Kvifor studere Teoretiske prinsipp for sunn aldring
Kva for rolle spelar demografi, økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle forhold for aldersom og sunn aldring? I dette kurset lærer du dei teoretise prinspippa for sunn aldring slik at du betre kan forstå behova dei eldre har når det kjem til helse, velvære og deltaking.
Kva lærer du?
Etter å ha gjennomført kurset vil du
- Ha avansert kunnskap om kompleksiteten mellom ulike perspektiv på aldring.
- Kunne summere og samanlikne noverande og framtidige behov for å fremme helse, velvære og deltaking for eldre vaksne med ulik grad av veikskap og i ulike samanhengar.
- Kritisk reflektere rundt faktorar som fremmer/hindrar sunn aldring gjennom eit livsløp.
- Kunne forstå aldring som eit komplekst, fleirdimensjonalt fenomen.
- Kunne kritisk anvende og formidle kunnskap om verknaden av aldring på individ, familiar og lokalsamfunn.
Les meir om kva du lærer i emneplanen
Målgruppe
Kursa er retta mot klinikarar, leiarar og administrativt tilsette innan helsevesenet eller i helserelaterte organisasjonar.
Digital undervisningsform
Dette emnet er eit heildigitalt emne som består av innspelte forelesingar, oppgåver og anna digitalt materiale.
Eksamensform
Studentane skal arbeide med ei oppgåve gjennom heile emnet for å synleggjere læringsutbyta. Det blir gitt rettleiing på dette arbeidet.