Hopp til innhald

Studieplan - Master i sosialvitskap

Hausten 2024

Masterprogrammet tilbyr tre ulike studieretningar innanfor henholdsvis barnevernsarbeid, miljøterapeutisk arbeid og samfunnsarbeid. Fullført studium vil gi tittelen master i sosialvitskap med studieretning barnevernsarbeid, miljøterapeutisk arbeid eller samfunnsarbeid.

Studieretninga barnevernsarbeid fyller krava som er sett til innhaldet av master i barnevernsarbeid slik det kjem fram av Forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i barnevernsarbeid.

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-04-09-1148?q=barnevernsarbeid

Sosialvitskap er kunnskap om sosiale forhold på individ, gruppe- og samfunnsnivå, og korleis prosessar kan bidra til inkludering og deltakelse eller marginalisering og sosial ulikskap. Formålet med masterstudiet i Sosialvitskap er å utdanne yrkesutøvarar som har analytisk, kritisk og praktisk kompetanse for å kunne arbeide med komplekse problemstillingar i møte med brukarar og i tenesteutvikling innanfor og på tvers av ulike delar av helse og velferdstenester, samt sivilsamfunnet inkludert brukar- og frivillige organisasjonar. Vidare vektlegg studiet arbeid med nettverk, sosiale fellesskap, lokalsamfunn og organisasjonar. I løpet av masterstudiet skal studentane tileigne seg avansert kunnskap om ulike betingelsar for sosial ulikskap, marginalisering, deltakelse og medborgarskap, samt kunnskap om metode og vitskapsteori. Studiet vektlegg perspektiv som er anvendbare i både lokale, nasjonale og globale samanhengar.

Etter fullført studium vil studentane vere kvalifiserte for arbeid innan ulike velferdstenester som barnevern, helse- og omsorgstenester, NAV og frivillig sektor. Studieretningane bidrar til å gi kandidatane spesialisering som rettar kompetansen deira mot spesifikke felt, som til dømes barnevernsarbeid, noko som spesielt kvalifiserer for arbeid innan barnevernsfeltet.

Master i Sosialvitskap kvalifiserer for arbeid i ulike kompetansemiljø, forskings- og utdanningsinstitusjonar. Vidare kvalifiserer studiet for opptak til doktorgradsstudiar, som til dømes Helsefunksjon og deltakelse og Ansvarleg innovasjon og regional utvikling - RESINNREG ved HVL.

Studieretninga barnevernsarbeid
Studieretninga barnevernsarbeid har som mål å utdanne kandidatar som har djup kompetanse om barn, unge og familiar i utfordrande livssituasjonar, og om kva forhold i samfunnet som spesielt påverkar velferd og kvardag for desse. Studieretninga legg vekt på korleis sosial ulikskap kan bidra til marginalisering og utestenging, og kva for konsekvensar dette kan ha for kvardagen til barn, unge og familiar. Vidare vil utdanninga særleg rette merksemda mot korleis ein kan leggje til rette for deltakelse og medborgarskap for barn, unge og familiar i utfordrande livssituasjonar.

Kandidatane skal tileigne seg kunnskap og kompetanse som er relevant for barnevernsarbeid. Etter fullført studium skal kandidatane kunne nytte denne kunnskapen analytisk, kritisk og praktisk i arbeid med komplekse problemstillingar i møte med barn og unge og deira familiar, og bidra til å betre deira livssituasjon. Kandidatane skal også kunne reflektere kritisk over eigen praksis, og vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, forsking og relevant rettspraksis. Kandidatane skal også kunne ta initiativ til og leie prosjekt for fagutvikling, samt utvikle relevante problemstillingar, og kunne utforme og gjennomføre forsking.

Studieretninga er retta mot og relevant for arbeid innan ulike område av barnevernsfeltet. Studieretninga barnevernsarbeid kvalifiserer for stillingar i kommunalt og statleg barnevern der det frå 2031 blir stilt krav om masterutdanning for visse funksjonar/oppgåver. Kandidatane si kompetanse er òg relevant for arbeid på andre arenaer som jobbar med barn, unge og familiar i utfordrande livssituasjonar.

