Hopp til innhald

Studieplan - Årsstudium idrett og trening

Hausten 2024

Årsstudiet er retta mot personar som er interessert i idrett og trening. Studieprogrammet gir forskingsbasert kunnskap om verknader av ulike former for trening og fysisk aktivitet, samt kunnskap om idretten sin eigenart og plass i samfunnet. Du vil lære å planlegge, legge til rette for, leie og evaluere trening for ulike målgrupper og individ. Studiet tek òg opp samfunnsaktuelle og etiske problemstillingar knytt til idrett og trening. Vidare er utdanninga ei grunnutdanning for deg som ynskjer å jobbe med idrett og trening inn mot andre menneske.

Studiet kvalifiserer til vidare opptak på bachelor i idrett, trening og helse og bachelor i friluftsliv ved HVL. Etter fullført bachelor med samla karakterkrav C er ein vidare kvalifisert til opptak på master i idrettsvitskap. Frå og med hausten 2025 er det krav om mastergrad for å søke praktisk-pedagogisk utdanning (sjå eigne opptakskrav) ved HVL.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Læringsutbytte

Etter fullført årsstudium i idrett og trening skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten

  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan idrett og trening
  • har kunnskap om å planlegge, legge til rette for, leie og evaluere trening for ulike målgrupper
  • har kunnskap om idrettens historie, tradisjonar, verdiar, eigenart og plass i samfunnet
  • kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområde idrett og trening

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan planlegge, legge til rette for og leie aktivitet og trening for ulike målgrupper og justere denne under rettleiing
  • kan observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske og teoretiske oppgåver
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder som er aktuelle for ei gitt problemstilling
  • kan meistre bruk av digitale hjelpemiddel innan fagområdet idrett og trening

Generell kompetanse
Kandidaten

  • har evne til å framstå profesjonelt og kan reflektere over eigne haldningar og etisk medvit
  • kan planlegge, legge til rette for, leie og evaluere ulike former for trening
  • kan utveksle erfaringar og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og trening
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan dei aktuelle fagområda

Innhald

Årsstudium idrett og trening tilsvarar 60 studiepoeng på fyrste studieår i bachelor idrett, trening og helse, studieretning idrett, trening og prestasjon og studieretning trening, fysisk aktivitet og helse. Dette er emna:

Danning og akademisk handverk 7,5 sp (haust)

Treningslære 15sp (haust)

Pedagogikk og coaching 15sp (vår)

Idrett og samfunn 7,5 sp (vår)

Aktivitetslære 15 (haust og vår)

Praksis

Praksis vil gjennomførast på ulike arenaer, til dømes innan idretten eller i opplæring-/oppvekstsektoren.

Punktpraksis (ca. 20 arbeidstimar), aktivitetsleiing knytt til emnet aktivitetslære.

Arbeidsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Det vil vere praktisk undervisning i større og mindre grupper utandørs, i idrettshall og treningssal. Studentane vil få erfaring med ulike typar laboratoriearbeid. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

I studieprogrammet vert det nytta ulike obligatoriske læringsaktivitetar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet.

Vurderingsformer

Studieprogrammet har skriftlege, munnlege, praktiske og digitale obligatoriske læringsaktivitetar, individuelt og i gruppe. Variasjon i vurderingsformer vert vektlagt og følgjande evalueringsformer vert nytta: heimeeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, praktisk eksamen og skriftleg oppgåve i gruppe.

Internasjonalisering

Ingen