Stabel med bøker står foran en pc, i bakgrunnen er det bokhyller med masse bøker

Norsk 1 | 5.-10. trinn | nettbasert

Vidareutdanning på bachelornivå

Studietilbodet Norsk 1 5.-10. trinn gjev grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg mot undervising på mellomsteg og ungdomssteg.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Meir om søknadsprosessen

    Kvifor studere Norsk 1?

    I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.

    Kva lærer du?

    Norsk 1 5.-10. trinn består av to emne:

    I emne 1 lærer du om arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene skriving og munnlegheit. Sentrale tema er skrivedidaktikk, munnlegdidaktikk, grammatikk og respons og vurdering. Emnet legg òg vekt korleis Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20) kan bli integrert i den norskfaglege undervisninga.

    I emne 2 lærer du om elementær tekstkunnskap, litteraturdidaktikk og arbeid med den grunnleggande ferdigheita lesing. Sentrale tema er den vidare leseopplæringa, litteratur og tekst, som litteraturteori og litteraturdidaktikk. Eit viktig perspektiv i emnet er korleis du kan arbeide med eit mangfald av tekster i klasserommet med utgangspunkt i Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20).

    Studiet legg i tillegg vekt på at du skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.

    Målgruppe

    Målgruppa for studiet er lærarar med mindre enn 30 studiepoeng i norsk i utdanninga. Studiet er nettbasert.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    I starten av semesteret vert studentane delte inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret.

    Dette studiet er eit nettbasert tilbod, og det inneber at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si.

    Studiet nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som også bidreg til å auke studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.

    Nettøkter

    Nettundervisninga består av førelesningar, presentasjoner, seminar og gruppeinndelte økter.

    Nettundervisning er torsdagar kl. 13.00-15.00.  

    Du får tilgang til læringsportalen Canvas før studiestart med meir informasjon.

    Tilrådd forskunnskap

    Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart.

    Eksamensform

    • Emne 1: Mappevurdering, to skriftlege tekstar og ei videoinnlevering 
    • Emne 2: Individuell heimeeksamen på ei veke

    Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Vikar- eller stipendordning kan du søke gjennom Udir.

    Andre interessante studietilbod

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærar? Her er oversikta over vidareutdanningar innan ordninga «Kompetanse for kvalitet» frå Høgskulen på Vestlandet.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs