Studieplan - Master i spesialsjukepleie
Hausten 2024
Studieprogrammet inneheld teoretisk, praktisk og forskingsbasert anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie og operasjonssjukepleie i tråd med samfunnet sine krav. Sentrale element i studieprogrammet er sjølvstende, medvit i situasjonen, observasjons-, vurderings- og avgjerdskompetanse, samt evne til å handtere planlagde, komplekse, akutte og kritiske pasientsituasjonar.
Studieprogrammet legg vekt på kompetanse i forskings-, utviklings- og kvalitetsforbetrande arbeid i helsefagleg arbeid generelt, og spesielt i klinisk pasientarbeid i anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie. Studieprogrammet legg vekt på analyse og kritisk tenking i tilnærminga til litteraturgrunnlaget for fagfelta.
Studieprogrammet utgjer eit grunnlag for livslang læring, for berekraftig utvikling av anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie og operasjonssjukepleie i takt med demografiske og teknologiske endringar, innovasjon, endrings- og forbetringsarbeid og brukarmedverking på individ- og systemnivå.
Etter å ha fullført dei første 90 studiepoenga av masterstudiet, er ein kvalifisert for å søke på stillingar som anestesisjukepleiar, barnesjukepleiar, intensivsjukepleiar eller operasjonssjukepleiar, avgrensa til å medverke i utvikling av kunnskapsbasert praksis innan eige ansvarsområde.
Skikkavurdering
Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kommer i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje dersom det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.
Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.
Opptakskrav
Opptakskrav master i spesialsjukepleie:
▪ Bachelorgrad i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
▪ Minst 2 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon.
Opptakskrav til påbygg i master i spesialsjukepleie:
▪ Bachelorgrad i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
▪ Fullført vidareutdanning i ein av spesialiseringane anestesi-, barne-, intensiv- eller operasjonssjukepleie.
Søkarar blir rangerte i tråd med § 4-3 i forskrift for opptak til Høgskulen på Vestlandet.
Det blir gitt tilleggspoeng for praksis ved opptak til master, men ikkje ved opptak til påbygg.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført masterstudium i spesialsykepleie, har følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten…
- har avansert kunnskap innanfor anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie sitt funksjons- og ansvarsområde
- har inngåande kunnskap om behandling av akutt og kritisk sjuke i alle aldrar
- har inngåande kunnskap om førebygging, rehabilitering og habilitering av utviklingskader, komplikasjonar og ubehag ved skade, sjukdom og funksjonsnedsetjing
- har inngåande kunnskap om akutt og kritisk sjukdom i eit alders- og fleirkulturelt perspektiv, pasientar og pårørande sine opplevingar og reaksjonar, og kva dei treng i situasjonen
- har inngåande kunnskap om korleis pasienten sin kognitive tilstand og utviklingsnivå påverkar pasientar si meistringsevne og helsekompetanse ved akutt og/eller kritisk sjukdom
- har inngåande kunnskap om faglege problemstillingar med utgangspunkt i anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie sin historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
- har spesialisert innsikt i metodisk tilnærming i eige forskings- eller kvalitetsarbeid
- har inngåande kunnskap om vitskapsteori og forskingsmetode
- har inngåande kunnskap om kvalitetsarbeid, med metodar for kvalitetsforbetring og kvalitetskontroll
- har avansert kunnskap og spesialisert innsikt i eit sjølvvald område relevant for anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie
Ferdigheiter
Kandidaten…
- kan analysere, vurdere og sjølvstendig ivareta pasientar sine vitale funksjonar i akutte situasjonar i og utanfor sjukehus
- kan arbeide sjølvstendig med problemløysing i funksjons- og ansvarsområdet til anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie
- kan førebygge pasientskade og komplikasjonar ved akutt og kritisk sjukdom og skade
- kan observere, vurdere og identifisere pasientar sine generelle og spesielle behov, ressursar og problem gjennom kommunikasjon og samhandling med pasientar og pårørande
