Studentar med kart foran bygning.

Fagleg innhald

Sjå korleis du får utvekslinga di fagleg godkjent.

Førehandsgodkjenning

Du må ha førehandsgodkjente emner for å få tilbud om utveksling. For fleirtalet er dette klart i appen når du søker. Denne prosessen er beskreve meir i slik søker du om utveksling

Endringar

Endringar i fag du tar på utveksling

Oppstår det endringar i studieplanen din ved vertsinstitusjonen, må du søke om ny førehandsgodkjenning via appen HVL Utveksling. Eventuelle endringar kan elles føre til at du ikkje får godkjent opphaldet inn i studieprogrammet når du kjem heim. Hugs på å melde frå til HVL om endringane gjer at lengda på opphaldet ditt blir lenger eller kortare.

Avbrutt utveksling

Må du avbryte utvekslingsopphaldet ditt og reise heim, er det viktig at først informerer vertsinstitusjonen din om dette før du gjer beskjed til studieveileder på fakultetet ditt og fagleg kontaktperson ved HVL. 

Hugs å få med deg dokumentasjon på opphaldet og faga/praksisen du har gjennomført.

Stryk

Dersom du stryk på eksamen medan du er på utveksling, utan å ta konteeksamen på vertsintitusjonen, får du 0 studiepoeng for det aktuelle faget. Du må då ta att det tapte når du kjem heim til HVL. Undersøk sjølv med vertsinstitusjonen om dei tilbyr konteeksamen. Merk at konteeksamen i utlandet kan skje på eit seinare tidspunkt enn utvekslingperioden din.

Endeleg godkjenning

Når du er tilbake ved HVL blir endeleg godskriving gjort på bakgrunn av førehandsgodkjenninga di og karakterutskrifta frå utveksling. Resultatet av godskrivinga blir sendt direkte til Lånekassen.  

Sjekk følgande:

  • Samsvarer karakterutskrifta di med fagleg førehandsgodkjenning (inkludert eventuelle endringar under opphaldet)?  
  • Er det angitt hvor mange credits/ECTS du har oppnådd?
  • Er karakterutskrifta gyldig, dvs. stemplet og/eller signert av utdanningsinstitusjonen?

Karakterutskrifta di kan ikkje brukast til godskriving om elementa over ikkje er på plass. Treng du ei ny krakterutskrift kontaktar du vertsinstitusjonen, og treng du ny fagleg førehandsgodkjenning søker du om det i appen. Er du usikker på om karakterutskrifta di inneheld det ho skal kontaktar du studierettleiar. 

NB! Dersom du er på utveksling i siste semester av graden din, er du ikkje garantert å få vitnemål innan 1. juli, som er ettersendingsfrist i samband med søknad om vidare utdanning.

Behald retten til å studere ved HVL

For å unngå å miste studieretten ved HVL når du kommer tilbake må du huske å semesterregistrere deg og å betale semesteravgift til HVL mens du er på utveksling.

Husk også å melde deg av eksamen ved HVL det semesteret du er ute slik at du unngår å få «ikke møtt» til eksamen. Du melder deg av eksamen i Studentweb.

Korleis sørger du for at HVL får resultata frå utvekslinga di?

Som student har du sjølv ansvar for å skaffe karakterutskrift eller stadfesting frå vertsinstitusjonen din ved avsluttande utvekslingsopphald. Skal du på praksisutveksling utanom Erasmus+, og du ikkje får karakterutskrift frå opphaldet, må du få med ei stadfesting av at praksisopphaldet er gjennomført.

Digital overføring - EMREX

Har du vore på utveksling i Sverige, Finland, Nederland eller på nokre institusjonar i Danmark og Polen, kan du overføre resultata dine elektronisk til HVL via EMREX-systemet. Overføringa må gjerast medan du har aktiv studentstatus hos vertsinstitusjonen. 

På EMREX si nettside kan du sjå kva institusjonar du kan få digital overføring frå. Du finn og ei brukarhandbok på nettsida.  

Gjer slik for å hente resultata dine:

  • Logg deg på Studentweb og trykk på Resultat heilt øvst i menyen.
  • Velg så Import av resultat frå utanlandsk institusjon heilt nedst på sida.
  • Velg aktuelt land og institusjonen du studerte ved.
  • Logg deretter på Studentweb og følg instruksjonane for å overføre resultata via EMREX.

Du sender dokumenta til HVL

Har du karakterutskrift/attestar, send dei til studierettleiar på fakultetet ditt for å søke godskriving av opphaldet ditt i utlandet. I nokre få tilfelle sendast karakterutskrift direkte frå vertsinstitusjonen til HVL, men du er sjølv ansvarleg for at HVL får karakterutskrifta. Sjekk med vertinstitusjonen din kva dei brukar å gjere og gje sakshandsamar beskjed. 

Har du vore på praksisutveksling utanfor Erasmus+ og verken fått karakterutskrift eller anna stadfesting på opphaldet må du få med ei stadfesting frå vertsinstitusjonen din som viser at praksisopphaldet er gjennomført. Send skjemaet til praksiskoordinator på fakultetet ditt.

Skjema for stadfesting av praksisopphald finn du her.

Er du Erasmusstudent merk deg at Confirmation of Stay og skal lastas opp. Sjå www.hvl.no/erasmus for å lese meir om dette.

 

Informasjon for deg som har tatt praksis i utlandet

For å fortsette progresjonen og for å kunne ta meir praksis i Noreg ettre du har vore på utveksling kan det vere naudsynt å teste deg for Tuberkulose og/eller MRSA. Her finn du meir informasjon om medisinsk testing.

Bruk erfaringene når du søker jobb

Gjennom internasjonal erfaring tilegner du deg mange ferdigheter arbeidsgivere ser etter. Bruk erfaringen fra utveksling når du søker jobb.

Du kan og bruke denne brosjyra for lettare å identifisere kompetansen du har tilegna deg på utveksling (skriven på engelsk):  A Toolkit for Recognising International Competences