Hopp til innhald

Studieplan - Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid

Hausten 2024

Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid er praktisk og klinisk retta og skal kvalifisere for samhandling med menneske med psykiske helse-, rus- og avhengigheitsproblem og har fokus på korleis desse problema kan sjåast som kontekstualiserte fenomen. Det inneber mellom anna ei tilnærming til enkeltmenneske, deira familie og nettverk som vektlegg deira livssituasjonar, opplevingar og ressursar. I studiet tileignar studentane seg kompetanse om tilhøve på individ-, gruppe- og samfunnsnivå som kan påverke betringsprosessar, gode kvardagsliv og sosial deltaking på ulike arenaer. Føremålet er at studenten skal kunne bidra til å ivareta menneskerettar, deltaking og utviklingsmoglegheiter i samfunnet, samt fremme god psykisk og fysisk helse for menneske med psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsproblem.

Studiet rettar seg mot relasjonelt arbeid i møte med menneske med psykiske helse-, rus- og avhengigheitsproblem, deira familiar og nettverk, så vel som arbeid på systemnivå som kan bidra til tenesteutvikling, planarbeid, og systematiske og kvalitetsforbetrande arbeidsprosessar. Etter avslutta utdanning skal studenten legge til rette for relasjonar som fremmer hjelp og støtte samt vere ein vitig bidragsytar, koordinator og leie samarbeidande og tverrfaglege tenester. Utdanninga skal fremme haldningar som dannar grunnlag for likeverdige tenester for majoritets- og minoritetskulturar, medrekna samar sin status som urfolk og deira rettar til språkleg og kulturelt tilrettelagde tenester. Kandidaten skal kunne reflektere over makttilhøve og arbeide aktivt for å unngå maktmisbruk. Vidareutdanninga i tverrfagleg psykisk helse- og rusarbeid kvalifiserer helse- og sosialarbeidarar til forebyggande, behandlande og rehabiliterande arbeid innanfor kommunale helse-, sosial-, og velferdstenester, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innanfor fagområdet psykisk helse og fagområdet rus og avhengigheit både kvar for seg og i samanheng.

Kompetanseområdet og læringsutbyttet er fastsett i forskrift nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-,rus-, og avhengighetsarbeid:

  • Perspektiv på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit
  • Etikk, lovverk og organisering
  • Kommunikasjon, relasjon og samhandling
  • Arbeid med psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsproblem
  • Forsking, formidling og fagutvikling

Studiet kan inngå som ein del av master i tverrfagleg psykisk helse – og rusarbeid. Studiet er forankra i Forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse- , rus- og avhengighetsarbeid - Lovdatahttps://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2022-03-14-387 som gjeld for universitet og høgskular som gir tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid og i kap. 3 i Lov om universiteter og høyskoler Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) - Kapittel 3. Faglige bestemmelser – akkreditering - Lovdatahttps://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-04-01-15/KAPITTEL_1-3#§3-2

Skikkavurdering

Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kommer i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje viss det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.

Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.

Opptakskrav

Opptakskrav vidareutdanning:

Bachelorgrad som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, fysioterapeut eller ergoterapeut, eller:

  • annan bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske, eller pedagogiske fag
  • og minst 1 års relevant yrkeserfaring innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid etter fullført utdanning.

Rangering:
Søkarar rangerast i tråd med § 4-3 i forskrift for opptak til Høgskulen på Vestlandet. Det blir ikkje gitt tilleggspoeng for praksis ved opptak til dette studiet.

Krav om politiattest
Det er krav om politiattest, jf. reglane koda med PKTH. Opptakskravet er i tråd forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid, jf § 19 Forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid - Lovdata og https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2022-03-14-387Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet - Lovdata

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definer i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten...

  • har inngåande kunnskap om ulike perspektiv og samspelet mellom desse, samt teoriar og omgrep knytt til skildring og forståing av psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
  • har inngåande kunnskap om rammevilkår og organisering av helse- og velferdstenester av relevans for psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsarbeid
  • har avansert kunnskap om arbeidsmåtar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå som kan forebygge problemutvikling og fremme betring og sosial deltaking
  • har inngåande kunnskap om etikk, menneskerettar og aktuelle lovverk knytt til arbeid med menneske med psykisk helse-, rus- og/eller avhengigheitsproblematikk
  • har avansert kunnskap om relasjon, kommunikasjon og samhandling
  • har inngåande kunnskap om prosjekt- og fagutviklingsarbeid

Ferdigheiter:
Kandidaten...

  • kan analysere og forhalde seg kritisk og reflektert til forsking, teoriar, metodar og fortolkingar knytt til psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
  • kan nytte teoretisk kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling i praksis innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
  • kan analysere relevante etiske problemstillingar og utøve ein reflektert og forsvarleg praksis
  • kan analysere og kritisk reflektere over korleis eigne haldningar, verdiar og veremåte kan verke inn på arbeid med den det gjeldt, deira familie og nettverk og samarbeidspartar
  • kan legge til rette for tverrfagleg samhandling i utøving av psykisk helse, rus- og avhengigheittsarbeid
  • kan gjere nytte av forskingslitteratur i akademisk og praktisk arbeid

Generell kompetanse:
Kandidaten...

  • kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter for å bidra til kvalitetsforbetring og utvikling av tenester
  • kan formidle sjølvstendig prosjekt- og fagutviklingsarbeid
  • kan inngå i relasjonsarbeid på ein trygg og fagleg reflektert måte

Innhald

Studiet er organisert som eit samlingsbasert studie på deltid med kombinasjon av nettbaserte forelesningar og fysiske samlingar på kvar campus; Bergen, Førde/Sogndal og Stord/Haugesund.

