Studieplan - Jus, årsstudium
Hausten 2024
Årsstudiet i jus gir grunnlegjande kunnskapar og ferdigheiter i jus. Dette er nyttig i seg sjølve, men kan og danne grunnlag for videre juss-studiar. I tillegg gir studiet ei innføring i juridisk metode, som vil seie dei prinsippa og dei kjeldene juristar nyttar når dei finn fram til innhaldet i rettsreglar, og korleis ein går fram når ein nyttar reglane til å å finne løysinga på konkrete problem. Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor. Årsstudiet i jus passar for dei som ønskjer å styrke kompetansen sin på arbeidsmarknaden, for dei ønskjer å lære om jus som fag, og som ein start for dei som vil bli juristar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten
har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet
har innsikt i korleis rettssystemet er bygd opp og kva verdiar det kviler på
forstår forskjellen mellom utøving av offentleg mynde og privat autonomi
har grunnleggjande kjennskap til juridisk metode
har gode kunnskapar innan utvalde rettsområde som arv- og familierett, kontraktsrett, erstatningsrett og tings- og immaterialrett.
Ferdigheiter
Kandidaten
har grunnleggjande ferdigheiter i å tolke og å bruke lovreglar på konkrete problemstillingar
kan framstille innhaldet i rettsreglar for andre
kan identifisere problemstillingar som krev juridisk utgreiing
kan analysere eit juridisk problem munnleg og skriftleg.
Generell kompetanse
Kandidaten
har eit godt grunnlag for vidare studium som kan gje bachelor- eller mastergrad i jus eller i andre fag
har grunnleggjande ferdigheiter i analyse- og argumentasjonsteknikk
har forståing for korleis rettsreglar verkar inn på offentleg og privat verksemd
har forståing for korleis rettssystemet er med på å sikre føreseielege vilkår for økonomisk samhandling og utøving av offentlege mynde.
Innhald
Studiet gir opplæring i dei grunnleggande ideane som rettsstaten kviler på, og ein lærer om koplinga mellom jus og dei verdivala rettsreglane byggjer. Det blir gitt innføring i den metoden juristar nyttar når dei løyser juridiske problem (juridisk metode) og innføring i viktige og grunnleggjande juridiske emne.
Det blir undervist i ex fac (juridisk forprøve), arve- og familierett, kontraktsrett, erstatningsrett, tings- og immaterialrett og juridisk metode.
Arbeidsformer
Førelesingar, seminar, arbeidsgrupper, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar, skriftleg arbeid med tilbakemelding og sjølvstudium.
Det er mykje obligatorisk undervisning gjennom heile semesteret, og denne er i hovedsak fysisk på campus Sogndal. Studiet egner seg difor ikkje som fjernstudium. Alle emne har krav til 80% samla deltaking på seminar. I tillegg er det krav om obligatoriske øvingsoppgåver i dei fleste emna. Emnet examen facultatum (juridisk forprøve) har andre arbeidskrav i tillegg. For å kunne ta eksamen i eit emne må alle arbeidskrav vere godkjende.
Vurderingsformer
Formene for sluttvurdering varierer mellom skriftleg og munnleg skuleeksamen og fleirvalseksamen.
Ved skuleeksamen gjeld det nærare reglar om bruk av hjelpemiddel. Normalt er det berre høve til å nytte Lovdata pro i eksamensmodus, med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeida, forskrifta, rettspraksis frå Høgsterett og lagmannsrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelde, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna, samt bokmål/nynorsk ordliste