Opptakskrav og søknad
Søknadskode i lokalt opptak
3308 Utdanning, 3309 Helse og velferd
Opptakskrav
- Bachelorgrad / grunnutdanning i ein relevant profesjon
- To år yrkespraksis etter fullført grunnutdanning
Utdanning og praksis må vere relevant for studieretninga du søkjer opptak til. Døme på relevante profesjonsområde:
- Helse- og velferdsleiing: Sosialt arbeid, barnevern, sjukepleie, fysioterapi, vernepleie
- Utdanningsleiing: lærar, barnehagelærar
Andre utdanningar på bachelornivå innan fagområda helse, velferd eller utdanning kan vurderast.
Poenggrense ved forrige opptak
-
2023: Haugesund
- Helse og velferd: 35,01
- Utdanning: Alle kvalifiserte
2023: Førde
- Helse og velferd: 31,80
- Utdanning : Alle kvalifiserte
2022: Bergen
- Helse- og velferd: 38
- Utdanning: Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere organisasjon og leiing?
Du får spisskompetanse i organisasjon og leiing spesialisert til helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren. Du vel retning ut frå din utdanningsbakgrunn. Gjennom studiet tileignar du deg både generelle og sektorspesifikke kunnskapar som gjer deg kvalifisert til leiarstillingar innan offentleg forvaltning.
I studiet lærer du:
- å forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei framstår i gjennomorganiserte samfunn
- korleis internasjonale og nasjonale, politiske føringar påverkar helse- og velferdsinstitusjonar
- korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skapar særskilde kontekstar for utøving av leiing
- å bruke vitskaplege metodar på bruksretta problemstillingar innan sektoren
I masteroppgåva di tar du utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde du har erfaring med. Du får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva.
Utdanninga veksler studiestad annakvart år. I 2024 kan du studere i Bergen. I 2025 vil det vere opptak i Haugesund og Førde.
Spesialisering helse- og velferdsleiing
Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar, helse- og velferdspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.
Spesialisering utdanningsleiing
Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av pedagogisk verksemd, utdanningspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.
Kva kan du jobbe med?
- Leiarstillingar innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren
- Administrative stillingar som krev kunnskap om handtering av saker knytt til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar
- Sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren
Korleis er undervisninga?
Vi har forelesingar, casedrøftingar, øvingar, prosjektseminar og skriftlege oppgåver.
Studiet er samlingsbasert, med rundt fem samlingar á to dagar i kvart semester.
Samlingsdatoar 2024
Samlingar hausten 2024
Datoane gjeld for begge spesialiseringane.
Samling 1
Fredag 23.08.24
Kl 13.00 - 14.45: Registrerting, lunsj og velkomst
Kl 15.00- 18.00: Undervising
Kl 19.30: Felles middag (valfri)
Laurdag 24.08.24
Kl 09.00-15.00
Samling 2
Fredag 06.09.24
Kl 16.00-20.00
Laurdag 07.09.24
Kl 09.00-15.00
Samling 3 - 3 dagar
Torsdag 26.09.24
Kl 16.00-20.00
Fredag 27.09.24
Kl 09.00-15.00
Laurdag 28.09.24
Kl. 09.00-15.00
Samling 4
Fredag 18.10.24
Kl 16.00-20.00
Laurdag 19.10.24
Kl 09.00-15.00
Samling 5
Fredag 08.11.24
Kl 16.00-20.00
Laurdag 09.11.24
Kl 09.00-15.00
Utveksling
Som student kan du reise på utveksling, viss du ønskjer det.
Kor kan du reise?