Vidareutdanninga løftar særleg fram behovet for auka fokus på menneskerettar, deltaking og utviklingsmoglegheiter (betringsperspektiv) i samfunnet for menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem. Utdanninga skal stimulere til refleksjon og auka bevisstgjering kring eigne haldningar og rolla som tverrfagleg psykisk helse,- rus,- og avhengigheitsarbeidarar.

Oppbygginga av studiet bidreg til å skape ei gjensidig samanheng mellom emna og mellom dei ulike læringsutbytteformuleringane. Det faglege innhaldet, dei pedagogisk verkemidlane og praksis er såleis kopla saman på ein heilskapleg måte. Med dette som utgangspunkt er vidareutdanninga organisert i fire emne som også har to gjennomgåande pedagogiske grep: 1) Rettleiing i refleksjonsgrupper, og 2) Akademisk danning.

Emna som inngår i utdanninga er:

  • TPHR501. Perspektiv på psykisk helse, rusmiddel- og avhengigheit
  • TPHR502. Forebygging, behandling og omsorg
  • TPHR503. Etikk, relasjon og samhandling
  • TPHR504. Fagutvikling og praksis

Studiet er samlingsbasert med 3 samlinger per emne på 15 studiepoeng og er på deltid over to år. Det planleggjast også for ein fleksibel modell der studentane kan velje å ta studiet på fulltid.

Praksis

Praksis har eit totalt omfang på 6 veker.
Praksis i emnet TPHR504 utgjer 10,9% av heile studieprogrammet.

Arbeidsformer

Det vil bli nytta ein høg grad av studentaktive læringsformer i studiet, der det er forventa at studentane tar medansvar både for eigen og medstudentar sin faglege utvikling og læring. Studiet inneheld både individuelle og gruppebaserte arbeidsformer med mål om å utvikle studentane sin kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innafor fagområdet psykisk helse og fagområdet rus og avhengigheit både kvar for seg og i samanheng. Studentane deltar i rettleia refleksjonssgrupper gjennomgåande i dei ulike emna i studiet, der det blir lagt til rette for å øve opp kritisk og etisk refleksjon. For å bidra til å øve opp utvikle akademiske ferdigheiter, vil studentane arbeide med ulike formar for skriftlege oppgåver. Vidare vil studentane få trening i utvikling av praktiske ferdigheiter både gjennom ferdigheitstrening og praksis.

I den nettbaserte delen av samlingane vil det bli lagt til rette for at studentane kan følgje undervisninga digitalt og delta i digitale nettmøte med gruppearbeid og diskusjonar. Det er også lagt opp til nettbaserte læringsaktivitetar mellom samlingane.

I studiet vil studentane delta i ulike seminar kor dei legge fram eiget individuelt arbeid, eller gruppearbeid for å få tilbakemelding frå andre studentar. Relevans for praksisfeltet blir vektlagt gjennomgåande i studiet, og samarbeid med praksisfeltet trer særleg fram i emne som omhandlar arbeid med psykisk helse-, rusmiddel-, og avhengigheitsproblem og emnet som omhandlar fagutvikling og praksis. Dette for å bidra til at studiet skal vere oppdatert på dei problemstillingane som praksisfeltet er opptatt av, men også for å bidra til å utvikle studentane sine analytiske og praktiske ferdigheiter. I løpet av studiet involverast ulike aktørar innan forsking, praksisfelt og brukarrepresentantar i undervisninga.

Ein stor del av undervisinga på samlingane er obligatorisk, då studentaktive læringsformer fordrar at studentane deltek i undervisninga. Det er krav om 80 % frammøte. Dette gjeld t.d. deltaking i refleksjonsgrupper, deltaking på seminar og framlegg av oppgåver, deltaking i ferdigheitstrening og skriving av refleksjonsoppgåve. Praksis har krav om 90 % frammøte og har tilhøyrande obligatoriske læringsaktivitetar. For nærmare informasjon sjå emneplanane.

Sjølvstudium er sentralt for at studentane tileignar seg teoretisk kunnskap og for å utvikle studentane sin analytiske og kritiske kompetanse.

Studentane vil få tilbod om rettleiing i arbeidet med individuelle oppgåver og gruppeoppgåver. I arbeidet med prosjekt-/fagutviklingsoppgåve er rettleiing lagt inn som obligatorisk læringsaktivitet.

Vurderingsformer

I studiet møter studentane ulike vurderingsformar.

Vurdering omfattar all formell prøving i studiet og går fram av emneplanane. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent før studenten får framstille seg til eksamen i det enkelte emnet.

Studiet inkluderer 6 veker praksisstudie. For å få godkjent praksis, må studenten nå læringsutbyttet og oppfylle krav til 90% oppmøte i praksis. Krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom, jf. forskift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet - Lovdata

Dei andre vurderingsformane som blir nytta i studiet er individuell skriftleg oppgåve, munnleg eksamen, heimeeksamen og skriftleg prosjektoppgåve.

Vurderingsuttrykka som blir nytta er bestått / ikkje bestått og gradert karakterskala A – F.

Krav til studieprogresjon

For å fremme studentane sin progresjon og oppnåing av læringsutbytte blir det stilt det krav til studieprogresjon. Alle obligatoriske arbeidskrav må være godkjend før studentane får framstille seg til eksamen i det enkelte emnet. Innhald og omfang av obligatoriske arbeidskrav går fram av emneskildringane.

Internasjonalisering

Det vil bli lagt til rette for utveksling i samband med praksis i 4. semester.