Kvifor studere Sentral teori om migrasjonshelse?
Krig, dårleg levestandard og arbeidsløyse er viktige årsakar til at folk flyktar frå sine heimland. Ved å studere Sentral teori om migrasjonshelse vil du få moglegheita til å dykke inn i ulike teoriar rundt migrasjon. Vi vil mellom anna sjå på kva rolle helsepersonell spelar for deteksjon av brot på menneskerettane og du vil lære å iverksette tiltak etter behov.
Kva lærer du?
Etter å ha gjennomført kurset vil du ha kunnskap...
- om teoriar rundt migrasjonshelse,
- om menneskerettar og korleis detektere brot på desse,
- til å vurdere og dokumentere helsefunksjon og funksjonshemming som stammar frå migrasjonsprosessen,
- til å kjenne att brot på menneskerettar og iverksette tiltak etter behov.
Målgruppe
Kurset er for klinikarar, leiarar og administrativt tilsette i helserelaterte organisasjonar. Det er på masternivå og krever bachelorgrad.
Digital undervisningsform
Dette emnet er eit heildigitalt emne som består av innspelte forelesingar, oppgåver og anna digitalt materiale. Studenten skal arbeide med ei oppgåve gjennom heile emnet for å synleggjere oppnåing av læringsutbyta. Det blir gitt rettleiing på dette arbeidet.
Eksamensform
Skriftleg, individuell oppgåve på 1500 ord +/- 10%