Studieretninga miljøterapeutisk arbeid
Målet med studieretninga Miljøterapeutisk arbeid er å utdanne yrkesutøvarar med djup kompetanse i miljøterapeutisk arbeid. Miljøterapeutisk arbeid blir forstått som planlagt og systematisk tilretteleggjing gjennom bruk og tilrettelegging av miljøet, slik at det kan bidra til habilitering, rehabilitering og omsorg.

Etter fullført studium skal kandidatane nytte denne kunnskapen til å planleggje, gjennomføre, leie og rettleie andre i utføringa av miljøterapeutiske praksisar, i ulike samanhengar som til dømes andres heimar, skule, fritidsarenaer, bustadfellesskap, institusjonar m.m. Studiet gir kandidatane analytisk, kritisk og praktisk kompetanse for å kunne handtere komplekse problemstillingar og dilemma i miljøterapeutiske situasjonar der autonomi og deltakelse blir utfordra. Personar med ulike behov for bistand, som følgje av omsorgssvikt, kognitiv, psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing, rus eller utfordrande åtferd, kan vere utsette for marginalisering og erfare sosial ulikskap på ulike arenaer. Tema frå fellesfaga blir knytt til miljøterapeutiske praksisar og har fokus på teneste- og fagutvikling innanfor miljøterapeutisk arbeid.

Studieretninga er retta mot og relevant for arbeid innan ulike former for miljøterapeutisk arbeid, innan helse- og omsorgstenester og barnevern.

Studieretning samfunnsarbeid
Hovudmålet med studieretninga samfunnsarbeid er å kvalifisere yrkesutøvarar til å utforme og setje i gang prosessar og tiltak for sosial endring i samarbeid og samspel med dei det gjeld, styresmakter, næringsliv og frivillig sektor.

Samfunnsarbeid vert forstått som å undersøkje og påverke vilkår for sosial deltakelse, dannelse av fellesskap og kollektiv handling. Erkjennelsen av at menneske i fellesskap kan skape og endre sosiale strukturar og bidra til gode livsvilkår, gjennom sosial deltakelse og kollektiv handling, er eit viktig verdigrunnlag. Samfunnsarbeid vert knytt til fagtradisjonar innan sosialt arbeid, samfunnsvitskap og helsefremmande arbeid.

Kandidatane skal tileigne seg inngåande kunnskap om samfunnsrelaterte prosessar og vilkår for kollektivt endringsarbeid for sosial rettferd. Teoretiske perspektiv på makt og avmakt, deltakelse, empowerment og sosial mobilisering vil bli aktualisert og drøfta i lys av samfunnsarbeid.

Studieretninga skal gi kandidatane analytisk, kritisk og praktisk kompetanse for å kunne arbeide med komplekse problemstillingar og dilemma knytt til deltakelse og sosial mobilisering. Vidare skal studieretninga gi yrkesutøvarane kompetanse til å setje i verk og leie endringsprosessar og prosjekt innan samfunnsarbeid. Studieretninga skal vere orientert mot og relevant for arbeid innan helse- og velferdsferdstenester, ideelle organisasjonar, lokalsamfunn og næringsliv.

Studentane søkjer opptak til ei av studieretningane: Barnevernsarbeid, Miljøterapeutisk arbeid og Samfunnsarbeid. Søkjarar med ei fullført relevant vidareutdanning på masternivå med eit omfang på minimum 30 studiepoeng, søkjer opptak til Master i Sosialvitenskap fleksibel modell.

Sikkavurdering

Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kommer i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje viss det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.

Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.

Opptakskrav

Ved opptak til master i sosialvitenskap søkjast det opptak til ein av tre studieretningar. Søkjarar med ei fullført relevant vidareutdanning på masternivå med eit omfang av minimum 30 studiepoeng, søkjer opptak på Master i Sosialvitenskap fleksibel modell.

