Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203701
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote 49,5
- Førstegangsvitnemål 45,7
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere radiografi?
Radiografen gjer ein viktig jobb for at vi skal kunne få god behandling, og for å forstå kva som skjer inni kroppen. I radiografi står mennesket i sentrum. Ein bruker høgteknologisk utstyr for å hjelpe personar til best mogleg helse.
På radiografutdanninga lærer du korleis du skal utføre undersøking med røntgen, magnetisk resonans (MR), nukleærmedisin og ultralyd. Pasientbehandling og omsorg er også ein viktig del av studiet. Ein radiograf må kunne ta hand om pasientar i ulike situasjonar og fasar i livet.
Radiografar arbeider sjølvstendig, og saman med legar og anna helsepersonell. Utdanninga passar godt for deg som likar å samarbeide med andre menneske.
Ved HVL er det særleg fokus på medisinsk bildebehandling, kunstig intelligens og innovasjon innan radiografifaget.
Du kan studere radiografi ved campus Bergen.
Kva kan du jobbe med?
Ein autorisert radiograf kan arbeide med bildediagnostikk og på stråleterapeutiske avdelingar på sjukehus eller i private institutt.
Radiografar kan også undervise, drive med industriell radiografi eller jobbe i firma som produserer radiologisk utstyr.
Lønn: Kva tener ein radiograf?
Ifølgje Utdanning.no tener ein radiograf i gjennomsnitt 603 720 kroner. Les meir om lønnstatistikk for radiograf på utdanning.no.
Praksis
Det er praksis i alle tre studieåra. Desse er er sett saman av klinisk praksis ved somatisk avdeling (sengeavdeling) og klinisk praksis ved radiologiske- og stråleterapiavdelingar. Du kan bli tildelt praksisplass utanfor Bergen.
Du må ha levert politiattest for å starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga. Her kan du lese meir om politiattest.
Her finn du informasjon om praksis for radiografi
Her kan du lese meir om innhenting og fordeling av praksisplassar
Innhald i studiet
Studieløpet i bachelor i radiografi vekslar mellom teori og praksis. Du lærer gjennom forelesningar, gruppearbeid, ferdigheitstrening, problemløysing relatert til relevante situasjonar i praksisfeltet og sjølvstudium. Utdanninga har eit nytt og velutstyrt øvingslokale for bruk til ferdigheitstrening individuelt og i gruppe.
Eksempel på teoretiske fag i studiet er
- strålefysikk
- strålebruk/strålevern
- anatomi
- fysiologi
- patologi
- pasientomsorg
- apparaturlære
- undersøkingsteknikkar og forskingsmetode
Sidan strålefysikk og strålevern er ein sentral del av dei naturvitskaplege emna er det ein fordel å ha fordjuping i, eller interesse for, matematikk og fysikk.
Formidling av kunnskap gjennom oppgåveskriving og munnlege framlegg er lagt vekt på, både gruppevis og individuelt. Studentane blir gitt undervisning i å søke den best tilgjengelege kunnskapen, og til å bruke denne i både teoretisk og praktisk arbeid.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! I siste semester av studiet er det lagt til rette for at du kan ta ein utvekslingsperiode på tre månadar ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det.
Kor kan du reise?
Belgia | ODISEE University of Applied Sciences
Danmark | UCL University College
Finland | Tampere University of Applied Sciences
Finland | Turku University of Applied Sciences
Hellas | University of West Attica
Hong Kong | The Hong Kong Polytechnic University
Irland | University College Dublin - National University of Ireland, Dublin
Italia | University of Bologna
Malta | University of Malta
Nederland | INHOLLAND University of Applied Sciences
Nederland | Fontys University of Applied Sciences
Portugal | Polytechnic University of Coimbra
Portugal | P.PORTO - Polytechnic of Porto
Slovenia | University of Ljubljana
Sverige | Lund University
Sverige | Jönköping University
Østerrike | FH Campus Wien University of Applied Sciences