- kan redusere stress, smerte og ubehag ved avansert behandling og sjukepleie
- kan analysere valsituasjonar, tenke kritisk og handle i samsvar med eigen kompetanse, etiske prinsipp, personvern og gjeldande lovverk
- kan sjølvstendig bruke truverdige pedagogiske prinsipp til å rettleie og undervise pasientar og omsorgspersonar frå ulike kulturar, og til eiga faggruppe og andre i helseteamet
- kan analysere og tenke kritisk gjennom tilgangen til ulike informasjonskjelder og ta dei i bruk til å strukturere og formulere faglege resonnement innan anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie
- kan analysere og tenke kritisk gjennom tilgangen til teori og forsking og ta i bruk stoffet til å strukturere og formulere faglege resonnement i anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie
- kan gjennomføre et sjølvstendig, avgrensa forskings- eller kvalitetsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse:
Kandidaten…
- har handlingskompetanse som bidrar til pasientsikkerheit for pasientar som treng anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie
- kan handle ut frå prinsipp om person- og familiesentrert omsorg
- kan ta i bruk kunnskap og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre personsentrert anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie
- kan samhandle fleirfagleg og tverrfagleg i pasientbehandlinga
- kan utøve kunnskapsbasert praksis
- kan sikre sensitive personopplysingar etter gjeldande lover og forskrifter
- kan mogne eigne reaksjonar i samband med arbeidet, og hjelpe kollegar med deira opplevingar og reaksjonar
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar i anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie ut frå fag-, forskings-, erfarings- og pasientkunnskap
- kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for å betre tenestetilbodet generelt og sjukepleietilbodet spesielt
- kan ta i bruk kunnskap og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre prosjekter i anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie
- kan formidle og kommunisere forskingsbasert kunnskap i møte med pasientar, pårørande, helsepersonell og allment
- kan tenke kritisk gjennom kva teknologi har å seie for nyvinningar og nye avgrensingar
Innhald
Studieprogrammet er bygd opp kring følgande kompetanseområde:
Anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie som fag og profesjon
Klinisk utøving, observasjons-, vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse innen enten av anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie
Teknologi, digital kompetanse og medisinsk utstyr
Fagleg leiing og samhandling
Kvalitet, pasientsikkerheit og innovasjon
Vitskapsteori, forskingsmetode og kunnskapsbasert praksis
Forsking, kvalitetsarbeid og formidling
Emna i studieprogrammet er bygd opp kring vekslinga mellom praksisstudium og litteraturstudium som grunnlag for utvikling av personleg kompetanse, innsikt i det enkelte fagfeltet si utvikling fram til no og i framtida. Studieprogrammet er bygd opp kring analyse og kritisk tenking i tilnærminga til litteraturgrunnlaget i fagfelta. Anestesisjukepleieutdanninga skal ha minimum 10 dagar simulering i teoristudia. På barnesjukepleieutdanninga skal simulering gjennomførast i teoristudia. I intensivsjukepleie og operasjonssjukepleie, kan simulering og ferdigheitstrening erstatte inntil 2 veker praksisstudium.
Praksis
Praksisstudia, i alle fire studieretningane, legg vekt på innsikt og kompetanse innanfor komplekse, livstruande, langvarige og palliative forløp. Praksisstudia legg også vekt på at kompetansen studentane tileignar seg har overføringsverdi til sjeldan førekommande situasjonar/komplikasjonar.
I praksisstudia tilbyr Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde relevante læresituasjonar, kunnskapsbaserte tenester og kompetente rettleiarar.
Høgskulen på Vestlandet har ansvar for å følge opp studentane i praksisstudia, og skal vera oppdatert i helseføretaka sine problemstillingar og støtte i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde har ansvar for den daglege rettleiinga og oppfølginga av studenten, og skal sørge for at praksisrettleiar er anestesisjukepleiar, barnesjukepleiar, intensivsjukepleiar eller operasjonssjukepleiar, fortrinnsvis med masterkompetanse.
