Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
-
Bergen: 47,3
Førde: alle
Haugesund: alle
Om å søke opptak til HVL
Kva er realfagskurs?
Realfagskurset er eit deltidsstudium i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til ingeniør- og sivilingeniørutdanningar. Kurset går over eit heilt år og startar opp på hausten.
Kurset er nett- og samlingsbasert, og kan difor kombinerast med jobb. Samlingane og eksamen går føre seg ved studiestaden du får opptak til: Bergen, Førde eller Haugesund.
For å lukkast i kurset krevst det sterk motivasjon og ein høg arbeidsinnsats gjennom heile semesteret.
Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta realfagskurset.
Du kan også ta halvårig realfagskurs i vårsemesteret i Bergen. Dette kurset går på heiltid.
Kva blir du kvalifisert for?
Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset dekker krav til R1, R2 og fysikk 1 ved opptak til høgare utdanning i Norge.
Korleis er undervisninga?
Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer både på nett og på samlingar. Dette inkluderer forelesningar, laboratoriearbeid, rekneøvingar og sjølvstudium. Dei to faga som inngår i kurset er matematikk og fysikk. Pensum omfattar det vesentlege av fysikk 1, matematikk R1 og R2.
Vi legg opp til tre dagar lange samlingar ein gong i månaden. Totalt blir det åtte samlingar. I samband med laboratoriumsundervisning vil ei av samlingane i vårsemesteret vere obligatorisk.
Du møter på studiestaden du har fått opptak til: Bergen, Førde eller Haugesund.
For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogeleg av undervisninga som går føre seg på nett.
Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum i realfaga.
På Høgskulen på Vestlandet blir du ein integrert del av eit levande og engasjert studentmiljø der aktiv deltaking og fellesskap står i sentrum.
Pensumbøker for studieåret 2023/2024
Matematikk REAL112
Sinus Grunnbok,
av Oldervoll Tore Svorstøl Otto Jacobsen Robin Bjørnetun
Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202753023
Sinus Oppgavesamling,
av Oldervoll Tore Svorstøl Otto Jacobsen Robin Bjørnetun
Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202753030
Fysikk REAL111 (Realfagskurs/Forkurs)
Rom Stoff Tid Forkurs Grunnbok, av Grimenes, Jerstad og Sletbak
Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202741945
Rom Stoff Tid Studiebok, av Grimenes, Jerstad og Sletbak
Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202741969
Gyldendals tabeller og formler i fysikk, av Haugan og Aamot
Gyldendal, 2022 ISBN 9788205565302
Anbefalt kalkulator
Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorer er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
Kva er forskjellen på realfagskurs og forkurs?
Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn.
Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse, men manglar fordjupning i matematikk og fysikk.