Fagseksjonsleiar

Maria Nordheim Alme

Arbeids- og kompetanseområde

Fagseksjonleiar ved Fagseksjon global helse og rehabilitering. 

Eg har bakgrunn som forskar innan nevrovitskap (UiB og University of Virginia) og har tidlegare undervist i fysiologi her ved HVL. No leier eg Fagseksjon global helse og rehabilitering, som er ein tverrfagleg seksjon ved Institutt for helse og funksjon. Eg jobbar særleg med kompetansebygging for dagens samfunnsbehov, migrasjon og aldring. Eit viktig aspekt ved dette er korleis vi strukturer utdanning for å sikre at vi kan bygge kompetanse der det er behov for det. Dette går mellom anna på desentralisering, internasjonalisering, digitalisering, fleksibilitet, vurderingsmetodar og kontakt med praksis og sivilsamfunn.

Eg leier prosjekta "Health equity through education for a sustainable society, HEQED" (Erasmus+) der vi jobbar med å forstå korleis vi fremmer likeverdig helse gjennom utdanning, "Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell" (Hkdir) der vi utviklar eit vidareutdanningsprogram innanfor helse, migrasjon og aldring og EMDM Master in health Equity der vi utviklar eit felles masterprogram i likeverdig helse (Erasmus Mundus Design Measures). Eg var også leiar for Eramus+-prosjektet "Physiotherapy and Refugees Education Project, PREP", 2018 - 2021.  

Nylege publikasjonar:

Ved Seksjon global helse og rehabilitering driftar vi masterprogrammet "Master healthy ageing and rehabilitation" og vidareutdanningsprogrammet "Helse, migrasjon og aldring", som er eit program tilpassa fleksibel og desentralisert utdanning. Forskinga vår er retta mot aldring, migrasjon og internasjonal utdanning. Aldring og migrasjon er dei to viktigste årsakene til dei demografiske endringane vi har globalt og i Noreg, og vi er i er særleg interessert i å forstå korleis vi kan handtere desse endringane i tida framover. 

Tilsette i seksjonen
Maria Nordheim Alme, fagseskjonsleiar, førsteamanuensis
Yaliso Yaya Balla, førsteamanuensis
Mariya Stoyanova Bikova, førsteamanuensis
Alemayehu Hailu. førsteamanuensis 
Djenana Jalovcic, førsteamanuensis
Mike Landry, professor
Hanne Tuntland, dosent
Graziella Van den Bergh, førsteamanuensis
Esperanza Diaz, professor II

 

Underviser i

Eg er involvert som rettleiar og evaluator i dei fleste emne i masterprogrammet "Healthy ageing and rehabilitation".

Eg er programkoordinator for vidareutdanningsprogrammet "Helse, migrasjon og aldring" der eg er emneansvarleg for emna

  • HMA803: Meg som leiar
  • HMA804: Leiingsteori innen rehabilitering
  • HMA805: Gruppeleiing innan rehabilitering
  • HMA806: Effekt av migrasjon på helse
  • HMA807: Sentral teori om migrasjonshelse
  • HMA808: Migrasjon, helsesystem og helsebehov

I tillegg er eg innom fysiologiundervisninga ved instituttet når det er behov for det. 

Forskar på

Prosjekt

  • Dei nye eldre - utvikling og organisering av likeverdige kommunale tenester (prosjektleiar)
  • Erasmus Mundus Design Measures, 2023 - 2024 (koordinator)
  • Desentralisert videreutdanning for helsepersonell (2022 - 2026, hkdir, leiar for prosjektet)
  • HEQED (Health Equity in Education for a sustainable society, 2021 - 2024, Erasmus+, koordinator)
  • PREP (2018 - 2021, koordinator) og PREP IP (2021 - 2024), Erasmus+ https://prosjekt.hvl.no/prep/ 
  • Global Perception on Healthy Aging
  • Helsetenester for torturoverlevere i Norge 
Forskargrupper