Hopp til innhald

Studieplan - Master i idrettsvitskap

Hausten 2024

Master i idrettsvitskap er ei utdanning der du både går i djupna og breidda. Du spesialiserer deg innan to av dei tre fordjupingane fysisk aktivitet og folkehelseprosjekt, danning og læring i idrett og friluftsliv, og trening og prestasjon. I utdanninga skal du også fordjupe deg innan eit sjølvvalt idrettsvitskapleg retning (kvalitative analyser og prosjektplan eller måleeigenskaper, statistikk og prosjektplan).

Studiet passar godt for deg som vil arbeide i idretten, friluftsliv, helsefremjande arbeid. Innan idretten kan det til dømes vere som trenar, instruktør eller leiar i både breidde- og toppidretten. Innan friluftsliv kan det vera jobbar knytt til folkehøgskule, naturbasert reiseliv eller friluftsliv i helsesektoren. I helsefremjande og førebyggjande arbeid kan det til dømes vera jobbar innan treningssenterbransjen, som folkehelsekoordinator, på frisklivssentral eller rehabiliteringssenter. Døma ovanfor viser eit mangfald av jobbmoglegheiter både innan frivillig, offentleg og privat sektor, fylkeskommunal og statleg forvaltning, forsking og utdanning.

Saman med årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan du vera kvalifisert for undervisningsstilling i kroppsøving, idrettsfag eller andre stillingar i grunnskulen (trinn 5.-10), i vidaregåande skule eller høgare utdanning. Fullført masterstudium med gode studieresultat, det vil seie normalt B eller betre på masteroppgåva og eit gjennonsnitt på B for studiedelen, vil kvalifisere for opptak på doktorgradsprogramma ved HVL og relevante doktorgradsprogram ved høgre utdanningsinstitusjonar.

Læringsutbytte

Etter fullført master i idrettsvitskap skal kandidaten ha følgjande samla læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten

  • har avansert kunnskap og spesialisert innsikt i det idrettsvitskaplege felt
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetodar og forskingsetiske spørsmål innan idrettsvitskap
  • kan bruke og belyse tverrfagleg kunnskap på tradisjonelle og nye område innan idrettsvitskap

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan anvende ulike omgrep, teoriar og undersøkingar innan idrettsvitskap og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing innanfor idrettsvitskap
  • kan bruke relevante forskingsmetodar til innsamling, produksjon og analyse av data
  • kan analysere og kritisk vurdere vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder og bruke desse til å utforme faglege resonnement innanfor idrettsvitskap
  • kan legitimere og analysere faglege problemstillingar i idrettsvitskap med vekt på faget sin eigenart og relevans i samfunnet
  • kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under vegleiing

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan formidle eige forskingsarbeid og kan anvende idrettsvitskapleg språk og terminologi
  • kan kommunisere med ekspertar og allmenta om problemstillingar, analysar og konklusjonar på idrettsvitskaplege område nasjonalt og internasjonalt.
  • kan bidra til nytenking, innovasjonsprosessar og utvikling av ny kunnskap knytt til idrettsvitskaplege problemstillingar
  • kan drøfte forskingsetiske problemstillingar innanfor idrettsvitskap, og reflektere om rolla til forskaren i forskingsprosessen

Innhald

I første studieår lærer studentane vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetode som gjer dei i stand til å vurdere anna forsking og planlegge og gjennomføre eit idrettsvitskapleg forskingsprosjekt. I tillegg får dei tverrfagleg kompetanse i korleis ulike perspektiv på bevegelse er relevant for kunnskapsutvikling om læring, trening og folkehelse. Studentane vel vidare fordjuping innanfor to av dei tre følgjande tema; 1) fysisk aktivitet og folkehelseprosjekt, 2) danning og læring i idrett og friluftsliv eller 3) trening og prestasjon. Andre studieår nyttast til å gjennomføre og rapportere eit sjølvstendig idrettsvitskapleg forskingsprosjekt under rettleiing.

Praksis

Ingen praksis.

Arbeidsformer

Hovudarbeidsforma i første studieår er førelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid. I andre studieår arbeider studentane med masteroppgåva som eit individuelt skriftleg forskingsarbeid. Studentaktive læringsformer i grupper, individuelt, i grupper og saman med vegleiar er særleg vektlagt. I arbeidet med masteroppgåva får kvar student tildelt vegleiarar.

Vurderingsformer

Studieprogrammet nyttar obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Obligatoriske læringsaktivitetar varierer frå emne til emne, men er basert på presentasjon av individuelt arbeid og gruppearbeid, både munnlege framføringar og skriftlege innleveringar. Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjende av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Sluttvurderingar i emna er ein sentral del av læringsprosessane fram mot masteroppgåva. Vurderingsformene varierer mellom emna, og samla får studentane erfaring med ulike vurderings- og eksamensformer som munnleg eksamen, individuell skriftleg eksamen, heimeeksamen og masteroppgåve. Ved sensur av emna blir karakterskalaen A-F, eller greidd/ikkje greidd nytta.

Krav til studieprogresjon

Studenten må ha godkjent obligatoriske læringsaktivitetar i dei ulike emna for å kunne gå opp til eksamen.

For å få levere masteroppgåva må kandidaten ha bestått 60 studiepoeng frå første studieår.

Internasjonalisering

Det er moglegheiter for utveksling.

Utanlandsopphald kan leggast til 2. semester for å ta emne ved eit anna universitet eller til 2. studieår for arbeid med masteroppgåva i utlandet.