Arbeids- og kompetanseområde
Samfunnskontakt knytt til campus Sogndal.
Ansvar og oppgåver som samfunnskontakt:
-
bidra til å etablera og vidareutvikla nettverk, kontakt- og møteplassar mellom HVL og samfunns- og arbeidsliv. Fanga opp behov og formidla kontakt
-
arbeid med politikk som vedkjem HVL, inkludert kontakt med politikarar og styresmakter
-
utgreiing, analyse og saksførebuing innan aktuelle område
-
støtte til gjennomføring av konferansar og seminar med eksterne samarbeidspartnarar
-
bidra i arbeidet med campusutvikling
Eg er òg hovudtillitsvald i NTL Høgskulen på Vestlandet, frikjøpt i 50 prosent stilling.
Utdanninga mi er cand.polit med hovudfag i geografi frå Universitetet i Bergen. Elles har eg bakgrunn frå planlegging og utgreiing innan samfunn og næring i Finnmark fylkeskommune og Finnut Consult AS.