Oppvekst, rus og sosial marginalisering

Forskargruppa sitt overordna mål er å utvikle praksisrelevant kunnskap om oppvekst, rus og sosial marginalisering.

Det teoretiske og metodiske grunnlaget for arbeidet i forskingsgruppa er mangfaldig, med medlemmer som har bakgrunn frå psykologi, samfunnsvitskap, barnevern og sosialt arbeid. Sentralt i forskargruppa er korleis oppvekst, rusbruk og marginalisering inngår i ein sosial og kulturell samanheng, og deltakarane studerer ulike dimensjonar ved dette samspelet.

Forskargruppa er ein fagleg arena for å: 

  • utvikle og gjennomføre forskingsprosjekt på høgt vitskapleg nivå
  • auke publiseringsaktiviteten til medlemmane
  • auke graden av ekstern prosjektfinansiering
  • bidra med forskingsbasert undervisning om oppvekst rus og sosial marginalisering på bachelor, master og ph.d. nivå
  • skape møteplassar mellom praksisfelt, vitskapleg tilsette, stipendiatar og masterstudentar
  • utvikle og delta i faglege nettverk med brukarar og praksisfelt og med andre regionale, nasjonale og internasjonale forskingsgrupper og forskingsmiljø

Forskargruppeleiar:

bilde av Tone Jørgensen

Tone Jørgensen

Førsteamanuensis, Institutt for velferd og deltaking

Nestleiar:

bilde av Lillian Bruland Selseng

Lillian Bruland Selseng

Førsteamanuensis, Institutt for velferd og deltaking

.