Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Bachelorgrad i helse- og sosialfag.
Søknadskode
1606
Poenggrense forrige opptak
31,46
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere Pleie og behandling av ikkje-helande sår?
Det er behov for personell med spesialkompetanse innan sårbehandling på alle nivå av helsetenesta.
I løpet av dei siste 10-15 åra har pleie og behandling av sår vakse fram som eit eige fag. Det vitskapelege grunnlaget for faget har også hatt ei rivande utvikling i denne perioden.
Ved å studere Pleie og behandling av ikkje-helande sår vil du få oversikt over fagområdet sine uttrykksformer, og bli i stand til å drøfte faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både på spesialistnivå og med allmenta.
Korleis er studien bygd opp?
Pleie og behandling av ikkje-helande sår er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng som er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng:
- SÅR1101 Generelle prinsipper for behandling av ikkje-helende sår
- SÅR1102 Behandling av sår forårsaket av systemiske sykdommer
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre vidareutdanninga vil du mellom anna lære om:
- Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår
- Sårbehandlinga sitt fysiologiske og patofysiologiske grunnlag
- Sår som ikkje gror, generelle behandlingsprinsipp
- Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar
- Sår forårsaka av sjukdom i venøs, arteriell og lymfatisk sirkulasjon
- Sår forårsaka av trykk, nevropati og immunologisk/inflammatorisk sjukdom
Målgruppe
Dette er studien for deg som jobbar i helsetenesta og ønskjer meir kunnskap om behandling av sår.
Undervisningsform
Kvart emne er delt inn i to tema, og kvart tema startar med ei samling på fire dagar. Her vil fleire av dei leiande ekspertane i landet førelese om utvalde emne relatert til dei aktuelle tema.
Mellom modulane vil kommunikasjon, rettleiing og innlevering gå føre seg ved hjelp av internettbaserte hjelpemiddel.
Samlingar
Alle samlingane er frå og med mandag til og med torsdag, og gjennomførast i Haugesund.
Første samling hausten 2024
Veke 36: 2.– 5. september
Innlevering (Canvas) studiekrav 1 (gruppeoppgåve): Fredag 11. oktober innan kl. 23.59.
Andre samling hausten 2024
Veke 42: 14.-17. oktober 2024.
Eksamensperiode 11. november til 29. november. Innlevering av oppgåve til rettleiing i perioden mandag 18. - torsdag 21. november kl. 9:00.
Innlevering (WISEflow) av eksamen i Sår1101 fredag 29. november før kl. 14 (obs! klokkeslett).
Kontinueringseksamen innlevering 1. mars 2024. Eksamensperiode 12. februar–1. mars 2024.
Hugs å melde deg opp til eksamen i Sår1102 før nyttår (StudWeb).
Tredje samling våren 2025
Veke 2: 6.–9. januar 2025.
Innlevering i Canvas av andre studiekrav: Fredag 3. januar innan kl. 23.59.
Fjerde samling våren 2025
Veke 10: 3.–6. mars 2024.
Eksamensperiode 14. april til 2. mai. Siste frist for innlevering av oppgåve til rettleiing: torsdag 24. april kl. 9.
Innlevering av eksamen i WISEflow i Sår1102, 2. mai før kl. 14:00.
Konteeksamen innlevering 1. september 2025. Eksamensperiode 11. august–31. august 2025.
Tilrådde forkunnskapar
Det er inga tilrådde forkunnskapar, men opptakskravet er bachelorgrad i helse- og sosialfag.
Pensum
Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.
Eksamensform
Individuell skriftleg oppgåve
.