Det siste kullet på denne vidareutdanninga blei tatt opp i 2023. Frå 2024 tilbyr vi ei ny vidareutdanning. Klikk for å lese om det nye studieprogrammet «Psykisk helse- og rusarbeid | tverrfaglig videreutdanning».
Kvifor studere rusproblematikk og rusarbeid?
Denne vidareutdanninga skal stimulere til fagleg utvikling, og den auka kompetansen du får skal kunne nyttast i samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.
Kva lærer du?
- Om ulike problemstillingar og perspektiv på rusrelaterte vanskar
- Om samansette utfordringar for brukar og hjelpeapparat
- Teoriar og metodar som er sentrale i arbeid med rusrelaterte utfordringar
- Å analysere hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
- Om samhandling på tvers av faggrupper og tenestenivå
- Å kunne reflektere kritisk over utforminga av hjelpetilbod
Kva kan du jobbe med?
Du kan jobbe innan
- barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakten
- barnehage og skule
- NAV
- kommunal rusteneste
- psykisk helsevern
- tverrfagleg spesialisert rusbehandling
Oppbygging av studiet
Haust 2023
RP5-401 Rusproblematikk - samansette utfordringar, 15 studiepoeng
Vår 2024
RP5-402 Rusproblematikk - rusarbeid og behandling, 15 studiepoeng
Haust 2024
PS1-300: Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk, 7,5 stp
PS1-301: Vitskapsteori, metode og etikk, 7,5 stp
Vår 2025
RP5-400 Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus, 15 studiepoeng
Samlingar
Det er 3–4 samlingar i kvart semester.
Plan for hausten 2023
- Veke 35 tysdag (start kl 11:30) til fredag (ferdig kl 11:30)
- Veke 39 tysdag (start kl 11:30) til fredag (ferdig kl 11:30)
- Veke 44 tysdag (start kl 11:30) til fredag (ferdig kl 11:30)
Plan for våren 2024
- Veke 4 tysdag (start kl 11:15) til fredag (ferdig kl 11:30)
- Veke 10 tysdag (start kl 11:15) til fredag (ferdig kl 11:30)
- Veke 16 tysdag (start kl 11:15) til fredag (ferdig kl 11:30)
Pensum
Du vil få informasjon om pensum når utdanninga startar.
Vil du studere meir?
Du kan bygge på vidareutdanninga med master i psykisk helse- og rusarbeid. Du kan søke om å få godskrive første del (60 studiepoeng) av masterstudiet.
Nokre av emna i vidareutdanninga i rusproblematikk kan inngå som valemne i master i samhandling og folkehelse, master i sosialvitenskap og master i familieterapi og relasjonelt arbeid. Les om korleis du kan søke om innpass.