Generelt opptakskrav master i sosialvitenskap:
Fullført relevant bachelorutdanning med minst C i gjennomsnitt i bachelorgraden. Kva som er relevant bachelorgrad, er avhengig av kva studieretning du søkjer opptak til.

For studieretning barnevernsarbeid:
Fullført 3-årig bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog, i tråd med forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i barnevernsarbeid. Vidare vil søkjarar med annan helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, kunne vere kvalifiserte for opptak.

Opptakskravet er i tråd med forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i barnevernsarbeid. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-04-09-1148?q=barnevernsarbeid

For studieretning miljøterapeutisk arbeid:
Fullført 3-årig bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog eller ergoterapeut. Vidare vil søkjarar med annan helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå miljøterapeutisk arbeid kunne vere kvalifiserte for opptak.

For studieretning samfunnsarbeid:
Bachelorgrad eller tilsvarande innan samfunnsfag, helse-, sosial- eller politifag, pedagogiske fag eller tilsvarande profesjonsutdanning. Søkjarar utan profesjonsutdanning må ha bachelorgrad eller tilsvarande, og minimum 80 studiepoeng i samfunnsvitskaplege emne.

Læringsutbytte

Ein kandidat skal etter fullført studium Master i sosialvitskap ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten…

  • har avansert kunnskap i sosialvitskap, og med ein særleg innsikt innan sosial marginalisering, ulikskap, deltaking og medborgarskap
  • har avansert kunnskap i barnevernsarbeid, miljøterapeutisk arbeid, samfunnsarbeid eller annan fordjuping innanfor sosialvitskap
  • har avansert kunnskap om teoretiske og metodiske tilnærmingar i sosialvitskap.
  • har inngåande kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar, vitskapsteori og forskingsetikk med relevans for sosialvitskap

Ferdigheiter:
Kandidaten…

  • kan analysere og forhalde seg kritisk til ulike perspektiv på sosial marginalisering, ulikskap, deltaking og medborgarskap og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement i teneste- og profesjonsutøving, fagutvikling og forsking
  • kan analysere og forhalde seg kritisk til debattar innan fagfeltet, forsking, samt andre informasjonskjelder, og nytte desse i profesjonsutøving, fagutvikling og forsking
  • kan analysere og forhalde seg kritisk til eksisterande teoriar, metodar og tolkingar innanfor sosialvitskap og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemføring innan barnevernsarbeid, miljøterapeutisk arbeid eller samfunnsarbeid eller andre tenesteområde innanfor sosialvitskap
  • kan identifisere og analysere ulike dilemma i møte med sosial marginalisering, ulikskap, deltaking og medborgarskap og kunne sjølvstendig vurdere handlingsalternativ i profesjonsutøvinga
  • kan nytte relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte.
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse:
Kandidaten…

  • kan identifisere og analysere relevante etiske problemstillingar for forsking, fag- og yrkesutøving
  • kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt for å bidra til nytenking og fagutvikling innan barnevernsarbeid, miljøterapeutisk arbeid, samfunnsarbeid eller andre område innanfor sosialvitskap
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar uttrykksformer innan ulike felt knytt til sosialvitskap
  • kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar med andre yrkesutøvarar i og utanfor fagfeltet, med brukarar, organisasjonar og til allmennheita

Innhald

Studiet vil bli organisert som eit fulltidsstudium over 2 år, men dersom det er ledig kapasitet, vil vi løyse ut enkeltemner. Studiet er hovudsakleg bygd opp av 15 studiepoengsemner som strekkjer seg over eit semester. Normal studieprogresjon er 30 studiepoeng per semester. Master i sosialvitskap er eit samlingbasert studium med fysiske samlingar i Bergen. I tillegg vil det bli lagt opp til digitale tilbod ved nokre av samlingane. Studiet vil slik vere eit godt tilpassa tilbod for heile regionen.

