Studieplan - Master i sjukepleie - kliniske spesialitetar
Hausten 2024
Master i sjukepleie – kliniske spesialitetar tilbyr masterkompetanse for sjukepleiarar som ynskjer spesialisering innan:
Gastrosjukepleie
Infeksjonssjukepleie og smittevern
Lungesjukepleie
Nevrosjukepleie
Stomi- og kontinenssjukepleie
Uroterapi
Rettsmedisin i sjukepleia
Masterstudiet vil imøtekome den etterspurnaden helsetenesta har for spesialistkompetanse innan desse områda. Utdanninga sitt mål er å tilføre helsetenesta kompetente spesialsjukepleiarar som kan setje i gang og aktivt delta i fagleg utviklingsarbeid og forsking for helsetenesta. Mastergradsstudiet utdannar sjukepleiarar med spesialkompetanse hovudsakleg for direkte klinisk arbeid, men og for helseleiing, pasientsikkerheitsarbeid, kvalitetsforbetring, helsetenesteutvikling, undervisning, fagutvikling og forsking. Masterstudiet kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram. Kandidatane blir spesielt godt kvalifiserte for kombinerte stillingar som omfattar både klinisk arbeid og praksisnær forskings- og utviklingsarbeid.
Sjukepleiarar med Master i sjukepleie – kliniske spesialitetar har tileigna seg kunnskapar på spesialistnivå, i tillegg til beslutningstaking og klinisk kompetanse til ein utvida funksjon som spesialsjukepleiar. Sjukepleie skal utøvast ut frå helsefremjande, førebyggjande, behandlande, rehabiliterande og lindrande omsorg. Den utvida funksjonen som spesialsjukepleiar er kjenneteikna av at kandidaten har innsikt og djupdekunnskap som spesialist og har handlingskompetanse for å ivareta oppfølginga av pasientgrupper som fell inn under spesialiteten.
Masterstudiet har eit omfattande kunnskapsgrunnlag. Sjukepleiarar med avansert klinisk kompetanse skal møte pasientane sine akutte og langvarige tilstandar både på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Dette krev kunnskap om anatomi og fysiologi, medisinsk kunnskap, kunnskap om psykologi, kommunikasjon, etikk, meistringsteoriar og læringsteoriar. Klinisk fagleiing omfattar forbetring av fagleg standard i klinisk praksis i tråd med kunnskapsbaserte retningslinjer, standardar og konsensus for å ivareta pasientens behov. Omgrepet klinisk fagleiing vert brukt for å understreke at teoriar og metodar for utøving av leiing må forankrast fagleg i spesialistkunnskap.
I løpet av studiet tileignar studentane seg spesialisert kunnskap og kliniske ferdigheiter for å tilby sjukepleietenester av høg fagleg kvalitet innanfor sin spesialitet, som ivaretek god pasientsikkerheit, heilskaplege pasientforløp og saumlause overgangar mellom tenestenivå. Vidare skal studentane tileigne seg kompetanse til å nytte verktøy for kvalitetsforbetring og kunnskapsbasert praksis og utvida kompetanse innan helsepedagogikk, der helsetenesteutvikling og innovative løysingar skal sikre betre pasientoppfølging. Forskingsaktivitet kombinert med klinisk kompetanse er vesentleg for å kunne tilby ei sjukepleieteneste av god kvalitet. Studentane skal utvikle evna si til å integrere tilgjengeleg kunnskap frå forsking saman med erfaringsbasert kunnskap og kunnskap som brukaren sjølv har, som ein del av å styrke kvaliteten på sjukepleie og behandling og ivareta pasientsikkerheita.
Masterstudiet har krav om 150 timar kliniske studium innanfor spesialiteten. Studiet sitt litteraturgrunnlag, refleksjon og erfaringsutveksling knytt til praksis vil utvikle spesialisert fagforståing og fagutøving, inkludert å gi tilpassa informasjon, støtte og rettleiing til pasientar og pårørande. Det er eit mål i studiet utvikle kompetanse i å kunne førebygge sjukdom og komplikasjonar, og for å kunne fremje helse, meistring og livskvalitet. Masterutdanninga gir studentane naudsynt fordjuping i vitskapleg metode for å drive kontinuerleg fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid i helsetenesta og delta i forskingsprosjekt.
