Høgskulen på Vestlandet bidreg til det grøne skiftet i India
Noreg ser mot India. Det same gjer HVL. I desse dagar er høgskulen medarrangør for ein klimakonferanse i Delhi og ein forskingskonferanse i Coimbatore. – På reisa presenterer vi ny forsking, signerer avtalar og diskuterer hydrogenkurs til indiske næringslivsleiarar, seier HVL-professor Dhayalan Velauthapillai.
India er mykje omtalt i det geopolitiske ordskiftet om dagen, og for Noreg blir kryssingspunkta stadig fleire.
I ein kronikk i E24 frå næringsminister Jan Christian Vestre og utanriksminister Anniken Huitfeldt kom det fram at om lag 120 norske selskap har fått fotfeste på den indiske marknaden. Dette gjeld mellom anna store aktørar som Statkraft, Equinor, Aker Solutions, DNV, Kongsberg, Yara, Jotun og Orkla.
Ny forsking på grøn hydrogen
Samstundes har forskingssamarbeid mellom Noreg og India fått auka merksemd. No investerer norske myndigheiter, inkludert Forskningsrådet, over 100 millionar kroner i år i felles norsk-indiske forskingsprosjekt med minst éin indisk forskingsinstitusjon.
– India har ein visjon om å bli den tredje største økonomien i verda samtidig som dei satsar på grønt hydrogen, biogass og andre fornybare kjelder. Dette gir oss moglegheiter, seier Dhayalan Velauthapillai.
Han er professor i fysikk og teknologi ved Høgskulen på Vestlandet, og har i fleire tiår hatt tett samarbeid med universitet både på Sri Lanka og i India. I dessse dagar tek HVL sitt grøne India-samarbeid nye steg.
P.Ravirajan (University of Jaffna), Ola Elvestuen, Erik Solheim, Dhayalan Velauthapillai og Geir Kåre Resaland. Foto: Maren Stallemo
Medarrangør for klimakonferanse i Delhi
Ein delegasjon av forskarar og leiarar frå HVL er i desse dagar i India for mellom anna å ta del i den tredje internasjonale klimakonferansen (ICS 2023) som finn stad i Delhi.
– For å nå klimamåla, må vi samarbeide om utdanning og forsking både nasjonalt og internasjonalt. Vi ser også kor viktig det er å utvikle samarbeid mellom norsk og indisk næringsliv. Her kan vi bruke våre nettverk til å vere eit bindeledd, seier Geir Kåre Resaland, fungerande prorektor for forsking ved HVL.
Stortingsrepresentant for Venstre, Ola Elvestuen, deltok også på klimakonferansen i Delhi. Han meiner at India blir viktigare for verda for kvart år som går.
– For å få til ei grøn omstilling raskt nok til å nå måla under Parisavtalen og ta vare på natur er vi avhengige av eit godt samarbeid med India. Det gir samtidig store moglegheiter både for næringsutvikling og samarbeid innan forsking og utdanning. No er det avgjerende at vi er til stades i India med høge nok ambisjonar, seier han.
HVL har gode erfaringar frå Sri Lanka
Høgskulen på Vestlandet har gode erfaringar med partnarskap om grøn teknologi i denne delen av verda. I 2018 inviterte HVL med seg 16 norske bedrifter til Sri Lanka for å møte universitet og næringsliv der for å diskutere fornybarprosjekt i landet.
– Fem av bedriftene er framleis aktive på Sri Lanka, noko som har resultert i ein flytane solcellepark ved Universitetet i Jaffna. Dette er erfaringar som vi no vil ta med oss til India, fortel professoren.
Kurs i hydrogen for indisk næringsliv
I tillegg til innlegg på den store klimakonferansen, har forskarar ved HVL etablert eit kurs om hydrogen for indiske næringslivsleiarar. Kursa byggjer på noko HVL allereie har gjennomført for næringsliv på Vestlandet og er planlagt gjennomført i India i samarbeid med PHDCCI Centre of Excellence in Green Hydrogen og Greenstat.
Greenstat Group er eit norsk selskap innan grøn energi og teknologi som satsar på grøn hydrogen, solenergi, vindenergi og nullutsleppsløysningar for maritim sektor.
– HVL er glade for å vere kunnskapspartnarar i det nyetablerte PHDCCI Centre of Excellence for Hydrogen. Vi håpar å kunne bidra med kurs i hydrogenteknologi for indisk næringsliv, samt med vår erfaring innan innovasjon og etablering av verdikjeder for hydrogen, seier førsteamanuensis ved HVL og nestleiar i FME HyValue, Velaug Myrseth Oltedal.
Den norske ambassadøren til India, May-Elin Stener uttrykte begeistring under klimakonferansen.
– Dette er gode teikn for det framtidige partnarskapet mellom India og Noreg, seier ho.
Rektor Gunnar Yttri fornya avtalen mellom HVL og Coimbatore Institute of Technology under India-opphaldet.
Konferanse om nanoteknologi i Sør-India
Etter Delhi-opphaldet, har fleire frå HVL reist vidare til Coimbatore i Sør-India. Rektor Gunnar Yttri leier denne delen av reisa.
– Det er givande dagar som krinsar rundt den internasjonale konferansen som HVL arrangerer saman med Coimbatore Institute of Technology og University of Jaffna på Sri Lanka, seier han.
Under AMCHEA-konferansen presenterer 200 forskarar, deriblant HVL-forskarar studiar på bruk av nanoteknologi i framstillinga av rein energi og bruk til helseføremål.
HVL har hatt samarbeid med desse to institusjonane sidan 2015, men under opphaldet blei samarbeidslinjene styrka gjennom fornying av avtalane.
Faktaboks: HVL og det grøne skiftet
- HVL tilbyr tverrfaglege studium innan rein energiteknologi og miljøvitskap på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, i tillegg til vidareutdanning.
- Forskinga innan energi- og miljøteknologi fokuserer på energisystem, rein energiproduksjon (sol, hydrogen, vind osv.) og lagringsteknologiar (batteri, hydrogen), miljø- og energipolitikk, energiøkonomi og investeringar, berekraftig utvikling, klimaendringar, glacialdynamikk, hydrologi, risiko- og sårbarheitsvurdering, klimatilpassing og arealplanlegging.
- HVL er partnar i to nasjonale senter for miljøvennleg energiforsking: HyValue og NTRANS. Sentra er finansiert av Forskningsrådet i Norge.
- HVL har fleire samarbeidsprosjekt innan høgare utdanning og forsking med indiske universitet.
- 10 millionar til internasjonalt partnarskap for framragande utdanning, forsking og innovasjon
- UTFORSK-midlar til utdanningssamarbeid om entreprenørskap, fornybar energi og global kompetanse