Førsteamanuensis

Velaug Myrseth Oltedal

Arbeids- og kompetanseområde

Eg har doktorgrad i fysikalsk kjemi, og har jobba tverrfagleg med forsking innan nanoteknologi, petroleum (boring og brønn) og grøn energi. Noværande forskingsinteresser er grøn energi og hydrogenteknologi. Pågåande forskingsaktivitetar inkluderer mogelegheit for hydrogenproduksjon frå offshore vind, lagringsmetodar, produksjon av hydrogen frå innestengt kraft og elektrolyse frå saltvatn.

Eg underviser eit emne i Hydrogenteknologi, rettleier studentoppgåver (bachelor, master og PhD) og har overordna ansvar for etter- og vidareutdanningskurs som HVL tilbyr innan hydrogen.

Eg er nestleiar for FME HyValue, eit forskingssenter på hydrogen og hydrogenbaserte energiberarar, der eg også har rolla som Innovation and Exploitation Manager. Du kan finne meir info om HyValue her: HyValue

Les meir om hydrogen ved HVL her.

Underviser i
  • Hydrogenteknologi
  • Brenselceller, elektrolyse
Forskar på
  • Hydrogen som energiberar
  • Grøn energi
Forskargrupper