Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.
Kvifor studere Matematikk?
Som lærar i matte kan du vere med å forme og inspirere kommande generasjonar til å skape ei positiv haldning til matte - eit fag som for nokre elevar kan verka skremmande. Ein god mattelærar på barnetrinnet, kan vere avgjerande for korleis elevane meistrar matte vidare på skulen.
Kva lærer du?
Du skal utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for matematikkundervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Du skal arbeide med dei matematiske tema tal og talforståing, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning.
Du skal lære om bruk av digitale verktøy og reflektere kring korleis bruk av digitale verktøy kan vidareutvikle matematikkfaget.
Den praktiske erfaringa du har vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Målgruppe
Matematikk 1, 5-10. trinn er retta mot deg som ønskjer å undervise i matematikk, men som har færre enn 30 studiepoeng i faget.
Undervisningsform
Dette er eit reint nettstudium. Nettøktene består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.
Du skal levere inn fire arbeidskrav per semester. Nokre av arbeidskrava krev at du gjennomfører undervisningsopplegg i eiga matematikklasse.
Du nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom i kommunikasjonen med høgskulen. Du får tilgang til Canvas før studiestart med mer informasjon.Etter opptaket får du ei innføring i bruk av Canvas og Zoom.
Du finn meir informasjon i emneplanen:
Nettøkter
Nettstudiet er lagt opp til éi nettsamling á to timar måndagar 14.00-16.00 kvar veke.
Tilrådd forkunnskap
Du må vere lærar i grunnskulen.
Pensum
Du vil motta informasjon om pensum ved studiestart.
Eksamensform
Kvart emne vert avslutta med ein individuell munnleg eksamen som du gjennomfører på nett.