SABP3 Praksisstudiar i sosialt arbeid
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet er studiet sin andre praksisperiode og går over 12 veker med 10 veker ute i praksisfeltet. I dette emnet skal studenten rette fokus mot egen yrkesrolle og identitet, og utvikle si evne til kritisk refleksjon over eigne haldningar og eigen profesjonsutøving. Det vert lagt vekt på at studenten skal forstå samanhengen mellom kunnskap og praksis, og betydinga av tverrprofesjonell samhandling på individ- og tenestenivå. Emnet inkluderer undervisning i organisasjonsteori for å styrke studenten si forståinga av velferdsstatens oppbygning og rammevilkåra for sosialt arbeid.
Praksisperioden startar med teoretisk undervisning på campus der aktuelle tema vil være organisasjonsteori, tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid, samt valdsmestring i arbeidslivet.
Det er anledning til å søke om å få gjennomført 2. praksisperiode i utlandet.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentar ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om kva betyding levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og aktiv deltaking har i ulike livsfasar for individ, familie og samfunn.
- har kunnskap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltninga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentlig, privat og frivillig sektor.
- har kunnskap om teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid og andre relevante fagområder.
- har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing.
- har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder, slik at kandidaten bidrar til å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet.
- har kunnskap om sentrale problemområder som arbeidsledighet, fattigdom, rus og avhengighet, psykiske vanskar, funksjonsnedsettingar og andre forhold som kan bidra til marginalisering og utanforskap.
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan anvende forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i profesjonsutøvinga.
- kan anvende rettsreglar, opplyse om rettigheiter og plikter og utøve juridisk skjønn i møte med enkeltpersonar, familiar og grupper, deriblant samiske brukarar.
- kan anvende fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid, og kan rettleie brukarar, pasientar og pårørande og relevant personell som er i lærings-, meistrings- og endringsprosessar.
- kan anvende fagleg kunnskap om arbeidsretta inkludering i møte med arbeidssøkarar, arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar.
- kan anvende fagleg kunnskap for å identifisere ressursar og gi håp i samarbeid med menneske i sårbare livssituasjonar.
- kan reflektere over og bruke kunnskap som bidrar til eit likeverdig tenestetilbod.
- kan reflektere over korleis kunnskap kan brukast på nye områder og bidra til nytenking og innovasjon i tenestene.
- kan reflektere over risiko og korleis handtere konfliktar og redusere faren for hendingar som ikkje er ønska, og kjennskap til metodar for å følgje opp dette systematisk
- kan finne, vurdere og vise til relevant fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
- kan tileigne seg ny kunnskap og kan foreta faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis. Vidare skal studenten også kunne dokumentere og formidle sin faglege kunnskap.
- kan meistre aktuelle metodar for kartlegging, dokumentasjon, analyse og fatta avgjerd.
- kan meistra digitale verktøy, under dette; ha kunnskap om digital sikkerheit, og kan bidra i utviklinga av og bruke eigna teknologi, og kjenner til deira moglegheiter og avgrensingar i sosialt arbeid.
Generell kompetanse:
Studenten…
- har innsikt i politiske og administrative avgjersleprosessar og korleis sosionomar kan bidra til allmenn opplysning og politisk rådgjeving..
- har innsikt i etiske problemstillingar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrollen og i møte med medmenneske.
- har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga.
- har innsikt i korleis utvise dømmekraft i situasjonar med mangelfull og/eller motstridande informasjon og identifisere mogelegheitsrom innan ulike profesjonelle og institusjonelle kontekster.
- ha innsikt i betydinga av digital kommunikasjon i profesjonell praksis og samhandling.
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver i samansette og konfliktfylte situasjonar.
- kan planlegge, gjennomføre og lede koordinert og tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike tenester og tenestenivå.
- kan formidle faget og utveksle synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i sosialt arbeid, og kan bidra til tenesteinnovasjon og systematiske og kvalitetsforbetrande arbeidsprosessar.
Krav til forkunnskapar
Alle emne i første studieår og tredje semester må vere greidd for å kunne gå ut i praksis.
Studenten må ha eksamensrett i SAB250.
Tilrådde forkunnskapar
SAB310 Samfunnsarbeid
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vert innleia og avslutta på campus med teoretisk undervisning og ferdigheitstrening innan aktuelle tema for praksisperioden. Studenten skal delta på fastsette veker på tildelt praksisplass, førebuingar, undervisning og seminar på campus. I tillegg skal studentane delta i en tverrprofesjonell aktivitet.
Studenten har normalt 1 studiedag pr. uke, og er 4 dagar på praksisplassen (30 timer). På praksisplassen får studenten tildelt rettleiar. Som houvdregel skal studenten følge arbeidstiden til praksisrettleiaren sin. I nokre høve kan dette bety at studenten må arbeide i turnus.
På praksisplassen får studenten regelmessig rettleiing. I rettleiinga skal studenten aktivt reflektere over faglege og etiske problemstillingar. I tillegg vil rettleiinga nyttast til planlegging av arbeidsoppgåver, læringsmål, oppfølging og evaluering av desse. Studenten har ansvar for å førebu innhaldet i rettleiingstimane.
Studenten skal også arbeide med skriftlege oppgåver knytt til eigne læringsmål, organisasjonsteori og tverrprofesjonelt samarbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Godkjent individuell opplæringsplan
- Godkjent individuell praksisrapport knytt til refleksjon over eiga profesjonelle rolle. Omfang: 2000 ord +/- 10%.
- Deltaking og godkjent arbeidskrav i TVEPS eller anna tverrprofesjonell aktivitet. Der TVEPS ikkje er organisert skal studenten delta i TPS aktivitet tilrettelagt av utdanningen, inkludert individuelt fagnotat. Omfang: 1000 ord +/- 10 %.
- Godkjent organisasjonsoppgave. Omfang: 2500 ord +/- 10%.
- Deltaking i forpraksisseminar.
- Oppfylt krav til oppmøte i praksis.
Godkjende arbeidskrav er gyldige bare for gjeldande praksisperiode, og må takast opp att dersom studenten ikkje får greidd praksis.
Vurderingsform
Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er praksisrapporten frå praksisrettleiar, oppnådd læringsutbytte og obligatoriske læringsaktivitetar inkl. krav til oppmøte.
Vurderingsuttrykk Praksisstudiane vert vurdert til greidd/ikkje greidd.
Fråvær utover 10 % i praksis vert vurdert til ikkje greidd praksis.
Dersom studenten får vurdert praksis til ikkje greidd, må heile praksisperioden takast om igjen. Studenten må i slike høve gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne vert arrangert.
For meir utfyllande informasjon sjå: Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet av 16.06.22, kapittel 10
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel