Samling i Florø
Samling for dei som tek kurset i Florø:
Kinn utdannings- og ressurssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø
6. mars 2024
kl. 12:00 - 16:00
Samling på Voss
Samling for dei som tek kurset på Voss:
Voss Heradshus
18. mars 2024
Kl. 11:30-15:30
Undervisningsform
Emnet består av ei felles samling utanfor HVL sin campus, digitalt kursmateriale og gruppearbeid.
Alle som deltar på samlingsbaserte kurs er saman på samling, uavhengig av om ein tar kurset som etterutdanningskurs eller studiepoengskurs.
I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal du jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Du får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.
Ein kan ta etterutdanningskurs på to nivå:
- Introduksjon: Halvdagssamling og tilgang til digitalt støttemateriale. Kursbevis blir gitt etter deltaking på halvdagsseminar. Arbeidsmengden er rekna til å vere om lag 10 timar om ein ser gjennom det digitale materialet.
- Grunnkurs: Halvdagssamling og digitalt materiale. Kursbevis blir gitt etter deltaking på halvdagsseminar og bestått digital test. Arbeidsmengden er rekna til å vere 25–30 timar.
Eksamensform
Dei studiepoenggivande kursa er på 2,5 studiepoeng og har obligatoriske arbeidskrav og eksamen. Eksamen er bestått / ikkje bestått
Om ein tar kursa som etterutdanningskurs har ein ikkje eksamen, men obligatoriske arbeidskrav. Om du tar kurset som etterutdanning grunnkurs må du ha bestått ein digital test for å få kursbevis.
Kvifor studere Helsesystem og helsebehov til eldre?
Behov og forventningar til helsetenester for eldre er ulike og dei kan endre seg med tid og kontekst. Det er difor viktig å forstå korleis ein kan nytte tenester på ein god måte og kva tiltak ein bør iverksette. I dette kurset får du bygge din kompetanse på ulike tiltak du kan iverksette med fokus på korleis du kan få dei gjennomført.
Kva lærer du?
Studiepoengskurs
Etter å ha gjennomført kurset som studiepoengskurs på masternivå vil du:
- Ha inngåande kunnskap om sentrale innovasjonar innan helse- og sosialpolitikk, system og tenester for eldre vaksne.
- Kunne analysere tenester for og deltaking av eldre vaksne på eit personleg nivå og på samfunnsnivå.
- Kunne bruke tilegnet kunnskap til å foreslå og gjennomføre tiltak i tverrfaglege team
- Kunne bidra til helsefremjande initiativ for eldre personar, inkludert dei som tilhøyrar sårbare grupper
Etterutdanningskurs
Tar du kurset som etterutdanningskurs vil du lære om sentrale innovasjonar, system og tenester innan helse-og sosialpolitikken. Du vil jobbe i gruppe rundt eit helsefremjande, tverrfagleg initiativ for eldre personar og vurdere korleis slike tiltak kan bli gjennomført i eigen kommune.
Målgruppe
Kurset er for klinikarar, leiarar og administrativt tilsette i helserelaterte organisasjonar. Studiepoenggivande kurs er på masternivå og krever bachelorgrad. Etterutdanningskurs har ingen utdanningskrav. Denne kursformen er tilpassa deltakarar med eit stort spekter erfaingar og utdanningsnivå