Del 1: Innføring i universitetspedagogikk

Del 1 i utviklingsprogrammet for basiskompetanse i universitetspedagogikk

Dette er eit innføringsemne som alle som tar basiskompetanseprogrammet må ha. Innføringsemnet tilsvarar det tidlegare kurset i høgskulepedagogikk, og dersom du har tatt dette tidlegare, vil du få det godskrive.

Campusar ved HVL

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Mastergrad.

    Studiet er for ansatte ved HVL. 

    Om å søkje opptak
    Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Vel rad for «Oppdrag høsten 2024».

    Om å søke opptak til HVL

    Du kan ta kurset om hausten

    Hausten 2024 vil me tilby innføringsemne som er del 1 av studieprogrammet i universitetspedagogikk, både på norsk og på engelsk.

    1. mars opnar søknadsweb for deg som vil melde deg på kurs i universitetspedagogikk studieåret 2024/25. Dette gjeld både for deg som vil melde deg på innføringsemnet (del 1) og deg som vil melde deg på fagdidaktisk fordjuping (del 2). For å oppnå basiskompetanse i universitetspedagogikk treng ein både del 1 og del 2 av studiet.

    For å søke på studiet må du gå inn i søknadsweb. Finn «oppdrag» og klikk deg inn. I nedtrekksmenyen finn du studiet. Her vel ein om ein vil søke på det norske eller det engelske kurset.

    Samlingsbasert

    Emnet er samlingsbasert og går over to samlingar med tilhøyrande før- og etterarbeid. 

    Plan for samlingar 2024

    Veke 38 

    • A-klassen (norsk) og engelsk klasse: mandag-tysdag
    • B-klassen (norsk): torsdag-fredag

    Veke 48

    • A-klassen (norsk) og engelsk klasse: mandag-tysdag
    • B-klassen (norsk): torsdag-fredag

    Stad for samlingane vil vera Kronstad, Campus Bergen

    Emneplan 

    Emnet gir ei innføring i feltet høgskulepedagogikk, og har ein kritisk reflekterande og forskande tilnærming til utvikling av læring og undervisning i høgare utdanning.

    Du finn meir informasjon i emneplanen for HSPED801 Innføring i universitetspedagogikk.