Utdanninga kvalifiserer til å arbeide som spesialsjukepleiar og/eller rådgjevarar i spesialisthelsetenesta, i primærhelsetenesta og innanfor andre relevante helsetenestetilbod.
Spesialisering gastrosjukepleie
Studiet kvalifiserer til å utøve spesialsjukepleie overfor pasientar med sjukdomar i fordøyingssystemet. Spesialkompetansen er eit sentralt bidrag til å betre meistring og livskvalitet for denne pasientgruppa. Gastrosjukepleiarar arbeider i eit breitt fagfelt med mange spesialområde. Stadig nye behandlingsmetodar og teknologiske nyvinningar krev spesialisering på ulike nivå i helsetenesta. Studiet har som mål å vidareutvikle handlingskompetanse innan gastrosjukepleie. Mange pasientar opplever at livssituasjonen endrar seg ved sjukdom i fordøyingssystemet. Det kan vere operative inngrep eller medisinske tilstandar som fører til at ein må ta omsyn til sjukdomen. Kreft i tjukk- og endetarm er den nest vanlegaste førekomande kreftforma i Noreg for menn og kvinner sett under eitt. Pasienten treng forståing for psykologiske aspekt ved å leve med kronisk og alvorleg sjukdom. Gastrosjukepleiarar må meistre eit breitt spekter av ferdigheiter, og ha spesialisert og oppdatert kunnskap som krevst ved akutte situasjonar, i lindrande behandling og i rehabilitering. Sjukepleiaren må kunne rettleie, undervise og gje råd i samband med akutt og kronisk sjukdom, i bruk av utstyr og medikament, og sikre at væske- og ernæringsbehovet blir ivareteke. Sjukepleiaren skal bidra til at pasient og pårørande best kan tilpasse si situasjon til det sosiale livet.
Spesialisering infeksjonssjukepleie og smittevern
Studiet legg til rette for å utvikle kompetanse innan smittevern på systemnivå og klinisk sjukepleie til pasientar med infeksjonar på individnivå. Kompetansen er eit sentralt bidrag for å kunne delta aktivt i behandling av pasientar med infeksjonar og å rettleie pasientar, pårørande og medarbeidarar om infeksjonssjukdomar med eller utan risiko for smittespreiing. Pasientar som blir behandla på sjukehus og sjukeheimar har alltid ein risiko for å få ein helsetenesteassosiert infeksjon og/eller bli kolonisert med resistente bakteriar under opphaldet. I eit samfunnsperspektiv vil alvorlege utbrot av smitteførande agens eller utbrot av resistente bakteriar i helsetenesta understreke behovet for god beredskap innan smittevern. Antibiotikaresistens er eit aukande problem både i og utanfor institusjonar, og tiltaka for å redusere bruk av antibiotika er å førebyggje tilstandar som krev antibiotikabehandling og å hindre at antibiotika vert brukt på feil måte. Sjukepleiarar har ein viktig rolle i utarbeiding og vedlikehald av infeksjonskontrollprogram, antibiotikastyringsprogram og i å medverke til at forskriving av antibiotika skjer ut frå korrekt informasjon om pasientens tilstand og ut frå aktuell mikrobiologisk data.
Spesialisering lungesjukepleie
Studiet kvalifiserer til å utøve spesialsjukepleie til pasientar med lungesjukdomar og pusteproblem forårsaka av andre sjukdomar eller skader. Helsetilstanden til befolkninga er i endring, og talet på personar med kroniske lungesjukdomar aukar. Insidensen av kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) og lungekreft vil auka mot 2030. KOLS aleine er venta å verte den femte største årsaka til tapte uførejusterte leveår (DALYs) i 2020. Stadig nye behandlingsmetodar og teknologiske nyvinningar krev spesialisering på ulike nivå i helsetenesta. Dette medfører store utfordringar og krev kunnskap, samarbeid og koordinering for å oppnå kvalitet, tryggleik og tilgjengelegheit i helsetenestene. God fagutøving krev evne til å integrere tilgjengeleg kunnskap frå forsking med erfaringsbasert kunnskap, kombinert med brukarkunnskap. Studiet har som mål å vidareutvikle handlingskompetanse innan lungesjukepleie. Mange pasientar opplever at livssituasjonen endrar seg ved sjukdom i lungene. Pasienten treng forståing for psykologiske aspekt ved å leve med kronisk og alvorleg sjukdom. Lungesjukepleiarar må meistre eit breitt spekter av ferdigheiter og ha oppdatert kunnskap som krevst ved akutte situasjonar, i palliativ behandling og i rehabilitering. Sjukepleiar må kunne rettleie, undervise og gi råd i samband med akutt og kronisk sjukdom, i bruk av utstyr og medikament, samt å sikre at væske- og ernæringsbehovet blir oppretthaldt. Sjukepleiar skal bidra til at pasient og pårørande best kan tilpasse si situasjon til det sosiale livet.
Spesialisering nevrosjukepleie
Nye behandlingsmoglegheiter og avanserte undersøkingar fører med seg store utfordringar innan nevrosjukepleie, og krev samarbeid og koordinering for å oppnå kvalitet, tryggleik og tilgjengelegheit i helsetenestene. Pasientar og brukarar med behov for sjukepleie relatert til nevrologiske sjukdomar eller skadar i hjerne- og nervesystemet finn vi både i og utanfor sjukehus. Nokre har akutte sjukdomar eller skadar, medan andre har medfødde eller erverva kroniske sjukdomar. Innanfor fagområdet nevrosjukepleie tilbyr ein behandling til pasientar og brukarar i alle aldersgrupper og med ulik bakgrunn. Ein nevrosjukepleiar må meistre eit breitt spekter av ferdigheiter og ha oppdatert kunnskap som vert krevd ved akutte livstrugande situasjonar, rehabilitering og i livslang palliativ behandling. Den spesialkompetansen ein nevrosjukepleiar har, er eit viktig bidrag til betre meistring og livskvalitet for denne pasientgruppa.
Spesialisering stomi- og kontinenssjukepleie
Stomi- og kontinenssjukepleie er ei spesialisering der ein har fokus på sjukepleie til menneske som blir råka av sjukdom eller tilstandar i gastrointestinaltraktus, urinvegane, genitalia eller nervesystemet, og på grunn av dette må leve med stomi, reservoar, fistlar/dren, avføringsinkontinens/obstipasjon/bekkensmerter eller perkutan ernæringssonde. Dette vil krevje stor grad av tilpassing og ofte permanente endringar i livet, og vil naudsynleggjere spesialkunnskap hos sjukepleiarar som skal ivareta desse pasientane. Gjennom studieretninga stomi- og kontinenssjukepleie vil ein få spesialkunnskap om dei nemnde pasientgruppene, slik at ein skal kunne førebu, pleie, behandle, støtte og rettleie dei i høve til fysiske, psykiske, sosiale, seksuelle og kulturelle utfordringar.
Spesialkompetansen er eit viktig bidrag til betre meistring og livskvalitet for denne pasientgruppa.
Spesialisering i uroterapi
Sjukdomar og funksjonsforstyrringar i urinvegane kan råka kvinner og menn, frå nyfødde til dei skrøpelegaste eldste. Mange må handtera ei endra livssituasjon i lang tid. Medfødde tilstandar, medisinske tilstandar eller operative inngrep kan vere årsak til sjukdomen eller funksjonsforstyrringa. Pasientane treng forståing for psykologiske aspekt ved å leve med kronisk og/eller alvorleg sjukdom. Uroterapeuten må kunne rettleie, undervise og gje råd i samband med akutt og kronisk sjukdom og funksjonsforstyrring, i bruk av utstyr og medikament, samt å tryggje at eliminerings behov vert ivareteke. Uroterapeuten skal kjenna til teknikkar for å redusere fysisk og psykisk smerte og ubehag knytt til elimineringsprosessen og bidra til at pasient og pårørande best mogleg kan fungere i det sosiale livet. Studiet har som mål å vidareutvikle handlingskompetanse innan uroterapi.
Spesialisering rettsmedisin i sjukepleia
Rettsmedisin i sjukepleia sirtt bidrag i helsetenesta er å tilby eit heilskapleg hjelpetilbod til personar som har vore utsett for ulike typar vald og seksuelle overgrep. Utdanninga vil bidra til å auke rettstryggleiken for dei fornærma ved at kriminelle handlingar som vald og overgrep blir dokumenterte og spor sikra, slik at det er mogleg å nå fram i rettsapparatet med slike saker. Studiet er tett knytt til brot på menneskerettar og norsk lov. Utdanninga skal utdanne sjukepleiarar med spesialistkompetanse som kan gi trygg og effektiv hjelp til alle vald- og overgrepsutsette, og same kvalitet på hjelpa som vert tilbydd, uavhengig av kvar ein er i landet. Studenten skal få avansert innsikt og ferdigheiter knytt til tverrprofesjonelt samarbeid for å sikre god hjelp og framtidig tryggleik.
Skikkavurdering
Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kommer i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje viss det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.
Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.
Opptakskrav
Bachelorgrad i sjukepleie.
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Minst 2 års yrkespraksis som sjukepleiar etter fullført utdanning.
For påbygg: Fullført vidareutdanning i klinisk sjukepleie (60 sp) i studieretninga du søkjer på, enten: gastrosjukepleie, infeksjonssjukepleie og smittevern, lungesjukepleie, nevrosjukepleie, stomi- og kontinenssjukepleie, uroterapi eller rettsmedisin i sjukepleie.
Opptakskrav
Opptakskrav
Bachelorgrad i sjukepleie.
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Minst 2 års yrkespraksis som sjukepleiar etter fullført utdanning.
For påbygg: Fullført vidareutdanning i klinisk sjukepleie (60 sp) i studieretninga du søkjer på, enten: Gastrosjukepleie, infeksjonssjukepleie og smittevern, lungesjukepleie, nevrosjukepleie, stomi- og kontinensjukepleie, uroterapi eller rettsmedisin i sjukepleie.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten …
- har avansert kunnskap om sjukepleie til pasientgrupper innan sin spesialitet.
- har djup innsikt i patologi, patofysiologi og farmakologi som grunnlag for sjukepleie innan sin spesialitet.
- har djup innsikt i helsepedagogiske teoriar og digitale verktøy for bruk i pasientopplæring og kartlegging av pasienters helsetilstand.
- har djup innsikt i teoriar om pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring, og om trinnene i kunnskapsbasert praksis.
- har avansert kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar, forskingsdesign, forskingsmetodar, datainnsamlings- og analysemetodar og forskingsetikk.
- har djup innsikt i faglege og vitskaplege problemstillingar innan sin kliniske spesialitet.
- kan analysere og kritisk vurdere forskingsfunn innan sin kliniske spesialitet.
Ferdigheiter:
Kandidaten…
- kan sjølvstendig utøve avansert klinisk sjukepleie til pasientar som er akutt sjuke, kronisk sjuke, kreftpasientar eller pasientar som har funksjonsforstyrringar i den kliniske spesialiteten.
- kan sjølvstendig prioritere og handle forsvarleg ved å ivareta kvalitet og pasientsikkerheit i utøvinga av sjukepleien.
- kan identifisere, vurdere og analysere teikn og symptom på ulike sjukdomstilstandar for å kunne setje i verk førebygging, utgreiing og behandlingstiltak, inkludert livsstilsintervensjonar innan sin spesialitet.
- kan gjere sjølvstendige kliniske vurderingar og ta avgjerder om sjukepleietiltak som kan fremje helse, meistring og livskvalitet.
- kan nytte relevante helsepedagogiske tilnærmingar for å støtte pasienten si medverknad.
- kan utøve sjukepleie basert på kritisk vurdering av forskingskunnskap, erfaringskunnskap og pasienten/brukaren sine preferansar og behov.
- kan gjennomføre eit avgrensa utviklings-, forbetring- eller forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskningsetiske normer.
Generell kompetanse:
Kandidaten…
- kan samhandle med pasientar/brukarar, deira pårørande og andre yrkesgrupper ved planlegging, organisering og utøving av sjukepleie i helsetenesta.
- kan nytte si kompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid slik at oppfølging og behandlingstilbod til pasienten/brukaren blir samanhengande på tvers av tenestenivå.
- kan rettleie pasientar, deira pårørande og andre yrkesgrupper.
- kan formidle faglege problemstillingar i klinisk praksis, utdanningsinstitusjonar og fagtidsskrift/vitskaplege tidsskrift.
- kan nytte fagleg kunnskap kritisk og reflektere over eigen klinisk praksis.
- kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing og nytte si kompetanse på nye område for å bidra til fagutvikling.
Innhald
Studiet er organisert fleksibelt slik at studenten kan søkje seg inn på a) vidareutdanning (60 stp) deltid, b) heil master (120 stp) deltid, eller c) suppleringsopptak for å gjennomføre dei siste 60 stp på deltid.
Masterstudiet gir 120 studiepoeng og er organisert som eit deltidsstudium over åtte semester. Fullført første 60 stp kvalifiserer til vidareutdanning i kliniske spesialitetar. Mastergradsstudiet utdannar sjukepleiarar med spesialkompetanse primært til direkte klinisk arbeid, men òg til helseleiing, pasientsikkerheitsarbeid, kvalitetsforbetring, helsetenesteutvikling, undervising, fagutvikling og forsking. Kandidatane vil være særleg godt kvalifisert for kombinerte stillingar som omfattar både klinisk arbeid og praksisnær forskings- og utviklingsarbeid.
Studiet er samlingbasert, med 2-3 samlingar pr. semester. Arbeidsomfang svarar til 27 timar pr. studiepoeng.
Ved at studiet er organisert som deltidsstudium vil studenten få høve til å bidra med praksisnær erfaring i utdanninga og integrere ny kunnskap i eigen arbeidspraksis.
Masterstudiet inneheld seks emne:
Helsepedagogikk, helsetenesteutvikling og innovasjon (15 sp)
Klinisk spesialitet, generell del (15 sp)
Pasientsikkerheit, kvalitetsforbetring og kunnskapsbasert praksis (15 sp)
Klinisk fagleiing og fordjuping i klinisk spesialitet (15 sp)
Vitenskapsteori, forskingsetikk og metode (15 sp) - nettbasert
Masteroppgåve (45 sp)
Praksis
I løpet av studiet skal studenten gjennomføre 150 timar kliniske studiar for å fordjupe seg innan sin spesialitet. Dei kliniske studia er ikkje rettleia, det vil seie at dei ikkje er underlagt vurdering. Dei kliniske studia bør helst gjennomførast på ein annan stad enn eigen arbeidsplass. Praksisstader vert valde i samråd med emneansvarleg. Studenten tek sjølv kontakt med praksisstader der studenten ønskjer å gjennomføre dei kliniske studia. Dette gjeld ikkje for stomi- og kontinenssjukepleie og uroterapi, der emneansvarleg vil organisere dei kliniske studia
For studieretning rettsmedisinsk sjukepleie gjeld følgjande: Den kliniske praksisen skal helst gjennomførast ved ei legevakt, akuttmottak eller overgrepsmottak, helst ein annan stad enn der studenten har si faste verksemd.
I dei kliniske studia inngår deltaking i rettssak knytt til vald og/eller overgrep, minimum 15 timar. I tillegg kjem besøk hos samarbeidspartar - Krisesenter – Kompetansesenter mot seksuelle overgrep (Nok.), Barnehuset, Alternativ til vald (ATV), Senter for krisepsykologi, Regionale senter mot vald (RVTS), politi, bistandsadvokat, osv. 15 timar.
Dei kliniske studia er obligatorisk læringsaktivitet som skal godkjennast av emneansvarleg den enkelte spesialitet. 90% av dei kliniske studia skal vere knytt til pasientrelaterte situasjonar. Dei kliniske studia er obligatoriske, og fråvær utover 10 % må takast igjen etter avtale for at dei kliniske studia kan bli godkjende.
Arbeidsformer
Arbeidsformene i studiet speglar læringsutbytebeskrivingane og kva vurderingsformer som blir nytta i dei enkelte emna.
Undervisninga er lagt opp med ulike studentaktive undervisnings- og læringsformer. Arbeidsformer som blir brukte, er førelesingar, ferdigheitstrening, simulering, seminar, framlegg og opposisjon, gruppearbeid, kliniske studium, nettbaserte arbeidsformer og sjølvstudium. Studiet har både obligatorisk og sjølvvald litteratur.
Det blir venta at studentane tek medansvar både for eigen og medstudentars faglege utvikling og læring for å nå læringsutbytta. Diskusjonar, argumentasjonar og munnlege framlegg blir vektlagde i undervisninga. Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir lagt vekt på, og det blir venta at studentane nyttar erfaringar og refleksjonar frå eigen arbeidsplass og frå dei kliniske studia. Studiet er lagt opp slik at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper.
Det krevst 80 % frammøte i studentaktiv og erfaringsbasert undervisning. Canvas blir nytta som studiestøttesystem.
Obligatoriske læringsaktivitetar
Obligatoriske læringsaktivitetar omfattar alle former for obligatoriske arbeid og aktivitetar som blir sett som vilkår for å gå opp til eksamen. I dette studiet består obligatoriske læringsaktivitetar av:
Skriftlege oppgåver
Munnlege framlegg og opposisjon
Kliniske studium
Framlegg av eige arbeid i plenum
Deltaking i nettbaserte læringsformer og testar
Deltaking i ferdigheitstrening og simulering
Deltaking i løysing av pasientkasus/case
Obligatorisk rettleiing på oppgåver
Deltaking på oppgåveseminar
Respons frå medstudentar
Studenten får skriftleg og/eller munnleg tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på skriftlege oppgåver, både med omsyn til form og innhald.
Vurderingsformer
Studenten vil møta ulike vurderingsformer gjennom studiet. Vurderingsformene skal ivareta ei kontinuerleg prosess med eit tosidig formål: Å fremje læring og dokumentere at studenten har nådd læringsutbyttet.
Studentane vert vurderte med utgangspunkt i emnets læringsutbyte. Vurderinga skjer i samsvar med forskrift om studiar og eksamen ved HVL.
Vurderingsformer som blir nytta på studiet er:
Heimeeksamen – individuell og i gruppe (tidsavgrensa)
Skuleeksamen
Oppgåver
Praktisk teoretisk eksamen (rettmedisinsk sjukepleie)
Masteroppgåve
Vurderingsuttrykket er enten gradert karakter A-E for bestått og F for ikkje bestått, eller bestått/ikkje bestått.
Krav til studieprogresjon
Dei to første semestera må vere bestått for å starte på 4. semester.
Fjerde semester må vere bestått før studenten kan starte på 5. semester. For å levere masteroppgåva må alle føregåande emne vere bestått.
Internasjonalisering
Høgskulen har brei satsing på internasjonalisering med student- og lærarutveksling og forskingssamarbeid. Det kan leggjast til rette for at delar av kliniske studiar kan avviklast i utlandet. I samband med masteroppgåva kan studentane inkluderast i dei tilsette sitt forskingsprosjekt og internasjonale samarbeidsrelasjonar. Dersom studenten er tilknytt eit internasjonalt forskingssamarbeid, kan det vere aktuelt med ein medrettleiar frå aktuell samarbeidspart i arbeidet med masteroppgåva.