Regional utvikling

Å vere tett på samfunnet rundt er sentralt i HVL sin strategi, og samarbeidet med vertskommunane er særleg viktig for å vidareutvikle studiestadene.

HVL har formalisert samarbeid med ei rekke eksterne aktørar, verksemder, nettverk og klynger, og arbeider systematisk for å vidareutvikla og utvida nettverket av samarbeidsaktørar.

Kompetanseforum Vestland

Kompetanseforum Vestland er samarbeidsorganet for kompetansearbeid i regionen, koordinert av fylkeskommunen.

Kompetanseforum er HVL sitt råd for samarbeid med arbeidslivet. I Kompetanseforum Vestland møter HVL leiarane ved Universitet i Bergen, Norges handelshøyskole, Fagskolen i Hordaland, Opplæringsdirektøren i Vestland fylkeskommune og partane i arbeidslivet representert ved NHO, LO og KS, og NAV og Helse Vest. Under Kompetanseforum Vestland er det etablert regionale team, der HVL er representert i nokre av desse. 

Formålet med kompetanseforuma er å vidareutvikle utdanning, forsking og utviklingsarbeid tett på studentar og arbeidsliv slik at den regionale utviklingsrolla blir tatt betre vare på ved å leggje til rette for at kompetanse blir ein drivar for utvikling i arbeidslivet. Rektor representerer HVL i Kompetanseforum Vestland. 

Les gjerne meir om Kompetanseforum Vestland

For spørsmål ta kontakt med Tone Skjerdal.

Kompetanseforum Nord-Rogaland

Kompetanseforum Nord-Rogaland er ein strategisk møtearena for HVL i Rogaland. HVL inviterer eksterne aktørar til to årlege møte, der det eine har fokus på offentleg sektor og heilskap i utdanningsløpa, og det andre i større grad er tematisk med vekt på regional- og næringsutvikling.

Formålet med kompetanseforuma er å vidareutvikle utdanning, forsking og utviklingsarbeid tett på studentar og arbeidsliv slik at den regionale utviklingsrolla blir tatt betre vare på ved å leggje til rette for at kompetanse blir ein drivar for utvikling i arbeidslivet.

Mandat

  • Gje innspel til studieporteføljen med fokus på entreprenørskap, tverrprofesjonalitet og tverrfagleg samarbeid
  • Gje innspel til utdanningar som kan utviklast eller vidareutviklast i samarbeid med arbeidslivet
  • Gje innspel til korleis HVL kan styrke praksisnær utdanning og forsking og utviklingsarbeid (FoU) og på den måten auka relevansen i utdanningane og forskinga.
  • Gje innspel til korleis HVL og ulike aktørarar i regionen kan samarbeida om delte stillingar for å auka praksiskompetansen i utdanning og forsking, og forskingskompetansen i arbeidslivet.
  • Gje innspel til korleis HVL og ulike aktørarar kan samarbeida om å byggje kompetanse i regionen gjennom samarbeid om offentleg sektor ph.d og nærings-ph.d
  • Gje innspel til tiltak som styrkjer den eksterne finansieringa til HVL
  • Gje innspel til kva slags retning HVL skal ta som universitet, og til korleis HVL bør samarbeide regionalt og lokalt i å bygge det nye arbeidslivsretta universitetet i vest.

Aktuelle samarbeidspartnarar i kompetanseforum

Haugaland Vekst, kommunal og fylkeskommunal leiing, helseføretak, NAV, næringsforeiningar, klynger, NHO, LO, NORCE, Innovasjon Norge

Viktige dokument

Oppsummeringar og presentasjonar frå møte i Kompetanseforum Nord-Rogaland - næring, 27. mai 2021

Kontakt

For spørsmål ta kontakt med Ingvild Brekke Myhre.

Vertskommunemøte og vertskommuneforum

Mandat vertskommunemøte

Vertskommunemøta skal bidra til å ivareta HVL si regionale utviklingsrolle gjennom å vidareutvikla studiestadene. HVL og vertskommunane skal arbeida for å styrka og gjera studiestadene endå meir attraktive for noverande og framtidige studentar, og vera ein samhandlingsarena for saker av felles interesse. Døme på saker er campusutvikling, studentbustader, sykkelby, kollektivtransport, gode kultur-, helse- og fritidstilbod og andre relevante samarbeidsprosjekt.  

Det vert lagt opp til eitt til to møte i året.  

Sammensetting vertskommunemøte 

  • Ordførar/byrådsleiar 
  • Rådmann/kommunedirektør 
  • Prorektor for nærregionen 
  • Regiondirektør i Saman 
  • Lokal representant for Studenttinget på Vestlandet 
  • Campusstudentrådsleiar  
  • Prosjektrådgivar samfunnskontakt (sekretær) 

På studiestader der andre forum ivaretek heile eller delar av mandatet, tilpassar ein samansetting og møtefrekvens. 

Mandat vertskommuneforum

Vertskommuneforum skal vera ein årleg møteplass som skal styrka HVL som institusjon gjennom samhandling med arbeids- og samfunnslivet ikring. Vertskommuneforum skal gjennom arbeid mot felles mål bidra til utvikling av vertskommunane, Vestlandet og HVL på veg mot å bli universitet. 

Samansetting vertskommuneforum  

Representantar for vertskommunane Haugesund, Stord, Bergen, Sunnfjord og Sogndal 

  • Ordførarar/byrådsleiar (5) 
  • Rådmenn/kommunedirektørar (5) 

HVL 

  • Rektor  
  • Prorektorane for nærregionane (3) 
  • Dekanar (4) 
  • Nestleiar Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (sekretariat)  
  • Leiar for Studenttinget på Vestlandet  

Saman 

  • Direktør 

Senter for sjøsikkerhet skal bidra til regional utvikling av Vestlandet gjennom maritim kunnskapsutvikling, og jobbe for at HVL skal være en attraktiv og foretrukket samarbeidspartner. Vi utvikler prosjekter og skaper møteplasser mellom HVL og maritimt næringsliv.

Vil du skape noko saman med oss? Kva kan dei tverrfaglege teama og studentane våre bidra med inn i di verksemd? Har du utfordringar på arbeidsplassen som studentane og fagmiljøa våre kan finne løysingar på? Les meir om samskaping for eit berekraftig Sogn på denne sida.

Forskarar ved HVL og Vestlandsforsking skal jobbe tett med næringslivet i Sogn og Fjordane for å spreie kunnskap, ta imot innspel og utvikle konkrete prosjekt i fellesskap.