Studieplan - Vurdering av barnets beste
Hausten 2018
Studiet er etablert av Bufdir i samarbeid med HVL og Høgskulen i Volda på oppdrag fra Barne- og likestillingsdepartementet. Etablering av studiet er eit viktig element i styresmaktene sin strategi for å løfte kompetansen i det kommunale barnevernet.
Utdanninga har som mål å styrke dei tilsette i barnevernstenesta sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak, samt styrke vurderings- og avgjerdskompetansen i det barnevernsfaglege arbeidet.
Studiet har et faglig nivå tilsvarande masternivå.
Opptakskrav
3-årig bachelorgrad eller tilsvarande høgare utdanning (180 sp) og hovudstilling (stillingsstorleik på 50% eller mer) i kommunalt barnevern. Attest eller stadfesting på tilsettingsforholdet er eit krav. Her skal det gå fram kor lenge du har vore tilsett og i kva stillingsbrøk. For mellombels tilsette må sluttdato for tilsettingsforholdet også gå fram, då det er eit krav om at ein er i jobb i heile studieperioden.
Søkarar blir prioritert etter stillingsbrøk.
Dersom det etter dette er ledige plassar, vil tilsette i statleg og privat barnevern også kunne bli vurdert for opptak.
Prioriteringsliste ved tildeling av studieplassar:
- Tilsette med hovudstilling i kommunalt barnevern (stillingsstorleik på 50% eller mer) Søkarar blir rangert på grunnlag av reglar fastsett i forskrift om opptak til studie ved HVL.
- Tilsette i kommunalt barnevern med mindre enn 50% stillingsstorleik. Søkarar blir rangert på grunnlag av reglar fastsett i forskrift om opptak til studie ved HVL.
- Tilsette i statleg eller privat barnevern. Søkarar blir rangert på grunnlag av reglar fastsett i forskrift om opptak til studie ved HVL.
Læringsutbytte
En kandidat med fullført studie skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten...
- har inngåande kunnskap om barnevernets heterogene kunnskapsgrunnlag og tverrfaglige perspektiv
- har spesialisert innsikt i barnevernsfaglege vurderingar og avgjerder
- har inngåande kunnskap om det juridiske og tverrfaglege kunnskapsgrunnlaget som inngår i skjønnsutøvinga ved vurdering av barnets beste
- har avansert kunnskap om ulike barnesyn og forhold som fremjar barns medverknad og medbestemming
- har spesialisert innsikt i sentral forsking om omsorgsvurderingar og tydninga av ei heilskapleg forståing av barn og foreldre
- har inngåande kunnskap om barnevernets maktposisjon og strukturar som kan bidra til avmakt
Ferdigheiter:
Kandidaten...
- kan gjennomføre heilskaplege omsorgsvurderingar ved å analysere og vurdere barnets beste i lys av aktuelle teoriar og metodar
- kan analysere og halde seg kritisk til ulike kunnskapskjelder og bruke desse for å ta ei avgjerd til barnets beste
- kan gjere seg nytte av relevante metodar for å styrke, grunngje og dokumentere den faglege skjønnsvurderinga
- kan samarbeide med barn og foreldre og andre tenester ved innhenting av informasjon og vurdering av tiltak
- kan på ein sjølvstendig måte bruke kunnskapsbaserte metodar for å fremje barn og foreldres høve til innverknad og styring av eige liv
Generell kompetanse:
Kandidaten...
- kan analysere etiske problemstillingar knytt til utgreiingar og avgjerder om barns omsorgssituasjon
- kan nytte avansert kunnskap om barn og unges utvikling og foreldres situasjon i arbeid med komplekse omsorgsvurderingar
- kan sette seg inn i og reflektere kritisk over vitskapleg kunnskap
- kan formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformar om barns omsorgsituasjon og foreldres omsorgskompetanse
- kan kommunisere om faglige dilemma, uvisse og tvil i vurderingar av barns omsorgssituasjon
- har en analytisk medvit og kan utøve kritisk refleksjon og etisk dømmekraft i vurderingar av barnets beste
Innhald
Studiet er samlingsbasert. Det er lagt opp til seks samlingar, à tre dagar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.
Hovudtema for samlingane:
Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon
Samling 2: Barnesyn og barns medverknad
Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst
Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta
Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak
Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker.
Arbeidsformer
Undervisningsformene vekslar mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. I gruppearbeida vil studentane reflektere over og drøfte praksisrelevante kasus og eigne erfaringar frå praksis i lys av ulike teoriar og tverrfaglege perspektiv på barnets beste.
Vurderingsformer
Vurderingsformer i emnet er arbeidskrav, heimeeksamen og munnleg eksamen.