Studieplan - Mat og helse 1
Hausten 2023
Mat og helse 1 er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i heile grunnskulen. Her får studentane ei innføring i faget sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon.
Innhald
Vidareutdanninga består av to emne på 15 studiepoeng kvar:
Emne 1 gjev ein innføring i matvaregrupper, tilverking av mat, sensorikk og på mat og måltid si tyding for utjamning av sosial ulikheit i helse.
Emne 2 fokuserer særleg på den helsemessige dimensjon av mat og måltidet. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å foreta helsefremjande, berekraftige og førebyggjande kosthaldsval.
Arbeidsformer
- Forelesningar
- Individuelt arbeid mellom samlingane
- Gruppearbeid
- Demonstrasjon/forevisning
- Muntleg og skriftleg presentasjon
- Sjøvstudium
- Utprøving av elektronisk læremiddel mellom samlingane med ei mat- og helseklasse i grunnskulen
Vurderingsformer
- Emne 1 - munnleg eksamen
- Emne 2 - praktisk ekamen
Internasjonalisering
Nei