Studieplan - Realfagskurs nett- og samlingsbasert (deltid)
Hausten 2024
Dette deltidskurset i matematikk og fysikk opnar dørene til dei fleste ingeniørstudium i Noreg. Kurset er lagt til rette for å passe saman med jobb gjennom ei fleksibel blanding av nettundervising og fysiske samlingar.
Samlingane føregår ved studiestaden studenten får opptak til: Bergen, Førde eller Haugesund.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Kandidaten har brei kunnskap om sentrale emne og problemstillingar i matematikk og fysikk på ein slik måte at kandidaten er vel kvalifisert for å gjennomføre ei høgre teknologisk utdanning.
- Kandidaten har god kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor dei aktuelle fagområda.
- Kandidaten har kunnskap om faga sitt grunnlag for høgare teknologiutdanning.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan analysere fagstoff og trekke eigne slutningar minst på lik linje med andre som er kvalifisert for ei høgare teknologisk utdanning.
- Kandidaten kan anvende faglige kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar på en relevant måte.
- Kandidaten kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk.
- Kandidaten beherskar relevante faglege verktøy.
- Kandidaten har kjennskap til programmering og algoritmisk metode.
Generell kompetanse
- Kandidaten kan planlegge og gjennomføre sjølvstendige arbeidsoppgåver og utføre prosjektbasert arbeid, både åleine og i samarbeid med andre.
- Kandidaten kan gjennomføre praktiske øvingar og utarbeide rapportar i samsvar med naturvitskapleg arbeidsmetode og funksjonell bruk av språk og struktur.
- Kandidaten kan reflektere over eigne faglege kvalifikasjonar som grunnlag for videre val.
Innhald
Realfagskurset tilsvarar 60 % av forkurset som har eit omfang som tilsvarar eitt studieår, dvs. 1600-1700 klokketimar. Realfagskurset tilsvarer difor om lag 1000 klokketimar, Med omfang meiner ein her studenten sin totale arbeidsinnsats, som deltaking på undervisning, eige arbeid, arbeid saman med andre studentar, øvingar, førebuing og liknande aktivitetar.
Følgjande fag inngår:
- Matematikk med eit omfang på 37,5 % av eit heilt år
- Fysikk med eit omfang på 22,5 % av eit heilt år
Arbeidsformer
Kurset tilbyr ein kombinasjon av digital/nettbasert undervising og åtte fysiske samlingar, som inkluderer både undervising og rekneøvingar i klasserom. Vi legg vekt på studentaktive læringsformer, mellom anna gjennom gruppearbeid for å fremje engasjement og djuptgåande forståing av fagstoffet. Alle faga inneheld obligatoriske innleveringar som er essensielle for læreprosessen.
I samband med laboratoriumsundervising, vil også éin av samlingsdagane i vårsemesteret vere obligatorisk.
Vurderingsformer
Vurderingsordninga går fram av kvar emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakterar (A - F, der F svarer til ikkje bestått). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne.
Organisering
Dette er eit realfagskurs som går på deltid over eit år med oppstart i august, tilrettelagt for å passe inn med jobb og andre forpliktelser. Arbeidsmengd er 60 % av eit fulltidsstudium. Samlingane vil vere om lag ein gang kvar månad på våre campus.