Norsk 2 | 5.-10. trinn | nettbasert

Vidareutdanning på bachelornivå

Studietilbodet Norsk 2 for 5–10 (30 studiepoeng) gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg i hovudsak mot undervising på ungdomssteget, men vil også vere relevant for lærarar på mellomsteget.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Du må ha minst 30 studiepoeng i norsk frå tidlegare.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Meir om søknadsprosessen

    Målgruppa er lærarar i skulen med minst 30 studiepoeng i norsk frå før.

    Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga eller tilsvarande, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar.

    Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.–10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk.

    Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse. 

    Praktisk informasjon 

    Nettstudium

    Undervisninga er asynkron og skjer i stor grad som nettbaserte førelesningar i form av video, tekst og lyd. 

    Arbeidspakkane blir i regelen lagt ut éin gong i veka. Deltakarane vel når det passar den enkelte å arbeida med kvar arbeidspakke. Det er ikkje nokon faste tidspunkt for digitale møte utover det deltakarane eventuelt avtaler seg imellom.

    Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i læringsportalen Canvas og i andre digitale samhandlingsverktøy. Undervisningsspråket er norsk.   

    Du får tilgang til Canvas før studiestart med meir informasjon.

    Vurderingsform

    Emne A :  

    • Heimeeksamen over tre dagar, bokmål, 50 %  
    • Semesteroppgåve, 3000 ord på bokmål, 50 % 

    Emne B:

    • Heimeeksamen over fem dagar, nynorsk, 100 %  

    Pensum

    Grunnlitteratur:

    • Budal, I. B. (Red.) (2021). Norsk språkhistorie for lærarar. Fagbokforlaget.

    • Hårstad, S., Mæhlum, B. & van Ommeren, R. 2021. Blikk for språk: Sosiokulturelle perspektiver på norsk språkvirkelighet. Cappelen Damm akademisk.

    • Monsen, M. & Randen, G. T. (2022). Andrespråksdidaktikk – en innføring (2. utg.). Cappelen Damm akademisk.

    • Kverndokken, K. & Bakke, J. O. (Red.) (2023). 101 skrivegrep – en teoretisk og praktisk skrivedidaktikk (2. utg.). Fagbokforlaget.

    • Skaftun, A. & Michelsen, P. A. (2017). Litteraturdidaktikk. Cappelen Damm akademisk.

    • Slettan (Red.). (2020) Ungdomslitteratur – ei innføring (2. utg.). Cappelen Damm akademisk.

    Du får informasjon om resten av pensum ved studiestart. 

     

    To elevar i klasserommet

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærer? Her er oversikten over Høgskulen på Vestlandet sine videreutdanninger innen ordningen «Kompetanse for kvalitet».