Læringsaktivitetar og rettleiingsmetodikk i praksisemna er knytt til
- Ei samtale kring læringsutbytte, ei midtvurdering og ei sluttvurdering i kvart emne
- Klinikksamlingar
- Rettleiingsgrupper
- Individuell rettleiing
- Hospitering
- 90 % obligatorisk frammøte
- Veksling mellom teoristudium og praksisstudium i emna
Praksisstudia utgjer 30 veker. Studieretningane anestesi- og barnesjukepleie har 30 veker praksisstudium med i gjennomsnitt 30 timar per veke i direkte pasientnært arbeid. Studieretningane operasjon- og intensivsjukepleie har 30 veker praksisstudium med i gjennomsnitt 30 timar per veke i direkte pasientnært arbeid, og i desse studieretningane kan to av vekene erstattast med simulering og ferdigheitstrening.
Arbeidsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta i studiet, som førelesingar, studentaktive læringsformer som skriftlege oppgåver, digitale undervisningsformer, studentframlegg, ferdigheitstrening, simulering, seminar, gruppearbeid, praksisstudium, nettbaserte arbeidsformer og sjølvstudium, skriftlege og praktiske arbeidskrav.
Vurderingsformer
Studiet inneheld vurderingsformer som set krav til sjølvstendig analyse og kritisk tenking/ vurdering. Studentar møter ulike vurderingsformer gjennom studiet. Vurderingsformene skal ivareta ein kontinuerleg prosess med eit tosidig formål: Fremje læring og dokumentere at studenten har oppnådd læringsutbyttet.
Studentane skal vurderast med utgangspunkt i emna sine læringsutbytte. Vurdering skjer etter høgskulen si forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsformer som blir nytta på studiet er:
Heimeeksamen i gruppe
Heimeeksamen individuelt
Skriftleg skuleeksamen
Oppgåve
Vurderingsuttrykket er anten gradert karakter A-E for bestått og F for ikkje bestått, eller bestått/ikkje bestått.
Krav til studieprogresjon
For å fremje studentane sin progresjon og oppnådd læringsutbyte blir det stilt krav til studieprogresjon.
Praksisemne må alltid vere bestått før studenten kan begynne i neste praksisemne.
Alle emna i første studieår må vere bestått før studenten kan starte med masteroppgåva og alle emna må vere bestått før studenten kan levere masteroppgåva.
Internasjonalisering
Teoristudium for master i spesialsjukepleie
I eit samarbeid med Tartu, er det utvikla eit 3 studiepoengs emne i pasientsikkerheit meint for utveksling mellom landegrensene.
Praksisstudium i anestesisjukepleie
Studentane har høve til utanlandsopphald i 3. semester med praksisstudium i anestesisjukepleie. Det er avtale via NORDANNET (København, Aarhus, Gøteborg, Reykjavik og Torshavn).
Praksisstudium i barnesjukepleie
Det blir arbeidd med å leggje til rette for at studentar ved barnesjukepleieutdanninga reiser ut til institusjonar som kan bidra til å nå læringsutbytta som handlar om internasjonale forhold. Studentane kan gjennomføre inntil 15 ECTS av dei kliniske emna. Studentar kan nytte eit utvekslingsopplegg eller gjennomføre delar av utdanninga innafor HVL sine samarbeidsavtalar i utlandet.
Praksisstudium i intensivsjukepleie
Studentane har høve til utanlandsopphald i 3. semester med praksisstudium i intensivavdelingar. Det er avtala via NORDPLUSS (Borås, Gøteborg, Reykjavik og Torshamn).
Praksisstudium i operasjonssjukepleie
Studentane har høve til utanlandsopphald i 3. semester med praksisstudium i operasjonsavdelingar via utvekslingsavtale med NORDSNE.
I semesteret for masteroppgåva ,6. semester, kan studentane opphalde seg i utlandet med tilbod om rettleiing over digitale plattformer. Studentane må sørge for å oppfylle arbeidskrav og obligatoriske aktivitetar knytt til emne.