Studieplan - Master i praktisk utdanningsvitskap
Hausten 2023
Dette er eit høgare grads studium som har ei brei gruppe studentar med tilknyting til utdannings- og skulesystemet som målgruppe. Studiet er organisert med ulike studieretningar, med valfri fordjuping i:
Spesialpedagogikk
IKT i læring
Leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren
Utdanninga er profesjonsretta og forskningsbasert, og har ei praksisnær tilnærming. Studiet skal gje eit vitskapeleg grunnlag for drift og utvikling av utdanningsinstitusjonar, og kvalifiserer til opptak til Ph.d.-studium. Studiet kvalifiserer for arbeid i utdanningssystemet.
Opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak er:
- Fullført lærarutdanning
- Fullført barnehagelærarutdanning
- Fullført relevant bachelor/cand. mag.-utdanning
- Anna utdanning på bachelor- eller cand. mag. nivå som er relevant for arbeid i utdanningssystemet
Læringsutbytte
Emna skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Kandidaten:
-
Har inngåande kjennskap til oppdatert og relevant forsking knytt til den studieretninga som er vald i studiet
-
Har inngåande kjennskap til korleis forskingsbasert kunnskap kan nyttast for å utvikle system, tenester og støttefunksjonar i undervisnings-, utdannings- og skulesamanheng
-
Har avansert kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar, forskingsdesign og forskingsmetodar med relevans for utdanningsforsking
Ferdigheiter
Kandidaten:
-
Kan analysere undervisnings og læringssituasjonar og legge til rette for didaktiske utviklingsprosessar på relevant nivå
-
Kan reflektere over bruk av relevante verktøy og framgangsmåtar i forbetringsarbeid i ulike undervisningskontekstar
-
Kan analysere og bruke relevant forskingslitteratur i utarbeiding og design av forskings- og utviklingsprosjekt
Generell kompetanse
Kandidaten:
-
Kan arbeide vitskapleg med problemstillingar knytte til læraren sin profesjonsfaglege kompetanse og skuleverkets behov for didaktisk utvikling
-
Kan kvalitetssikre utdanningssystemets tenester på elev-, lærar- eller organisasjonsnivå
-
Kan kritisk vurdere aktuelle hjelpemiddel og framgangsmåtar, samt analysere etiske problemstillingar knytt til utvikling og drift av undervisningsinstitusjonar.
Innhald
Det overordna målet for studiet er at ein som student skal utvikle kunnskap og ferdigheiter i forsking, analyse og utvikling knytt til utviklingsprosessar i undervisning, læring og i utdanningsinstitusjonar. Studiet legg vekt på å kople teori med praksiserfaringar.
Studiet er organisert med ulike studieretningar, der ein i studieretningsemna kan fordjupe seg i, spesialpedagogikk, IKT i læring eller leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren. Studiet har sitt utspring i lærarutdanningane, og gjennom studiet skal ein utvikle forståing for utvikling og drift av både dei individuelle, kollektive og samfunnsretta sidene ved utdanningsinstitusjonane. Studentane skal utvikle både evne til kritisk refleksjon og endringskompetanse.
Studieretninga spesialpedagogikk kvalifiserer for direkte arbeid med barn som treng ekstra støtte i fagleg og sosial læring i barnehage og skule. Det vert lagt vekt på eit forebyggande perspektiv for å kunne hindre utvikling av vanskar.
Studieretninga IKT i læring kvalifiserer for stillingar i utdanningssystemet. Den generelle målsettinga for studieretninga er todelt, der studentane gjennom utviklingsorientert og skapande arbeid skal utvikle avansert og inngåande kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk utviklingsarbeid der digital teknologi inngår som sentralt element.
Studieretninga leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren kvalifiserer for leiarstillingar med særleg ansvar for profesjons- og systemutvikling, samt for andre faglege roller og funksjonar i utdannings- og oppvekstsektoren.
Emna skal til saman danne eit teoretisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva, der ein som student skal gjere eit forskingsarbeid med utgangspunkt i eige forskingsdesign. Gjennom studiet skal ein få inngåande kunnskap om utdanningsforsking og akademiske arbeidsformer i møte med praksisutøving på ulike nivå i utdanningssystemet. Kunnskapsbasert handling vil vere eit gjennomgåande tema. Utdanningsforsking og akademisk kunnskapsutvikling for bruk i praktisk utdanningsverksemd vil stå sentralt. Studiet dannar eit vitskapleg grunnlag for forsking, og kvalifiserer til opptak på Ph.d.-studie.
Arbeidsformer
Studiet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Det vert lagt stor vekt på studentaktive læringsformer i studiet.
Studentane får ved opptak studierett til campus Bergen. Undervisninga vil skje dels digitalt og dels som samlingar på studiestadene Sogndal, Stord og Bergen.
Vurderingsformer
Vurderingsformer varierer mellom dei ulike emna. Det er brukt mappe, munnleg eksamen og heimeksamen. Sluttvurdering er spesifisert i den enkelte emneplan.
Krav til studieprogresjon
Alle studieretningsemne og fellesemne må vera bestått før studenten kan gå opp til eksamen i emnet Masteroppgåva
Internasjonalisering
Studieretningsemne Spesialpedagogikk og IKT i læring kan legge til rette for utveksling i 2. semester.