Kvifor studere Migrasjon, helsesystem og helsebehov?
I dette kurset ser vi nærare på ulike tenester som er med på å fremme god helse og funksjon i samfunnet. Vi ser på kva helsesystem og helsetilbod flyktningar og migrantar i Noreg har tilgang til, korleis dette er brukt og kva andre tenester som direkte eller indirekte er med på å fremme god helse og funksjon. Dette kan vere tenester for å sikre deltaking i samfunnet, for opplæring eller tenester som bidrar til integrering og inkludering i samfunnet.
Kva behov har migrantar på kort og lang sikt og korleis kan vi møte dette behovet? Korleis ein kan ein fremme god bruk av tenester og kva tiltak bør ein iverksette? Desse spørsmåla vil vi gå i djupna på og du får bygge kompetanse som er relevant for din jobbsituasjon.
Kursformer
Du kan ta kurset som eit studiepoengskurs på masternivå (2,5 studiepoeng) eller som eit etterutdanningskurs. Etterudanningskurs har ingen utdanningskrav.
Kurset har obligatorisk halvdagssamling, og for hausten 2023 er dette i Florø den 15. november
Kva lærer du?
Studiepoengskurs
Etter å ha gjennomført kurset som studiepoengskurs på masternivå vil du:
- Ha inngåande kunnskap om tiltak, system og tenester for personar med migrasjonsbakgrunn
- Kunne analysere gjeldande praksis rundt helsetenester for menneske med migrasjonsbakgrunn
- Kunne vurdere heilskaplege behov for tenester på ulike omsorgsnivå, frå helsefremming til rehabilitering
- Kunne reflektere kritisk over gjeldande praksis og fungere som ein endringsagent
- Kunne analysere behov og iverksette tiltak i ei tverrprofesjonell gruppe
Etterutdanningskurs
Tar du kurset som etterutdanningskurs er målsettinga at du skal få styrke din kompetanse på å vurdere kritisk dei systema og tenestene vi har for personar med migrasjonsbakgrunn, og korleis desse møter behova som er i denne befolkningsgruppa. Du vil jobbe saman med andre kursdeltakarar rundt eit relevant tverrprofesjonelt tiltak for å fremme helse for personar med migrasjonsbakgrunn.
Målgruppe
Kurset er for alle som jobbar med migrantar og som ynskjer å bygge kompetanse rundt helse og funksjon. Dette kan vere klinikarar, rådgivarar, rettleiarar, leiarar og administrativt tilsette i helserelaterte organisasjonar eller organisasjonar som jobbar med til dømes deltaking og integrering av migrantar. Studiepoenggivande kurs er på masternivå og krever bachelorgrad. Etterutdanningskurs har ingen utdanningskrav.
Undervisningsform
Emnet består av ei felles digital samling, digitalt kursmateriale og gruppearbeid.
Alle deltar på felles digital samling uavhengig av om ein tar kurset som etterutdanningskurs eller studiepoengskurs.
I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal du jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Du får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.
Eksamensform
Dei studiepoenggivande kursa er på 2,5 studiepoeng og har obligatoriske arbeidskrav og eksamen. Eksamen er bestått / ikkje bestått
Om ein tar kursa som etterutdanningskurs har ein ikkje eksamen, men obligatoriske arbeidskrav. Om du tar kurset som etterutdanning grunnkurs må du ha bestått ein digital test for å få kursbevis.
Tid og stad
Digital samling, onsdag 02.10.2024 kl. 12.00 - 15.00
Med moglegheit for fysisk samling i Ullensvang kommune ved interesse