Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203080 (Bergen) og 203081 (Sogndal)
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Bergen: 54,6 / Sogndal: 41,2
- Førstegangsvitnemål Bergen: 49 / Sogndal: 34,5
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere sosialt arbeid?
Ein sosionom møter enkeltmenneske og familiar med ulike sosiale problem. Det kan vere ein familie som treng råd for å få kvardagen til å gå opp, ein innsett i fengsel som skal tilbake til samfunnet, eller ein person som har stått utanfor arbeidslivet lenge.
Ein kan studere sosialt arbeid ved campus Bergen og campus Sogndal.
Som sosionom hjelper du med å finne løysingar som kan betre livskvaliteten, og gje hjelp til sjølvhjelp.
Sosionomen er også eit viktig bindeledd mellom den enkelte og hjelpetilboda i samfunnet.
Du må vere interessert i andre menneske og deira historie, like å ta ansvar og vere samfunnsengasjert. Du må også ha gode evne til å kommunisere og samarbeide.
Kva kan du jobbe med?
Sosionomar er attraktive arbeidstakarar innan fleire område. Blant anna kan du jobbe innan:
- Nav, kriminalomsorga og asylmottak
- familierådgiving, barnevern og skule
- psykisk helsevern og rusomsorg
- frivillige organisasjonar
Lønn: Kva tener ein sosionom?
Les meir om lønnstatistikk for sosionom på utdanning.no.
Praksis
I løpet av utdanninga møter du brukarar og andre kollegaer innan sosialt arbeid når du er ute i praksis. Praksisstudiane utgjer om lag 20 prosent av studiet. Du har praksis både første og siste studieår. Slik er praksisperiodane fordelt:
- Første studieår: 10 veker i praksis
- Tredje studieår: 10 veker i praksis
Minst ein av praksisperiodane dine bør vere innan forvaltning eller saksbehandling.
Du må ha levert politiattest for å starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga. Her kan du lese meir om politiattest.
Her finn du informasjon om praksis for sosialt arbeid
Her kan du lese meir om innhenting og fordeling av praksisplassar
Innhald i studiet
Gjennom studiet får du kunnskap om
- hjelpeapparatet
- jus
- samfunnsfag
- psykologi
- etikk
- sosiale rettar
I undervisninga får du varierte læringsformer som førelesing, prosjektarbeid, feltarbeid, ferdigheitstrening og praksis.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerer! Som student i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.
Du kan reise på utveksling i ditt femte semester.
Kor kan du reise?
Belgia | ODISEE University of Applied Sciences
Botswana | University of Botswana
Canada | Trent University
Danmark | UCL University College
India | Tata Institute of Social Sciences
Nederland | Saxion University of Applied Sciences
Nederland | INHOLLAND University of Applied Sciences
Spania | University of Salamanca
Sverige | Linnæus University
Sverige | Lund University
Tanzania | Elimu Mwangaza
Tanzania | Kiwakukki Centre Moshi
Tanzania | Mehayo Centre
Tanzania | Muhimbili National Hospital
Tanzania | The Open University of Tanzania
Tanzania | Amani Centre Morogoro
Tyskland | Potsdam University of Applied Sciences
Tyskland | Mannheim University of Applied Sciences
Tyskland | Alice Salomon University of Applied Sciences
USA | Augsburg University