Fekk jobbtilbod eit halvt år før dei var ferdige med studiane

To år etter fullført utdanning seier 94 prosent av kandidatane frå Høgskulen på Vestlandet at dei har fått relevant jobb. Det viser ferske tal frå Kandidatundersøkinga.

Cecilie, Dana og Ingrid manglar berre ein siste praksisperiode, før dei kan smykke seg med tittelen bioingeniør.

– Eg valte denne utdanninga fordi eg visste at eg var sikra jobb etter gjennomført studium, fortel Dana Moucharef.

Allereie i desember 2022 sikra dei tre studentane seg fast jobb ved Haukeland universitetssjukehus.

– Eg merkar sjølv kor mykje vi har lært gjennom desse tre åra. No føler eg meg klar for arbeidslivet, seier Cecile Mele.

Berre ein prosent arbeidsledige

Bioingeniørstudentane er langt frå aleine om å vere HVL-kandidatar som gjer det bra på arbeidsmarknaden. Ferske tal frå Kandidatundersøkinga viser at 53 prosent  fekk jobb allereie før dei var ferdig med siste eksamen, og ytterlegare 35 prosent fekk jobb innan tre månader etter avlagt grad. Berre ein prosent svarer at dei er arbeidsledige to år etter fullført utdanning.

– Tala frå Kandidatundersøkinga er særs gledelege for Høgskulen på Vestlandet! Undersøkinga stadfestar at vi tilbyr kompetanse som samfunnet treng. Vi gler oss over at nesten alle som har studert får relevant jobb fort og er attraktive arbeidstakarar både i privat og offentleg sektor, seier Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved HVL.


Geir Kåre Resaland. Foto: HVL

Særleg positiv utvikling blant ingeniørane

Tal frå undersøkinga viser at 94 prosent av HVL-kandidatane meiner at dei har ein relevant jobb, noko som er 4 prosentpoeng høgare enn i 2020.

Samanlikna med førre undersøking, er utviklinga spesielt positiv for kandidatar frå Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. Den gongen var det 84 prosent som opplevde å ha ein relevant jobb, mot 95 prosent i årets undersøking.

Fekk fast jobb etter praksisperiode hos Rocketfarm

Kvart år uteksaminerer Høgskulen på Vestlandet om lag 3000 kandidatar innan mellom anna helse og omsorg, skule og barnehage, økonomi, administrasjon og ingeniør. Å vere tett på arbeidslivet gjennom praksisperiodar eller oppgåvesamarbeid er ein viktig del av utdanningsløpet.

I Sogndal har studentane på siviløkonomutdanninga Master of Science in Business - innovation and marketing, ein integrert praksisperiode på 10 veker. Målet med praksisperioden er å gi studentane erfaring med oppgåver knytt til  entreprenørskap og innovasjon. Her får studentane ei breiare forståing for innovasjon og kommersialisering.

Sidan oppstarten av den nye masterutdanninga for tre år sidan, har den lokale tech-bedrifta Rocketfarm hatt seks studentar i praksis, og alle har fått tilbod om jobb i bedrifta.

– Vi har blitt veldig imponert over studentane sine evner til å gå direkte inn i oppgåvene og bringe verdi til verksemda. Deira nye blikk på oppgåvene har vore med på å utvikle Rocketfarm i ei positiv retning. Praksisperioden er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, seier marknadssjef i Rocketfarm, Martin Schøber.

Tar med seg ny forsking som fornyar profesjonane

Praksis er ein viktig grunnstein i dei aller fleste utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet. Undersøkinga viser at 70 prosent av HVL-kandidatane har hatt obligatorisk praksis i løpet av studiet.

For kandidatane frå Fakultet for ingeniør- og naturvitskap er oppgåvesamarbeid oppgitt som den vanlegaste kontakten med arbeidslivet, der nesten halvparten hadde eit slikt samarbeid i løpet av studiet.

– Å vere tett på arbeidslivet er viktig både for å utvikle utdanningane og forskinga. På vegen mot å bli det nye universitetet på Vestlandet, jobbar vi også for at våre kandidatar tar med seg ny forsking som fornyar profesjonane dei skal bli ein del av, seier Resaland.

Gjennom praksisopphaldet får HVL-kandidatane verdifull innsikt i arbeidslivet. Her er fire studentar saman med fleire kollegaer frå Rocketfarm og robot-palleteringsløysinga Pally, som blir selt globalt frå kontoret i Sogndal. 

Blir verande på Vestlandet

HVL sine studiestader strekker seg over to fylke, Vestland og Rogaland. Tal frå undersøkinga viser at heile 79 prosent av HVL-kandidatane opphaveleg kjem frå vestlandsfylka Vestland (59 prosent), Rogaland (16,5 prosent) og Møre og Romsdal (4,7 prosent). Nesten 90 prosent av dei som kjem frå Vestland, bur framleis i fylket to år seinare.

– Vi har eit geografisk nedslagsfelt som strekker seg frå Førde i nord og til Haugesund i sør. Dette set oss i posisjon til å jobbe på lag med heile Vestlandet, og til å utdanne kandidatar som er med på å løyse samfunnsutfordringane vi står overfor, seier Resaland.

Kandidatundersøkinga

  • Undersøkinga blei gjennomført blant tidlegare studentar ved HVL, NHH og UiB i tidsrommet 9. november 2022 til 8. januar 2023. I alt svarte 2544 kandidatar på undersøkinga.
  • Kandidatundersøkinga tar for seg kandidatane si tilpassing til arbeidsmarknaden, korleis overgangen frå studium til arbeidsliv har vore, samt kandidatane si vurdering av arbeidslivsrelevans.
  • Kandidatundersøkinga er bestilt av studentsamskipnaden Saman og utført av Ideas2Evidence.
  • Kandidatundersøkelsen på Vestlandet 2022 (sammen.no)