Studieplan - Bachelor i Maritime Management
Hausten 2024
Bachelor i maritime management (BAMM) er ein skreddarsydd overgangsordning frå fagskule til bachelorgrad, og er for kandidatar med utdanning frå maritim fagskule med fordjuping dekksoffiser eller maskinoffiser.
Bachelorprogrammet går på deltid, slik at ein kan ta studiet parallelt med arbeid på sjøen eller i landbasert maritim næring. Det er ikkje mogleg å tilpasse studieprogrammet til kvar einskild student, men programmet blir lagt opp med stor fleksibilitet og vil derfor passe godt for dei fleste.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Kandidaten
- Har brei kunnskap om maritim IT, systema om bord, ulike grader av automatisering og utfordringar knytt til IT-tryggleik
- Har brei kunnskap om maritim økonomi og logistikk
- Har brei kunnskap om risikostyring og kvalitetsleiing
- Har brei kunnskap om organisasjon og leiing, inkludert prosjektleiing
- Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan maritim management
- Er kjent med forskings- og utviklingsarbeid knytt til maritim management
- Kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet, mellom anna gjennom litteratursøk, kontakt med ulike fagmiljø og revisjon av eigen praksis
- Har eit heilskapleg perspektiv på maritim management, og kjennskap til den maritime næringa si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- Har grunnleggjande kunnskap om innovasjonsprosessar som medverkar til utvikling av maritim næring
FERDIGHEITER
Kandidaten
- Kan sjå dei ulike fagområda under maritim management i samanheng, og kan på denne måten nytta kunnskap, ferdigheiter og kompetanse frå fleire område på ei problemstilling
- Forstår dei ulike systema om bord, styrker og manglar, kjenner til utfordringar knytt til IT-tryggleik og kan nytte IT-teknisk kompetanse til å vere med og sikre ulike system
- Forstår dei ulike systema om bord, deira styrker og manglar, og kjenner til utfordringar knytt til IT-tryggleik
- Kan leie eit prosjekt og nå målsettingane for prosjektet i tråd med budsjettramma
- Forstår oppbygginga av organisasjonar, og kan nytta relevante organisasjons-, motivasjons- og leiingsverktøy
- Kan nytta fagleg kunnskap frå maritim management og grunnlagsfag, eigne erfaringar og relevante resultat frå forsking og utvikling, på praktiske og teoretiske problemstillingar og ta grunngjevne val
- Kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og leggje dette fram slik at det synleggjer ei problemstilling knytt til maritim management
- Kan nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer frå maritim næring
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan tema som maritim IT, organisasjon og leiing, prosjektleiing, risikostyring og kvalitetsleiing
- Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar til ulike målgrupper på både engelsk og norsk
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn frå fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i det maritime fagfeltet
- Har utvikla eit grunnlag for utvikling av analytisk evne og vilje, og tileigna seg teoretisk kunnskap til å fortsetje med studium på masternivå i inn- og utland
Sjå emneskildringane for utfyllande informasjon om emna som inngår i studieprogrammet.
Arbeidsformer
Studiet er samlingsbasert med nettøkter. Undervisnings- og læringsmetodane er varierte og tar sikte på å få studentane til å delta aktivt og øve seg i sjølvstendig tenking. Læringsaktivitetane varierer, med mellom anna førelesningar, løysing av øvingar i grupper og problembasert læring. I tillegg til individuelt arbeid blir ein oppmoda til gruppearbeid gjennom heile programmet.
Vurderingsformer
Vurderingsformene ved maritim utdanning har to formål:
1. Dei skal gi studentane tilbakemelding på kvar dei står fagleg og dermed leggje til rette for forbetring.
2. Dei skal seie noko om studentane sitt læringsresultat.
Karakterskalaen utgjer bokstavkarakterane A-F eller bestått / ikkje bestått. Karakterane A-E viser at studenten har bestått kurset, og karakteren E indikerer at minimumskrava i emnet er dekka. Karakteren F er stryk. Karakteren C reflekterer eit godt og solid fagleg resultat.
Internasjonalisering
Maritim utdanning gir moglegheiter for utveksling til utdanningsinstitusjonar i Europa innan EU-programma Sokrates/Erasmus og Leonardo da Vinci. Utvekslinga kan vere av ulik lengd og innhald. Høgskolen kan og tilby opphald ved samarbeidsinstitusjonar i andre verdsdeler i løpet av studietida. Ta kontakt med studierettleiar for å få vite meir om internasjonalisering i studiet.