Studieplan - Realfagskurs (over eitt semester)
Våren 2024
Dette er eit intensivt studieprogram som inneheld matematikk og fysikk. Faga omfattar det vesentlege av FY1, matematikk R1 og R2. Saman med generell studiekompetanse kvalifiserer det deg for opptak til dei fleste ingeniørstudium i Noreg.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Kandidaten har brei kunnskap om sentrale emne og problemstillingar i matematikk og fysikk på ein slik måte at kandidaten er vel kvalifisert for å gjennomføre ei høgre teknologisk utdanning.
- Kandidaten har god kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor dei aktuelle fagområda.
- Kandidaten har kunnskap om faga sitt grunnlag for høgare teknologiutdanning.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan analysere fagstoff og trekke eigne slutningar minst på lik linje med andre som er kvalifisert for ei høgare teknologisk utdanning.
- Kandidaten kan anvende faglige kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar på en relevant måte.
- Kandidaten kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk.
- Kandidaten beherskar relevante faglege verktøy.
- Kandidaten har kjennskap til programmering og algoritmisk metode.
Generell kompetanse
- Kandidaten kan planlegge og gjennomføre sjølvstendige arbeidsoppgåver og utføre prosjektbasert arbeid, både åleine og i samarbeid med andre.
- Kandidaten kan gjennomføre praktiske øvingar og utarbeide rapportar i samsvar med naturvitskapleg arbeidsmetode og funksjonell bruk av språk og struktur.
- Kandidaten kan reflektere over eigne faglege kvalifikasjonar som grunnlag for videre val.
Innhald
Realfagskurset tilsvarar 60 % av forkurset som har eit omfang som tilsvarar eitt studieår, dvs. 1600-1700 klokketimar. Realfagskurset tilsvarer difor om lag 1000 klokketimar, Med omfang meiner ein her studenten sin totale arbeidsinnsats, som deltaking på undervisning, eige arbeid, arbeid saman med andre studentar, øvingar, førebuing og gjennomføring av prøvar osv.
Følgjande fag inngår:
Matematikk med eit omfang på 37,5 % av eit heilt år
Fysikk med eit omfang på 22,5 % av et heilt år
Arbeidsformer
Undervisninga har variert form, frå vanleg klasseromsundervisning til meir studentaktive former som gruppearbeid og laboratorieøvingar. Det vil bli lagt stor vekt på studentaktive læringsformer. Faga har obligatoriske innleveringar.
Vurderingsformer
Vurderingsordninga går fram av kvar emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakterar (A - F, der F svarer til ikkje besått). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne.
Organisering
Dette er eit halvårig realfagskurs på heiltid med oppstart i januar. Undervisninga skjer normalt på dagtid på campus Kronstad med timeplanfesta tid for undervisning og rettleiing på omlag 20 timar i veka.