I studiet inngår tre fellesfag:

MASO500 Sosial ulikheit og marginalisering (15 studiepoeng)

MASO510 Deltaking og medborgarskap (15 studiepoeng)

MAMET1SO Vitskapsteori, etikk og metode (15 studiepoeng)

MASO500 Sosial ulikheit og marginalisering er eit fellesfag for alle på Master i sosialvitskap. MASO510 Deltaking og medborgarskap er fellesfag for alle, utanom studentar på studieretning i barnevernsarbeid som tek 10 studiepoengsemnet MASAB511 Deltaking og medborgarskap. Desse emna utgjer ei felles innføring i sosialvitskap, og blir lagt til første semester på hausten.

MAMET1SO Vitskapsteori, etikk og metode er eit fellesfag for alle masterutdanningane ved FHS, og dette emnet er lagt til våren i første studieår for master i sosialvitskap.

Studieretningar

I master i sosialvitskap inngår tre studieretningar, og emna i studieretningane er hovudsakleg lagt til vårsemesteret i første studieår og haustsemesteret i andre studieår.

I studieretning barnevernsarbeid inngår det fem obligatoriske emne:

MASB511 Deltaking og medborgarskap (10 studiepoeng)

MASB512 Rettsanvendelse i barnevernsarbeid (15 studiepoeng)

MASB520 Ulike perspektiv på barnevernets fag og yrkesutøving(15 studiepoeng)

MASB530 Barnevernfaglege vurderinga, beslutninger og tiltaksarbeid (15 studiepoeng)

MASB540 Innovasjon og fagutvikling i barnevernsarbeid (15 studiepoeng)

Studentane skriv ein masteroppgåve på 30 studiepoeng.

Alle emna er obligatorisk for å sikre at utdanninga er i tråd med forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i barnevernsarbeid https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-04-09-1148?q=barnevernsarbeid.

I studieretningen miljøterapeutisk praksis inngår det to obligatoriske emner:

MASM520 Miljøterapeutisk arbeid - i ulike kontekster (15 studiepoeng)

MASM530 Miljøterapeutisk arbeid - metodiske tilnærminger (15 studiepoeng).

Emnet MASM540, Innovasjon og fagutvikling (15, studiepoeng) er et valgemne og studenter som velger dette emnet skriver en masteroppgave på 30 studiepoeng. De andre studentene skriver en masteroppgave på 45 studiepoeng.

I studieretningen samfunnsarbeid inngår det to obligatoriske emner:

MASO500 Samfunnsarbeid: faghistorie, teori og praksis (15stp)

MASO510 Sosiale endringsprosesser og prosjektleiing i samfunnsarbeid (15sp)

Studentane skriver en masteroppgave på 45 studiepoeng.

Praksis

I studieretning barnevernsarbeid inngår det i emnet MASB540 Innovasjon og fagutvikling i barnevernsarbeid ei praksis innan barnevernsfeltet på fire veker. Praksisen vil verte organisert som ei prosjektpraksis. Praksisen skal vere knytt til eitt eller fleire av læringsutbytta og bidra til å utvikle kandidaten sin praktiske, analytiske og kritiske kompetanse.

(https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-04-09-1148/KAPITTEL_5#KAPITTEL_5

Praksis inngår og som ein del av studiet for studentane som vel valfaget MASM540, Innovasjon og fagutvikling. Liknande med emnet MASAB540 vil denne praksisperioden òg verte organisert som ei prosjektpraksis, men vil vere retta mot ein større breidde av helse- og omsorgstenester.

Arbeidsformer

Studiet er organisert som eit samlingsbasert studium med fysiske samlingar på campus, der det vil verte tilbod om førelesningar med utgangspunkt i sentrale kunnskapsmål i dei ulike emna.

