Par klatrer fjell

Psykisk helse- og rusarbeid | tverrfaglig videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Har du behov for å opparbeide eller utvikle din faglege kompetanse innan psykisk helse- og rusarbeid? Ønsker du å bidra til utvikling og kvalitetsheving av tenestetilboda retta mot denne målgruppa? Denne vidareutdanninga er for deg som arbeider eller ønsker å arbeide med menneske med psykisk helse- og/eller rusmiddelvanskar.  

Førde/Sogndal, Haugesund, Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, fysioterapeut eller ergoterapeut.

    eller:
    Annan bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske, eller pedagogiske fag og minst 1 års relevant yrkeserfaring innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid etter fullført utdanning.

    Søknadskode

     1710 (Førde/Sognal), 1626 (Haugesund), 2008 (Bergen)

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Vidareutdanning og halvtårsstudium"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning.
    Det blir ikkje gitt poeng for praksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense ved forrige opptak

    Førde/Sogndal og Haugesund: Alle kvalifiserte fikk plass
    Bergen: Nytt studium

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid?

    Psykiske helseproblem og rusrelaterte lidingar aukar, og personar med psykiske helseproblem og/eller rusmiddelvanskar krev ofte ei heilskapleg tilnærming som involverer fleire helse- og sosialfaglege disiplinar.

    Ved å ta denne vidareutdanninga vil du utvikle din kompetanse innan praktisk og klinisk arbeid på individ-, gruppe- og systemnivå. Du vil også tileigne deg samhandlingskompetanse som kan gjere deg til ein viktig bidragsytar, koordinator eller leiar for tverrfaglege team eller tenester.

    Målgruppe

    Denne vidareutdanninga er for deg som er sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut eller ha ein annan bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske eller pedagogiske fag.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er samlingsbasert med ein klasse i Førde/Sogndal, ein klasse i Haugesund og ein klasse i Bergen.

    Undervisninga er lagt opp med studentaktive samlingar, digitale og fysiske forelesningar, seminar med studentframlegg og diskusjon, gruppearbeid, øvingsoppgåver, ferdigheitstrening og rettleiingsgrupper.

    Samlingane vil innehalde obligatoriske læringsaktivitetar. Mellom samlingane vert det forventa at studentar arbeider sjølvstendig med pensum, førebuing til samlingane og med oppgåver.

    Utdanninga har 6 veker med  obligatorisk praksis. Praksis blir gjennomført i tråd med forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-,rus-, og avhengigheitsarbeid, og inngår i emnet Fagutvikling og praksis (emne 4). Sjå emneplan for nærmare skildring. For å få godkjent praksis, må studenten nå læringsutbyttet og oppfylle krav til 90% oppmøte i praksis.

    Samlingar

    Emne/ Haustsemester 2024          

    TPHR501             Digital oppstart, 19.august 

    TPHR501             1.ukesamling, uke 36 (Førde, Bergen og Haugesund)

    TPHR501             Digitalt treffpunkt, mandag 23.september 

    TPHR501             2. ukesamling, uke 42 (Førde, Bergen og Haugesund)

    TPHR501             Digitalt treffpunkt, mandag 28. oktober

    TPHR501             3.ukesamling, uke 46 (Førde, Bergen og Haugesund)

    Eksamen              Skriftlig, individuell semesteroppgåve             Veke 50

    Emne/ Vårsemester 2025            

    TPHR502             Digitalt treffpunkt torsdag 9.januar

    TPHR502             1.ukesamling, uke 4 (Sogndal, Bergen og Haugesund)

    TPHR502             Digitalt treffpunkt,  mandag 10.februar

    TPHR502             2.ukesamling, uke 11 (Sogndal, Bergen og Haugesund)

    TPHR502             Digitalt treffpunkt torsdag 10.april

    TPHR502             3. ukesamling, uke 19 (Sogndal, Bergen og Haugesund)

    Eksamen             Munnleg eksamen, veke 23

    Kva kvalifiserer utdanninga til?

    Vidareutdanninga i tverrfagleg psykisk helse- og rusarbeid kvalifiserer helse- og sosialarbeidarar til forebyggande, behandlande og rehabiliterande arbeid innanfor kommunale helse-, sosial-, og velferdstenester, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innanfor fagområdet psykisk helse og fagområdet rus og avhengigheit både kvar for seg og i samanheng.

    Vidareutdanninga kvalifiserer til arbeid som psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeidar. Utdanninga godkjennast som spesialitet for sjukepleiarar og vernepleiarar.

    Studiet gjennomførast som avsluttande vidareutdanning (60 stp.), og gir moglegheit til å søke seg inn til påbygg til Tverrfagleg master i psykisk helse -og rusarbeid.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs