Arbeids- og kompetanseområde
Eg er utdanna sosionom og familieterapeut med mastergrad i helse- og sosialfagleg arbeid med barn og unge og doktorgrad i sosialt arbeid og sosialpolitikk. Etter å ha arbeidd med rusbehandling i fleire år begynte eg å arbeide ved Høgskulen i 2005. Sidan då har eg i all hovudsak arbeidd med sosialfaglege og rusrelaterte problemstillingar. I doktorgradsarbeidet undersøkte eg dei kulturelle forståingane som ligg til grunn for korleis rusproblem og rusarbeid vert forstått. Eg arbeider no mest med to forskingsprosjekt:
a) Challenges of Participation (CHAPAR) som har som mål å utvikle kunnskap om vilkår for individuell og kollektiv medverknad når brukarar sin autonomi er utfordra i helse- og velferdstenester. Eg leiar arbeidet med arbeidspakke 3 brukarmedverknad for menneske med rusproblem. https://www.chapar.no/
b) Etterlatte ved narkotikarelatert død - i et recoveryperspektiv» (END) som forskar på konsekvensane og belastningane narkotikarelaterte dødsfall har for nære etterlatne. Saman med Kristine Berg Titlestad er eg prosjektleder for END-prosjektet.
Eg er nest-leiar i forskargruppa oppvekst, rus og sosial marginalisering https://www.hvl.no/forsking/gruppe/oppvekst-rus-og-sosial-marginalisering/
- Relasjon- og kommunikasjonskompetanse
- Rusproblematikk
- Rusarbeid og behandling
- Kultursensitivt perspektiv på sosialt arbeid
- Interaksjonistiske pespektiv i sosialt arbeid
- Ulike perspektiv på rusmiddelavhengigheit
- Brukarmedverknad
- Etterlatte etter narkotikarelatert død
- Etterlatte ved narkotikarelatert død
- Brukarmedverknad
- Rusarbeid