Gjennom studentaktive læringsformer blir det forventa at studentane tek medansvar både for eigen og medstudentane si faglege utvikling og læring. I studiet vektleggjast studentaktive undervisnings- og arbeidsformer, med oppgåver individuelt og i grupper for å øve opp kandidatane si analytiske og kritiske ferdigheiter. I løpet av studiet vil studentane delta i ulike former for gruppearbeid, der dei vil arbeide med ulike refleksjonsoppgåver for å bidra til oppøving av kritisk refleksjon. For å styrkje analytiske ferdigheiter, vil studentane arbeide med ulike former for skriftlege oppgåver. Vidare vil studentane få trening i å utvikle praktiske ferdigheiter på ulike måtar i dei tre studieretningane.

Nokre av samlingane vil òg verte tilrettelagt slik at studentane kan følgje dei digitalt og delta i digitale nettmøter med gruppearbeid og diskusjonar. Eitt av emna vil også vere nettbasert. Dei nettbaserte delane av studiet krev god internett-tilgang og moglegheit for å kommunisere via nettmøter.

I løpet av studiet vil studentane delta i ulike seminar der dei vil legge eige individuelt arbeid eller gruppearbeid for å få tilbakemelding frå andre studentar. Studentane vil òg i løpet av studiet få tilbod om å delta i ulike artikkelseminar der dei saman vil gjennomgå og diskutere aktuelle forskingsartiklar. Samarbeid med praksisfeltet blir vektlagt i fleire emne, både for å bidra til at studiet er oppdatert på dei problemstillingane som praksisfeltet opptatt av, men òg for å bidra til å auke studentane si analytiske og praktiske kompetanse. I fleire av emna blir det arrangert dialogseminar med ulike aktørar som forsking, praksisfelt og brukarrepresentantar.

Sjølvstudiar er sentralt for at studentane tileignar seg teoretisk kunnskap, og vidare òg for å oppøve studenten si analytiske og kritiske kompetanse.

For å sikre at studentane oppnår dei aktuelle læringsutbytta knytte til kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse, blir det lagt inn krav om obligatoriske læringsaktivitetar, både individuelt og i gruppe.

Studentane vil få tilbod om rettleiing i arbeidet med både individuelle oppgåver og gruppeoppgåver. I arbeidet med masteroppgåva er rettleiing lagt inn som ein obligatorisk læringsaktivitet.

Sentralt i eit masterstudium er arbeidet med masteroppgåva. Arbeidet med masteroppgåva krev at studentane kan arbeide sjølvstendig med ein oppgåve over tid. Før oppstarten med masteroppgåva skal student og rettleiar utarbeide og underskrive ei rettleiingsavtale, i samsvar med gjeldande regelverk ved høgskulen. Avtalen følgjer studenten.

Vurderingsformer

I studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Vurdering omfattar all formell prøving i studiet og kjem fram i emneplanane. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får stille til eksamen i det enkelte emnet.

Vurderingsformene som blir nytta i studiet er skriftleg skuleeksamen, oppgåve, prosjektoppgåve, munnleg eksamen, masteroppgåve som monografi eller artikkel med kappe.

Vurderingsuttrykka som blir nytta er bestått / ikkje bestått og gradert karakterskala A – F.

Krav til studieprogresjon

Det er felles progresjonskrav i master i Sosialvitskap:

Alle emna i første og andre studieår som tilsvarar 75 stp må vere bestått før studenten kan levera inn masteroppgåva til vurdering.

Internasjonalisering

Det vil bli lagt til rette for utveksling i 2. semester.

Vidare vil det bli lagt til rette for utveksling i samband med masteroppgåva for fulltidsstudentar i 4. semester. Studentar som vel utveksling i samband med masteroppgåva, kan velje utveksling enten delar av semesteret eller heile semesteret. Studentar som vel utveksling delar av semesteret vil få oppnemnt rettleiar både ved HVL og ved institusjonen der dei er på utveksling. I studiet vil det og bli lagt til rette for innreise av studentar i 2. og 4. semester.