Smilende kvinnelig student og mannleg student.

Praksis i sosialt arbeid

Her finn du praksisinformasjon til deg som er student ved sosialt arbeid.

Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for det aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas.  I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.

Studieplan, emneplan og praksisperiodar for studieåret 2023/24

Under finn du førebels planlagte tidspunkt for praksisperiodar i studieåret 2023/24, det kan kome endringar. Du finn også lenke til emneplan for studieåret 2023/24, og studieplan.

Campus Bergen og Sogndal

Studieplan: kull 2023 | kull 2022kull 2021

Første studieår:

Våren 2024 er det planlagt praksisperiode i veke 14-23.

Tredje studieår:

Hausten 2023 er det planlagt praksisperiode veke 42-51.

Tildeling av praksisplass

Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas om kvar du får praksisplass.

Les meir om kvar du kan få praksisplass

Campus Bergen
Du vil få praksisplass i tidlegare Hordaland fylke. Mange av plassane er i Bergensområdet, men du må rekne med pendling og eventuell flytting til andre stader i Hordaland. 

Campus Sogndal
Du vil i hovudsak få praksisplass i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Du må rekne med pendling og eventuelt flytting. 

Arbeidstid og turnus
Mange praksisplassar har praksis på dagtid, men vi har plassar der du må rekne med turnus.

Tilrettelegging av praksis
Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, kan du lese meir om tilrettelegging av praksis.

Vurdering av praksis

Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverer inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow.

Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis

Arbeidstid, turnus og raude dagar

Som houvdregel skal du følge arbeidstiden til praksisrettleiaren din. Nokon studentar vil ha vaktar på dagtid, andre turnus, langvakter eller medleverturnus (heildøgnturnus). I nokre studiar kan nattevakter vera obligatorisk. Normalt avtaler du turnus ved praksisstart med praksisrettleiar og praksislærar. 

Meir om arbeidstid, turnus og raude dagar

Avsatt tid til sjølvstudium skal tilpasses arbeidsrutinar på praksistaden, og er noke student og rettleiar blir enige om.

Det vert normalt ikkje forventa at du er i praksis på bevegelege heilagdagar. Tal på timar for praksis/lengde på praksis kjem fram i emneplanen, og gjeld uavhengig av heilagdagar i samband med høgtider (raude dagar).

Som student må du sørge for at du har nok timar til å få godkjent praksis. Fråvær meir enn 10% fører til ikkje godkjend praksisperiode. Turnus skal  normalt være jevnt fordelt gjennom praksisperioden, du kan difor ikkje samle opp timar og ta ut friperiodar.

Medlevarturnus er aktuelt på nokre praksisplassar/institusjonar. Det betyr at dei tilsette har ei turnusordning der dei har vakter som går over fleire døgn, og deretter ein friperiode.  Ingen studentar kan bli pålagt å ta praksis med medlevarturnus. 

Langvakter er aktuelt på nokre praksisplassar. Det vil seie at ein har færre, men lengre vakter. Vaktene ofte er 12 timar eller meir. Studentar kan ikkje bli pålagt langvakter. Men dersom slik turnus er aktuell på praksisstaden kan det avtalast mellom student, praksisrettleiar og praksislærar.

Sjå også: Krav til oppmøte i praksis

Arbeidstøy, hygiene og mobilbruk

Det vert stilt særskilte krav både til bruk av arbeidstøy og til hygiene når du er student i praksis. Generelt skal du framstå og kle deg nøytralt og hensiktsmessig. Privat bruk av mobil skal som hovudregel ikkje nyttas i arbeidstida.

Meir om arbeidstøy og hygiene

Arbeidsklede og sko

Nokre praksisstader krever uniform, dette får du som regel låne på praksisstaden. På andre praksisplassar går alle sivilt kledde, og du må sjølv sørge å kle deg nøytralt og hensiktsmessig.

Velg alltid gode innesko som gir god støtte for foten. Sko og sokkar skal vere reine.  

Dersom du bruker hijab og skal ha praksis der dei krever uniform, må du kontakte praksisstaden seinast 10 dagar før praksis, slik at dei eventuelt kan bestille hijab på førehand.

Namneskilt

Skal du ha praksis på sjukehus, sjukeheim og liknande må du skaffe deg namneskilt med fornamn og etternamn, og kva studium du er student ved. 

Røyking, snus og alkohol

Røyking og snusing er ikkje tillatt. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel åtte timar før arbeidsdagen startar. Sjå helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold

Hender og neglar

Hender skal alltid vere reine, og negler skal vere korte, velstelte og utan lakk. 

Hår, skjegg og bart

Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal vere i hestehale eller liknande.

Smykker m.m.

Av hygienegrunner er det ikkje tilatt å ha på smykker, øyredobbar, ringar eller armbåndsur. 

Kosmetikk

Sminke skal vere diskre. Deodorant og hudkrem bør vere uparfymert. 

Mobil og nettbruk

Bruk av privat mobil skal vere moderat, og skal ikkje brukes i kliniske situasjonar. Dersom du av private grunnar må være tilgjengleg på mobil, må du avtale dette med praksisrettleiar. Bilete eller omtale frå praksisstaden skal du ikkje dele med andre eller legge ut på sosiale medium, om det ikkje er klarert på førehand.

Dette må alle kjenne til:

 

Kontakt oss:

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS