Studieplan - Norsk 2, 5.-10. trinn, nettbasert
Hausten 2023
Studietilbodet gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg i hovudsak mot undervising på ungdomssteget, men vil også vere relevant for lærarar på mellomsteget.
Innhald
Målgruppa er lærarar i skulen med minst 30 studiepoeng i norsk frå før.
Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga eller tilsvarande, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar.
Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.–10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk.
Arbeidsformer
Undervisninga er asynkron og skjer i stor grad som nettbaserte førelesningar i form av video, tekst og lyd.
Arbeidspakkane blir i regelen lagt ut éin gong i veka. Deltakarane vel når det passar den enkelte å arbeida med kvar arbeidspakke. Det er ikkje nokon faste tidspunkt for digitale møte utover det deltakarane eventuelt avtaler seg imellom.
Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i læringsportalen Canvas og i andre digitale samhandlingsverktøy. Undervisningsspråket er norsk.
Vurderingsformer
- Emne 1: Heimeeksamen og oppgåve
- Emne 2: Heimeeksamen
Internasjonalisering
Nei