteret. Praksislærar i grunnskulen skriv sluttvurdering som studenten lastar opp i Wiseflow.
  • Punktpraksis i idrettslag/SFO gjennom heile studieåret. Praksis vert fordelt på kortare økter og tilsvarar totalt ca 10 arbeidsdagar. Fagansvarleg ved HVL skaffar praksisplass og sørger for rettleiing og vurdering av studenten.

Meir informasjon kjem.

Bachelor i friluftsliv, praksis 2.studieår

Friluftsliv vinter (FRIB-202):

To veker samanhengande praksis i skuleverketinstitusjonar i helsesektoren eller andre friluftslivsrelevante instutisjonar våren 2025 i veke 11 og 12.

Vurderingsskjema for praksis B2 Friluftsliv

Studieplan

Bachelor i idrett, trening og helse: Idrett, trening og prestasjon

Studieretning idrett, trening og prestasjon

1.studieår: 

  • Punktpraksis aktivitetsleiing (ca. 20 arbeidstimar totalt: 10 timar hausten 2024 og 10 timar våren 2025).
  • Kan gjennomførast i perioden veke 39-15.

2.studieår:

Coaching og trenarrolla (BIDR202) og Ferdigheitslæring (BIDR203)

  • Praksis i eit idrettslag / treningsgruppe, punktpraksis 40 timar.
  • 20 timar på kvart emne i perioden veke 4-15 våren 2025. 

3. studieår:

Sport - kultur - leiing (BIDR301)

Studentane skal i grupper på inntil fire gjennomføre praksis i ein idrettsorganisasjon (frivillig eller profesjonell) tilsvarande to arbeidsveker. Praksisperioden kan bli organisert over to veker eller etter avtale med emneansvarleg gå over ein lengre periode.

Praksisperioden er veke 5 og 6

Studieplan

Vurderingsskjema kjem seinare. 

Bachelor idrett, trening og helse: Trening, fysisk aktivitet og helse

Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse  

1. studieår:

Punktpraksis 20 timar. Gjennomførast i veke 1-17 våren 2025.

2.studieår: 

Førebyggjande fysisk aktivitet (BIDR211):

Treningsplanlegging og treningsrettleiing, punktpraksis hausten 2024 (20 arbeidstimar i veke 37-46). 

Helsepedagogikk (BIDR212): i perioden veke 5-10 våren 2025 

Det er to praksisperiodar i emnet: 

  • Arbeidslivspraksis på treningssenter med arbeidsmengde tilsvarande to veker (veke 5-6 våren 2025).
  • Arbeidslivpraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering, sammanhengande fire veker (veke 7-10 våren 2025).

3. studieår: 

Aktivitetsmedisin (BIDR311):

Arbeidslivspraksis. Praksisperiode på to veker (veke 5 og 6 våren 2025) skal gjennomførast ved ein praksisplass som er fagleg relevant innan trening, fysisk aktivitet og helse. Studentane må sjølve finne seg praksisplass.    

Studieplan

Vurderingsskjema for praksis

Bachelor Idrett, trening og helse: PT, trening og helse

Studieretning PT, trening og helse  

1. studieår:

Praksis på treningssenter veke 11-12 våren 2025. 

Studieplan

Praksis ved dei ulike utdanningane 2023-2024

Årsstudium personleg trenar

Personleg trenar-rolla (PT104):

Praksis på treningssenter veke 11-12 våren 2024. 

Studieplan PT

Bachelor i friluftsliv, praksis 2.studieår

Friluftsliv vinter (FRIB-202):

To veker samanhengande praksis i skuleverket, institusjonar i helsesektoren eller andre friluftslivsrelevante instutisjonar våren 2024 i veke 11 og 12.

Vurderingsskjema for praksis B2 Friluftsliv

Studieplan

Bachelor i idrett, trening og helse: Idrett, trening og prestasjon

Studieretning idrett, trening og prestasjon 

1.studieår: 

Idrett og aktivitetslære (BIDR104)

  • Punktpraksis aktivitetsleiing (ca. 20 arbeidstimar totalt: 10 timar haust og 10 timar vår).
  • Kan gjennomførast i perioden veke 36-16.

2.studieår:

Coaching og trenarrolla (BIDR202) og Ferdigheitslæring (BIDR203)

  • Praksis i eit idrettslag / treningsgruppe, punktpraksis 40 timar.
  • 20 timar på kvart emne i perioden veke 4-16 våren 2024. 

3. studieår:

Sport - kultur - leiing (BIDR301)

Studentane skal i grupper på inntil fire gjennomføre praksis i ein idrettsorganisasjon (frivillig eller profesjonell) tilsvarande to arbeidsveker. Praksisperioden kan bli organisert over to veker eller etter avtale med emneansvarleg gå over ein lengre periode.

Praksisperioden er veke 5 og 6

Studieplan

Vurderingsskjema kjem seinare. 

 

Bachelor i idrett, trening og helse: Trening, fysisk aktivitet og helse

Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse  

1. studieår:

Trening og aktivitetslære (BIDR114)

Punktpraksis 20 timar. Gjennomførast i veke 1-17 våren 2024.

2.studieår: 

Førebyggjande fysisk aktivitet (BIDR211):

Treningsplanlegging og treningsrettleiing, punktpraksis hausten 2023 (20 arbeidstimar i veke 36-48). 

Helsepedagogikk (BIDR212): i perioden veke 5-10 våren 2024 

Det er to praksisperiodar i emnet: 

    1. Arbeidslivpraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering, sammanhengande fire veker (veke 7-10 våren 2024).
    2. Arbeidslivspraksis på treningssenterpraksis med arbeidsmengde tilsvarande to veker (veke 5-6 våren 2024).

3. studieår: 

Aktivitetsmedisin (BIDR311):

Arbeidslivspraksis. Praksisperiode på to veker (veke 5 og 6 våren 2024) skal gjennomførast ved ein praksisplass som er fagleg relevant innan trening, fysisk aktivitet og helse. Studentane må sjølve finne seg praksisplass.    

Studieplan

Vurderingsskjema for praksis

Vurdering av praksis

Om vurdering og innlevering av praksisvurdering

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis ønsker vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Dette vert gjort i undervisningsøkt etter praksis.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Dette må alle kjenne til: