Hopp til innhald

BIDR301 Sport, kultur og leiing

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Sport, kultur og leiing handlar om å gje studenten kunnskap og forståing om korleis nasjonale og internasjonale idrettsorganisasjonar, stat og marknad pregar og har prega utviklinga av idrettsfeltet. Emnet tek òg føre seg relevante idrettshistoriske, idrettssosiologiske og idrettsfilosofiske perspektiv med tema som leiarutfordringar, ungdom og idrett, idrett og media, idrett og kjønn og idrettens skuggesider.

Studentane skal i grupper på inntil fire gjennomføre praksis i ein idrettsorganisasjon (frivillig eller profesjonell) tilsvarande to arbeidsveker. Praksisperioden kan bli organisert over to veker eller etter avtale med emneansvarleg gå over ein lengre periode.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om samanhengen mellom idrett og politikk
  • har brei kunnskap om sentrale problemstillingar innan idrett, trening, fysisk aktivitet og helse
  • har kunnskap om leiing i organisasjonar og kjennskap til strategiske problemstillingar i ein organisasjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for og drøfte problemstillingar og etiske perspektiv innan idrett, trening, fysisk aktivitet og helse
  • kan hente fram døme frå samfunnsdebatten og drøfte idrettens utvikling, utfordringar og rolle i samfunnet.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det lyser opp ei problemstilling

Generell kompetanse

Studenten

  • har god innsikt i og forstår korleis nasjonale og internasjonale prosessar pregar utviklinga på idrettsfeltet
  • har god innsikt i og forstår leiarutfordringar innanfor frivillige og profesjonelle organisasjonar
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt med tema som idrett og politikk, ungdom og idrett, idrett og media, idrett og kjønn, leiarutfordringar og idrettens skuggesider.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF102 Idrett og samfunn

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, praksis, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld i stor grad teoretiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Framlegging av gruppearbeid med påfølgjande skriftleg innlevering (idrettspolitikk).

Denne læringsaktiviteten er knytt opp mot læringsutbytte om kunnskap om samanhengen mellom idrett og politikk, samt at studenten skal ha innsikt i og forstå korleis nasjonale og internasjonale prosessar pregar utviklinga på idrettsfeltet.

  • Praksis og praksisrapport i gruppe på inntil fire studentar

Dette kan knytast opp mot læringsutbytta om å ha kunnskap om leiing i og av organisasjonar og strategiske problemstillingar og at studenten forstår leiiarutfordringar innanfor frivillige og profesjonelle organisasjonar.

  • Gruppearbeid og individuell skriftleg oppgåve. Seminardagar med idémyldring og gruppearbeid. Det arbeidet gruppa jobbar med skal leia kvar enkelt student inn mot si individuelle skriftlege oppgåve.

Denne læringsaktiviteten kan knytast opp mot alle læringsutbytta, alt etter korleis studentane vinklar gruppeoppgåva og den individuelle oppgåva. Særskilt relevant er likevel at studenten skal kunne gjere greie for og drøfte problemstillingar og etiske perspektiv innan idrett, trening fysisk aktivitet og helse og at studenten kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt med tema idrett og politikk, ungdom og idrett, idrett og media, idrett og kjønn, leiarutfordringar og idrettens skuggesider.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 3 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel