Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
For å bli tatt opp på doktorgradsstudiet må du kunne dokumentere følgjande:
- Fullført relevant mastergrad, hovudfag eller tilsvarande med gode studieresultat, det vil seie normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva og eit gjennomsnitt på B for studiedelen.
- Finansiering tilsvarande tre årsverk og driftsmiddel for å kunne gjennomføre forskingsdelen av utdanninga
- Prosjektskildring der det mellom anna blir gjort greie for tema, problemstillingar, val av teori og metode m.m.
- Framlegg til minst ein rettleiar og stadfesting på at vedkomande har sagt seg villig.
Om å søke opptak til HVL
Studiet har som premiss at danning ter seg ulikt i ulike utdanningskontekstar. Studiet tar difor ikkje utgangspunkt i ein bestemt definisjon av danningsomgrepet, men opererer med ei vid tenking om danning. Studiet utfordrar til nye måtar å studere danning på som praksisrelaterte prosessar, for eksempel spenning mellom danning, institusjonelle mekanismar og sjølv-danning, reproduksjon og endring.
Studiet er tverrfagleg og samlar forskningstradisjonar, forståing av og refleksjon over didaktiske praksisar frå ulike fagfelt. Ein studerer danning som noko som blir til og forstått gjennom ulike typar didaktiske praksisar, og som utfordrar den ofte framsatte motsetninga mellom teori og praksis. Felles for fagområda er danningsomgrepet som gir rom for både det som formar og det som blir forma. Studiet skal på bakgrunn av dette utforske, prøve ut og vidareutvikle vitskaplege metodar og forskingsmodellar og soleis styrke forskingsbasert profesjonsutøving.
HVL utdannar lærarar til barnehage, skule og kultursektor, og ph.d.-studiet knyter saman undervisnings- og læringspraksisane i desse institusjonane med studium av sentrale danningstekstar og forskingsutfordringar i feltet. Studiet samlar ulike fagtradisjonar si forståing av og refleksjon over epistemologi, estetikk og etikk i barn og unges leik, læring og utforsking.
Utveksling
Du kan gjennomføre eit utanlandsopphald i opplærings- eller forskingsdelen. Forskingsdelen består av 150 studiepoeng, og utanlandsopphald i løpet av denne perioden avtalast med rettleiar. Om du ønskjer å studere i utlandet i opplæringsdelen (30 studiepoeng) må du kontakte administrativ kontakt for ph.d.- studiet for å få godkjenning av emne.
Desse kriteria gjeld for utanlandsopphald i løpet av opplæringsdelen
- Minimum 15 studiepoeng må framførast ved HVL.
- Emnet PHD901 Danning og didaktiske praksisar på 10 studiepoeng må framførast ved HVL.
- Emnet PHD902 Vitskapsteori, etikk og akademisk tekstarbeid på 10 studiepoeng er obligatorisk, men om du finn tilsvarande emne ved ein utanlandsk institusjon kan du søke om å få dette godkjent.
- Emnet PHD903 Forskingsmetodologi og -design på 5 studiepoeng er obligatorisk, men om du finn tilsvarande emne ved ein utanlandsk institusjon kan du søke om å få dette godkjent.
- 5 studiepoeng er valfritt og kan takast ved ein utanlandsk institusjon. Emnet må vere på ph.d.-nivå og fagleg relevant.
Kor kan du reise?
Danmark | Aarhus University
Sverige | Stockholm University
Tyskland | Chemnitz University of Technology
Tyskland | Pädagogische Hochschule Freiburg