Kvifor studere medisinsk laboratorieteknologi?
Som bioingeniør opplever du stadig auka krav til effektivisering og kvalitetssikring - til dømes eit auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar.
På masterprogrammet i medisinsk laboratorieteknologi får du vidareutvikla kompetanse din som bioingeniør. Du får innsikt i nyare, avansert teknologi og medisinske laboratorieanalysar. Masterprogrammet har ei forskingsbasert tilnærming der du som student blir utfordra til å vere utforskande, reflekterande, kritisk og evaluerande. Du vil få jobbe tett på eit forskingsmiljø gjennom praktiske øvingar. Her vil du opparbeide deg ferdigheiter som gjer deg i stand til å vere ein aktiv og verdifull deltakar i forskingsprosjekt.
Kva kan du jobbe med?
Med master i medisinsk laboratorieteknologi blir du kvalifisert for stillingar som fagbioingeniør, forskingsarbeid, fagleg leiing samt undervisning og rettleiing. Du kan arbeide på ulike nivå og deler av helsetenesta, og ved forsking og utdanningsinstitusjonar.
Korleis er undervisninga?
Masterprogrammet i medisinsk laboratorieteknologi har fleksible undervisingsformer. Digital undervising blir kombinert med samlingar på campus Bergen. Samlingane varer mellom to og fire dagar, og blir arrangert ein til to gonger per semester, avhengig av emne. På samlingane er det lagt opp til studentaktivitet slik som seminar med studentframlegg og diskusjon, gruppearbeid og øvingsoppgåver.
Den digitale undervisninga består av webinar og gode læringsressursar i form av videoførelesingar, instruksjonsvideoar, interaktive element, og sjølvtestar. Læringsplattforma Canvas blir brukt for digital undervisning og for kommunikasjon mellom lærarar og studentar mellom samlingane.
Enkeltemne
Du kan ta fleire av emna i mastergraden som enkeltemne utan å søke opptak til heile masterstudiet. Sjå tilgjengelege enkeltemne ved HVL.
Om du seinare søker opptak til studiet får du emna godkjent som ein del av mastergraden. I tillegg kan du søke om godkjenning av andre emner som er relevante for å oppnå læringsutbyttet.
Utveksling
Det er mogleg å ha eit studieopphald i utlandet.
Vidare studiar
Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.