Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Høgare utdanning på minimum 120 stp. innanfor teknologiske/økonomiske/IT-fag, inkludert grunnleggande kunnskapar i bedriftsøkonomi, statistikk og organisasjonsfag.
Poenggrense ved forrige opptak
-
Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere logistikk?
Du får konkrete kunnskapar innan:
- innkjøp og materialforsyning
- produksjon og prosessforbetring
- transport og distribusjon
- leiing av forsyningskjeder
Dette er kompetansefelt som er avgjerande for kostnadseffektivitet og konkurransekraft. Kunnskapen du får er svært ettertrakta, for det er stor mangel på logistikk-kompetanse i næringsliv og offentleg sektor.
Du kan studere årsstudium logistikk på campus Bergen.
Gjennom studiet får du:
- oversikt over heilskapen i logistikk-kjeda
- innsikt i dei ulike funksjonane i logistikkområdet og Supply Chain Management
- inngåande kjennskap til aktuelle metodar og teknikkar innan logistikkområdet
Under føresetnad om tilstrekkeleg tal deltakarar, vil det bli arrangert studietur til utlandet i september/oktober.
Dersom du tar bachelor i økonomi og administrasjon ved HVL campus Bergen, kan du ta logistikk som 3. året ditt.
Kva kan du jobbe med?
Du blir kvalifisert for interessante jobbar innan materialadministrasjon, innkjøp, produksjon, distribusjon/transport, prosessforbetring med meir.
Korleis er undervisninga?
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, oppgåver og caseløysing, gjesteforelesingar og bedriftsbesøk. Du vil få oppgåver der du skal studere logistikksystema i ulike bedrifter. I 2. semester skriv du prosjektoppgåve der du skal analysere reelle, praktiske problem for ei verksemd. Alternativt kan ein velja internship i ei verksemd og erfaringsrapport.
I emne der det blir krevd forprøvar (innleveringar eller øvingar på datalab), må desse vere godkjende før du kan gå opp til eksamen.
Lær meir om årsstudiet i logistikk i denne videoen:
Kor kan du reise?
Belgia | EPHEC University College