Arbeids- og kompetanseområde
Eg er tilsett som prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet. Åremålsstillinga gjeld frå 1.august 2021 til 31. juli 2025.
Eg er utdanna frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (grunnfag i samfunnsfag, engelsk og idrett, samt mellomfag idrett og PPU) og Norges idrettshøgskole, Oslo (mellomfag, hovudfag og doktorgrad).
Eg har vore tilsett ved Høgskulen på Vestlandet/Høgskulen Sogn og Fjordane sidan 2001.
I perioden 2017-2021 var eg professor i Idrettsvitskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Eg har publisert 76 fagfellevurderte artiklar i internasjonale tidsskrift og vore på forskaropphald ved to høve: University College Dublin, Irland og University of Texas, Austin, USA.
I perioden 2018 til 2021 var eg grunnleggar og leiar for Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL). I same periode var eg leiar for ACTivate, eit Erasmus+ samarbeidsprosjekt mellom Norge, Danmark, England, Nederland, Finland og Portugal.
perioden frå 1. juni til 31. desember 2023 fungerte eg som prorektor for forsking.